Potetkakor

Frå Alnakka.net

Potetkakor eller lumpor er ein type småe lefsor med potet som hovudingrediens. I mange hus på Nordmør, og mange andre plassar òg, kunne potetkakor — gjerne steikt direkte på toppen av vedkomfyren — vara bortimot fast tilbehør til nonsmaten. [Bur du i eit hus utan vedkomfyr, kan du sjølvsagt òg steikje dem på elektrisk takke eller törr steikjepanne.] Potetkakone kjem best til sin rett når vi et dem med ekte smör, og i tillegg kan vi ha brunost på. For den som likar søtt, er de gode med smör og sukker, eventuelt òg kanel, på.

Oppskrifter

Potetkakor frå Nordmør

Ingrediensar

— kokte, skrelte potetarbyggmjølkveitemjøl 

Framgangsmåte

Mal eller gni potetane til massen er jamn og fin. Tak potet nok til éi kake, bland med litt mjøl (minst mulig). Form emnet som ei kule, klem det litt ut og kjevl det ut med rutekjevle til det er eit par mm tjukt. Steik potetkaka på begge sidone på takke eller törr steikjepanne.

Servér potetkakor til kaffe / nonsmat (ettermiddagsmat) / brødmåltid. Etast med smör og enten ost eller sukker og eventuelt kanel.