Ravi Varma

Frå Alnakka.net
Rādjā Ravi Varma

Rādjā Ravi Varma (f. 29. april 1848, d. 2. oktober 1906) var ein keralsk kunstmålar. Han er særleg kjent for olike framstillingar av bildevakre indiske kvinnor og gudinnor og var truleg den som hadde mest å seie for utviklinga av hinduistiske gudeframstillingar som naturlege, men perfekte menneske.

Kvinne med lys.

Liv

Ravi Varma vart fødd som prins i Kilimanoor-slottet i Travancore. Han begynte tidleg med å tekne og måle og fikk etter kvart undervisning; først av onkelen sin, seinare av slottsmålaren i Travancore, og han meistra den sørindiske thandjorstilen. Med prøving og feiling og med hjelp frå den dansk-britiske kunstnaren Theodor Johnson, lærte han å bruke oljefargar og å måle på europeisk vis. Etter kvart var det denne stilen han skulle vele å vidareutvikle for indiske motiv.

Varma gifta seg i 1866 med ei prinsesse frå kongehuset i Travancore.

Han vart kjent som kunstnar i 1873 da han vann førsteprisen på kunstutstillinga i Madras for «Nair Lady at her Toilet», som òg vart premiert på verdsutstillinga i Wien samma året. Han skulle få fleire prisar seinare, men òg viktig støtte og oppdrag frå styresmaktene. Blant anna vart han velt ut av Madras-guvernøren til å følgje med den britiske kronprinsen og måle høgdepunkta frå rundturen hans i India. Han vart invitert til kongane i Baroda og Mysore for å måle dem.

Kona til Varma dødde i 1891. I 1894 grunnla han eit trykkeri, Ravi Varma Fine Arts Lithographic Press i Mumbai, som skulle få stor innflytelse på det indiske kunstsynet. Han budde fleire år i Mumbai og laga mange måleri av marāṭhīkvinnor der.

Den siste delen av livet sitt fungerte Varma som verje for den mindreårige kongen av Travancore, og det vart mindre tid til måling. Han var likevel ein viktig figur i kunstverda fram til han dødde av diabetes i 1906 — og etterpå.

Verk

Som motiv velte Varma ofte tema frå dei hinduistiske eposa Mahābhārata og Rāmāyaṇa, men han måla òg mange vanlege indiske kvinnor — frå keralske mødrer til landsbyjentor. Medan han heldt seg til konvensjonane som sa at gudar for eksempel hadde to par armar eller fleire fjes, er det stor likheit mellom gudar og menneske i måleria hans. Dei er alle realistisk proporsjonert, men elles idealisert i utsjånaden.

Måleria til Varma vart veldig populære i samtida hans, og dei vart både kopiert og plagiert. Dei inspirerte heile den såkalla «kalenderkunst»-industrien av liknande gudebilde for kvardagsbruk, som framleis er viktig i India på 2000-talet.

I 1990-åra vart interessa for Varma sine verk vekt da blant anna auksjonshusa Christie’s og Sotheby’s selte måleri av honom. Varmabilda vart ein del av populærkulturen att og dukka blant anna opp i ein musikkvideo på MTV.

Varma har vorte både lovprist og kritisert for å ha innført ein europeisk-inspirert måte å avbilde gudar og mytologiske heltar på som etter kvart overskygga mange tradisjonelle kunstformer. Han har vorte skulda for å ha måla glansbilde, kvinnor som berre er til fryd for augone. På den andre sida gikk kvinnetypen hans inn i kulturen, slik at ein kunne skildre ei ovanleg vakker kvinne som «som komma utur eit Ravi Varma-bilde».

Mange av verka til Varma er samla i Napier Museum i Thiruvananthapuram, hovudstaden i Kerala.

Utvelte verk

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon