Reingjelding

Frå Alnakka.net
Rein og reindrift
rein • svalbardrein • skogsrein • karibu (grønlandsrein, skogskaribu, pearykaribu) • reinlav • reindrift • sytingsrein • merking • gjelding • kjørerein • pulk • kløv • raide Mjølk: mjølking • ost Kjøtt: slakting Helse og velferd: slubbo Reindrift etter område: Island • Grønland • Nord-Amerika • Skottland • Sørishavet
Kjørereinar er normalt gjelda. Her ser vi kanefart med rein ved det tidlegare Fjeldsæter Turisthotel i Bymarka i Trondheim ein gong kring 1905.

Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hannreinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vara med på å skapa ro i större reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein viss grad av testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne tekn til å vara ovel i to–tre dagar etter inngrepet.[1] Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte olovlig, og i dag föregår gjeldinga normalt med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen.[2]

Fotnotar

  1. Rönnow, Carlo: Renskötseln hos Arjeplogs fjällsamer med särskild hänsyn till Arjeplogs lappby : naturgeografiska förutsättningar och utformning. (Meddelanden från Lunds Universitets Geografiska Institution; 219) 1944.
  2. Ot.prp. nr. 68 (1999-2000), 3.2.2.: Kastrering

Pekarar