Portugisarjødar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Typisk portugisarjødisk ketubbá frå Amsterdam frå 1718.

Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet.

Portugisarjødane er ei eiga gruppe som med sine tradisjonar, musikk og språk skil seg ut frå bl.a.:

Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya före utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím.

Portugisarjødane hade varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald för alle jødar, men unntaket för portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år före heile jødeparagrafen vart oppheva.

Omgrep

Det finst mange olike omgrep i bruk attmed portugis(ar)jødar. Blant dem kan nemnast spanjolar, ponentinske jødar, jødar av den portugisiske nasjon og vestlige sefardím.

Gruppa har til dels òg gått under namn av typen spanske jødar (særlig bruka i Italia) eller rett og slett spanjolar (særlig i Danmark, og da til forskjell frå spaniere, som blir bruka om ikkje-jødar frå Spania). Dei her namna heng ihop med at gruppa fram til 1492 i all hovudsak heldt til i dei områda vi i dag kjenner som Spania. Blant italienske jødar blir omgrepet Ebrei Spagnoli (‘spanske jødar’) ofte bruka. Merk at det her omgrepet inkluderer etterkommarane etter dei jødane som vart utvist frå kongedømmet Napoli i tillegg til dei typiske portugisarjødane (altså conversos («nykristne», skjulte jødar) og etterkommarane deras). I Venezia vart ofte portugisarjødane omtala som ponentini (vestlige) för å skilje dem ut frå levantini (austlige, osmanske) sefardím.

Eit anna omgrep som har vore ein god del bruka, særlig på Dei britiske øyane, i USA og i Canada er spanske og portugisiske jødar. Det her omgrepet har bakgrunn i at mange spanske jødar søkte ly i Portugal etter utvisinga av jødane frå det meste av Spania i 1492. Da jødedommen vart forboden i Portugal òg, var tvangskonvertering ein vanligare undertrykkingsmåte enn utvisning. Mange av familiane som levde som skjulte jødar i Portugal greidde seinare å flykte til andre land, og med si blanding av spansk og portugisisk bakgrunn og varierande nasjonal identitet vart dei gjerne kalla spanske og portugisiske jødar.

Omgrepa portugis(ar)jødar og jødar av den portugisiske nasjon har særlig vore bruka i Nederlanda og i Hamborg/Slesvig-Holsten og Skandinavia i nord, så vel som kring det sørvestlige Frankrike i sør. Det ser ut som det her omgrepet, der det spanske elementet er nertona, oppstod på grunn av at dei spanske og portugisiske jødane trong å distansere seg frå Spania i tidene med politisk spenning og krig mellom Spania og Nederlanda på 1600-talet. I Bayonne og Bordeaux i det sørvestlige Frankrike var det trulig nærheita til spanskegrensa som gjorde det politisk naturlig å tone ned det spanske elementet. Ein annan grunn til det her omgrepet kan nok òg vara at relativt mange portugisarjødiske familiar i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika hade förlate Den iberiske halvøya nettopp gjenom Portugal. Eit anna element er at medan alle sefardím har ein meir eller mindre sterk historisk förbindelse med Spania, så er det unike för portugisarjødane nettopp förbindelsen med Portugal.

Omgrepet lågtyske jødar har stundom vorte bruka i Skandinavia. I Nederlanda og Nord-Tyskland skilte portugisarjødane seg ut frå asjkenaziske jødar ved at dei tala nederlandsk og nedertysk som lokalt dagligspråk heller enn den høgtyske språkforma jiddisch.

Omgrepet vestlige sefardím blir ofte bruka i moderne faglitteratur. Dét omgrepet er problematisk fördi det kan referere til portugisarjødar, til marokkanske jødar eller til begge dei her gruppone. Stundom blir omgrepet vestlige sefardím òg bruka om alle dei europeiske, nordvestafrikanske og osmanske sefardím för å skilje dei gruppone frå mizraḥím, eller orientalske jødar.

Forskaren Joseph Dan skil mellom «mellomaldersefardím» (osmanske sefardím) og «renessansesefardím» (portugisarjødar) ut frå kva tid kvart av dei samfunna hade formativ kontakt med iberisk språk og kultur.

Historie

Utover 1300- og 1400-talet, da forholda vart stadig vanskeligare för jødar og muslimarDen iberiske halvøya, flytta mange jødar til Det osmanske riket. Den migrasjonsbølgja kulminerte med utvisninga av jødane frå Andalucía og Castilla i august 1492. Dei som flytta austover til området kring Istanbul var opphavet til dei osmanske sefardím, medan dei som flytta til Maghreb var opphavet til dei ymse gruppone av nordafrikanske sefardím. Andre att busette seg i andre deler av Midtausten og vart assimilert inn i ymse gruppor av mizraḥím, som i sin tur vart påverka kulturelt og religiøst av nykommarane.

Ein del flytta vestover til Portugal og nordover til Aragón, der jødar enno kunne bu etter 1492. Da jødedommen vart förboden der òg i 1497, vart mange varande — ein del av fri vilje etter å ha gått over til kristendommen tidligare, men mange òg fördi dei vart nekta utreise og meir eller mindre tvangsdøpt av Den katolske kirkja. Blant dei her conversos (‘konvertittar’) eller cristianos nuevos/novos cristoens (‘nykristne’), som òg vart omtala med den nersettande termen marranos (‘svin’) av lokale kristne, var det mange som heldt på jødisk tru og skikkar i hemmeligheit samtidig som dei levde kristne liv i det ytre.

Bøn för ofra för inkvisisjonen frå ritualet för ngereb kippúr frå ei portugisarjødisk rezabok frå 1810. Bøna er på hebraisk med innslag av portugisisk.

Etter kvart som Den spanske inkvisisjonen og Den portugisiske inkvisisjonen vart stadig meir pågåande utover 1500-talet, begynte mange av dei conversos som heldt på jødiske tradisjonar i det skjulte å emigrere; ein del frå Spania og fleire frå Portugal. Hovudtendensen på 1500-talet var at dei busette seg i Italia, og det oppstod snart ein blomstrande portugisarjødisk kultur der — særlig i Venezia og i Livorno.

Frå slutten av 1500-talet begynte ein del å busette seg i Antwerpen, og etter kvart i Amsterdam. Amsterdam utvikla seg snart til å bli det nye hovudsenteret för portugisarjødisk kultur.

Kring 1600 nådde den portugisarjødiske migrasjonsbølgja Hamborg og Altona, og i mindre grad òg andre plassar i Slesvig og Holsten.


Språk

Eit karakteristisk trekk ved portugisarjødar er bruken av både kastiljansk og portugisisk — og ofte ei blanding av dei to — i deler av gudstjenesta. Annan bruk av kastiljansk og portugisisk gikk tilbake etter 1600-talet, og frå midten av 1800-talet var både kastiljansk og portugisisk erstatta med lokale språk i kvardagstalen. Lokale språk som tradisjonelt har vorte bruka av portugisarjødar inkluderer nederlandsk i Nederland og Belgia, nedertysk i Hamborg/Altona-området og engelsk i Storbritannia, Irland, USA, Jamaica og andre plassar.

Hebraisk

Utdjupande artikkel: Sefardisk hebraisk

Den hebraiske uttalen til portugisarjødane som vi kjenner han frå 1800- og 1900-talet blir først og fremst kjennetekna ved uttalen av בֿ (bet rafé) som ein plosiv (hard) b (f.eks. Abrahám (ikkje «Avrahám»), tebá (ikkje «tevá»), habdalá (ikkje havdalá)) og uttalen av ע (ngajin) som ein stemt velar nasal (Sjemáng (ikkje «Sjemá‘» eller «Sjemá»), Ngalénu (ikkje «‘alénu»)). Den plosive b-uttalen av bet rafé skil seg ut frå den frikative v-uttalen blant marokkanske jødar og osmanske sefardím, men fell ihop med uttalen blant algirske jødar og syriske jødar. Den nasale uttalen av ngajin fell ihop med italkisk uttale og eldre uttale kring Frankfurt am Main, men finst ikkje blant andre sefardiske gruppor. Begge dei her trekka er på tilbakegang på grunn av innflytelse frå ḥazzaním frå andre samfunn så vel som innflytelse frå israelsk hebraisk.

Sibilantane ס, שׂ, שׁ og צ blir alle transkribert som s eller ss i tidlige kjeldor. Det, i lag med dei tradisjonelle skrivemåtane Sabá (sjabbát), Menasseh (Menasjé), Ros(as)anáh (rosj hasjaná), Sedacáh (ṣedaka), massoth (maṣṣót), tyder på eit tradisjonelt uttalesystem som ikkje skilte mellom dei olike sibilantane — eit trekk som er felles med visse kystdialektar av marokkansk hebraisk. Sidan 1800-talet har uttalen [ʃ] för שׁ og [ts] for צ vorte vanlig — trulig på grunn av innflytelse frå osmanske sefardím og mizraḥím, frå asjkenazisk hebraisk og, særlig frå midten av 1900-talet, frå israelsk hebraisk.

Bokstaven תֿ (tav rafé) blir uttala som t i alle dei portugisarjødiske tradisjonane i vår tid, sjølv om den konsekvente translittereringa som th i 1600-talskjeldor i lag med ordformer som Sabá (med bortfall av tav rafé i utlyd), kastiljansk taled för tallét, uttalen d i nokre dialekter i kystbyane i Marokko såvel som i italiensk hebraisk tyder på eit tidligare skilje mellom תֿ og תּ. Hebraisk תֿ i utlyd kan framleis stundom bli uttala som -d i enkelte ord.

Trykksystemet i portugisarjødisk hebraisk uttale følgjer strengt reglane i bibelsk hebraisk, inkludert sekundærtrykk på stavingar med lang vokal före ein konsonant med etterfølgjande sjevá. Sjevá nang blir normalt uttala i slike fall (ngomedím, barekhú). Likeins blir sjevá nang først i ordet normalt uttala som ein kort, men tydelig e-lyd (Sjemáng, berít, berakhá).

Sjevá nang (klingande sjevá), segól (kort e) og ṣeré (lang e) blir alle oftast uttala som lukka e; det er normalt ikkje nån annan förskjell enn i vokallengda. I nokre andre sefardiske dialektar er segól ein open [ɛ], medan ṣeré er lukka (trong) [e] som i norsk te. (I både asjkenazisk og israelsk hebraisk er derimot sjevá nang ein slapp ə-lyd som i fransk le og engelsk the, og der det er fonetisk mulig försvinn vokalen ofte heilt.)

Skiljet mellom kaméṣ gadól og kaméṣ katán blir gjenomført etter fonetiske reglar, inkludert i fall der det etymologiske opphavet er ein tidligare u-lyd. Det fører stundom til avvik frå nokre andre former av hebraisk. För eksempel blir ordet כָּל (‘alle’) uttala som kal heller enn kol når det ikkje er makáf (bindestrek) före neste ord (kal ngaṣmotái, Kal nidré), og צָֽהֳרַיִם (‘midt på dagen’) blir uttala ṣahorájim heller enn ṣohorájim. Det trekket gjeld andre sefardiske gruppor òg, men gjeld ikkje israelsk hebraisk. Det finst òg i transkripsjonen av personnamn i den engelske King James Version of the Bible, slik som Naomi, Aholah og Aholibah.

Ei side frå Orden de las bendiciones, redigert av Menasseh Ben Israel og utg. på kastiljansk ladino i Amsterdam i 1650.

Kastiljansk

Kastiljansk (spansk) vart bruka som dagligspråk blant dem som kom rett frå Spania i dei første få generasjonane. Dei som kom frå Portugal rekna kastiljansk som litteraturspråket sitt, på samma vis som portugisarane generelt gjorde på den tida. I løpet av relativt kort tid kom kastiljansk ladino til å innta ei rolle som liturgisk språk, og teologiske verk så vel som rezabøker (siddurím) vart ofte skrevne på kastiljansk heller enn på portugisisk. Medlemmar av Amsterdam-samfunnet fortsette å bruke kastiljansk som litteraturspråk, og dei etablerte klubbar og bibliotek för studium av moderne spansk litteratur, slik som Academia de los Sitibundos (grunnlagt 1676) og Academia de los Floridos (1685). I dag er det ikkje lenger nån levande tradisjon för bruk av kastiljansk i dei fleste portugisarjødiske menigheitene anna enn songen «Bendigamos», den kastiljanske omsettinga av Tenákh-avsnitta i bøneboka för tisjngá beáb og i visse tradisjonelle helsingar.

Portugisisk

Thesouro dos Dinim (164547) var blant fleire verk som vart utgjevne på portugisisk.

Ettersom relativt mange av emigrantane frå Den iberiske halvøya kom via Portugal, snakka fleirtalet av portugisarjødane på 1500- og 1600-talet portugisisk som førstespråk. Portugisisk vart først og fremst bruka i daglig kommunikasjon i dei første generasjonane, og det var det brukelige språket i offisielle dokument som synagoge-ordensreglar. Derför har tillitsverv i portugisarjødiske menigheiter framleis ofte portugisiske titlar, slik som Parnas dos Cautivos og Thesoreiro do Heshaim.

Som akademisk grunnspråk vart portugisisk bruka i verk som den halakhiske manualen Thesouro dos Dinim av Menasseh Ben Israel. Portugisisk blir òg bruka — nokre gonger i rein form, andre gonger blanda med kastiljansk og hebraisk — i förbindelse med kunngjeringa av miṣvót i esnogaen, i förbindelse med Mi sjebberákh-bøna, og så vidare. Den jødeportugisiske dialekten blir framleis bruka i visse dokumenttypar, men som dagligspråk er jødeportugisisk utdødd. Språket har til ein viss grad påverka dialekten bagitto, den jødeitalienske dialekten i Livorno i Italia.

Nedertysk

I Hamborg og i Slesvig-Holsten — og dermed i stor grad òg blant portugisarjødar i Danmark, Göteborg og meir sporadisk i Norge — vart hovudspråket, og ganske snart morsmålet òg, nedertysk (òg kalla plattysk eller lågtysk). Dét kan nok delvis ha med det å gjera at «modersamfunnet» i Amsterdam i hovudsak kommuniserte på det svært nærskyldte språket nederlandsk, men det har òg med det å gjera at nedertysk både var det lokale hovudspråket kring Hamborg og var eit viktig handelsspråk frå mellomalderen og langt opp mot vår tid. Enda ein grunn ein ikkje kan sjå bort frå, er at bruken av nedertysk kan ha vore delvis motivert av naboopposisjon til dei asjkenaziske jødane, som med sitt morsmål, jiddisch, tala eit språk av høgtysk type.

Ritual

Portugisarjødisk sefer med vestido og anna tilhør. (ved Bernard Picart)

Utdjupande artikkel: Sefardisk jødedom

Sjølv om alle sefardiske liturgar har mange fellestrekk, har alle gruppor sin eigen, karakteristiske liturgi. Mange av dei her forskjellane er eit resultat av synkretiseringa av den iberiske liturgien med den lokale liturgien i områda der eksil-sefardím slo seg ned. Andre skilnader har opphavet sitt i tidligare regionale variasjonar i liturgien på Den iberiske halvøya före utvisningane i 1490-åra. Moses Gaster (d. 1939), ḥakhám för det portugisarjødiske samfunnet i London, kom fram til at ritualet som blir bruka av portugisarjødar i England har direkte opphav i den kastiljanske liturgien i Spania före 1492.

Samenlikna med andre sefardiske gruppor er minhágen til portugisarjødane jamt over karakteristert ved relativt få kabbalistiske tillegg. Fredagskveldsgudstjenesta begynner såleis tradisjonelt med Tehillá 29 («Mizmór leDavíd: Habú laA.») I dei trykte rezabøkerne (siddurím) frå 1600-talet er «Lekhá, dodí» og «Bammé madlikín» heller ikkje inkludert, men i alle dei seinare utgåvone, med berre eit par unntak, er dei her tekstane inkludert. Unntaka inkluderer bønebøkerne frå reformmenigheitene West London og Mickve Israel i Savannah, som begge har portugisarjødiske røter.

Av andre, mindre iaugnefallande, element kan nemnast mange arkaiske former — inkludert nokre likheiter med dei italkiske og vestasjkenaziske tradisjonane. Slike element inkluderer den kortare forma av Birkàt hammazón frå dei eldre tradisjonane i Amsterdam og Hamborg/Skandinavia. Livorno-tradisjonen inkluderer mange av dei kabbalistiske tillegga som finst i dei fleste andre sefardiske tradisjonane. London-minhágen følgjer hovudsaklig Amsterdam-minhágen, men følgjer livornotradisjonen i ein del detaljar — mest påfallande i teksten til Birkàt hammazón.

Musikk


Frå eit handskrive manuskript: Dei første taktene av Hesqui hesqui av Abraham de Casseres.

Historie

Den liturgiske musikken til portugisarjødane skil seg ut frå annan sefardisk musikk ved at han er påverka av barokkmusikk og klassisistisk musikk i relativt høg grad. Alt i 1603 veit vi at dei bruka cembalo i gudstjenestone i dei portugisarjødiske esnogaene i Hamborg. Særlig i Amsterdam, men i mindre grad òg i Hamborg og andre plassar, var det ei oppblomstring av europeisk klassisk musikk i esnogaene på 1700-talet. Viktige komponistar på den tida inkluderer Abraham de Casseres, Cristiano Giuseppe Lidarti og fleire andre. Etter inspirasjon frå eit hint i Zohár, var det lenge brukelig i Amsterdam å halde ein instrumentalkonsert på fredagsettermiddagen före kabbalàt sjabbát som ein måte å få menigheita i rett stemning för fredagskveldsgudstjenesta.

Den samma prosessen gikk för seg i Italia, der det portugisarjødiske samfunnet i Venezia bestilte musikk frå ikkje-jødiske komponistar som Carlo Grossi og Benedetto Marcello. Eit anna senter för portugisarjødisk musikk var Livorno, der det utvikla seg ein rik kantorialtradisjon som tok opp i seg tradisjonell sefardisk musikk frå heile Middelhavsområdet så vel som komponert kunstmusikk. Den musikken vart i sin tur spreidd til dei andre portugisarjødiske sentra.


Kor

Alt på 1600-talet vart det bruka fleirstemmig kor i gudstjenestone på heligdagar i Amsterdam. I London vart korsong innført seinare — tidlig på 1800-talet. I dei fleste falla har kora berre havt mannlige medlemmar, men i Curaçao vart kvinnor inkludert i koret alt i 1863. Dei første åra var det meḥiṣṣá (skilje) mellom kvinne- og mannsdelen av koret.

Instrumentalmusikk

Pipeorgelet i Mikvé Israel–EmanuelCuraçao vart sett inn på andre halvdelen av 1800-talet.
Foto: Mingo Hagen, 2008.

Det finst kjeldor som viser at instrumentalmusikk vart bruka i synagogar i Italia og Hamborg frå først på 1600-talet av, og nokre få tiår seinare veit vi at det vart bruka instrumentalmusikk i synagogen i Amsterdam òg. Likeleis kjenner vi til at instrument vart bruka i ein synagoge i det hovudsaklig asjkenaziske samfunnet Praha relativt tidlig. Som i dei fleste andre jødiske samfunna var regelen dei aller fleste plassane at instrumentalmusikk ikkje vart bruka på sjabbát eller jom tób.

Hovudregelen i dei portugisarjødiske samfunna er at pipeorgel ikkje blir bruka under gudstjenestor. Det finst likevel ein del unntak frå den regelen, særlig i Frankrike (Bordeaux og Bayonne), USA (Savannah, Charleston, Richmond) og Karibia (Curaçao). På dei her plassane kom pipeorgla i bruk i løpet av 1800-talet, parallelt med utviklinga i reformrørsla i jødedommen. I Curaçao, der den tradisjonelle menigheita sette inn orgel i andre halvdelen av 1800-talet, vart orgelspel på sjabbát etter kvart godteke, så lenge organisten ikkje var jødisk.

I dei meir ortodokse menigheitene, slik som London og New York City, blir gjerne eit flyttbart tangentinstrument (f.eks. piano, el-orgel eller el-piano) bruka i förbindelse med bryllaup og benót miṣvá (men aldri på sjabbát eller jom tób) på liknande vis som i mange asjkenaziske menigheiter på dei samma plassane.

«Col a-nesama» («Kol hannesjamá»). (Frå eit kantorhefte frå Amsterdam på 1700-talet.)

Novarande oppføringspraksis

Den portugisarjødiske kantorialstilen held seg i hovudtrekk til dei generelle sefardiske prinsippa at kvart ord blir sunge høgt heller enn mumla eller lese stille og at det meste av ritualet blir framført kollektivt heller enn solistisk. Ḥazzánen (kantoren) sin rolle er typisk sett å lede allsongen heller enn å vara solist. Dermed er det òg mykje större vekt på korrekt uttale og kjennskap til musikalsk minhág enn på solistisk stemmekvalitet. I dei delene av gudstjenesta der ḥazzánen tradisjonelt har ein meir solistisk rolle, blir basismelodiane utbrodert og ornamentert etter dei generelle prinsippa frå barokk oppføringspraksis. To- og trestemmig song er relativt vanlig, og Edwin Seroussi har vist at den her fleirstemmigheita er ei förenkla utgåve av meir komplekse, 4-stemmige harmoniseringar i skriftlige kjeldor frå 1700-talet.

Resitativstilen i dei sentrale delene av gudstjenesta, slik som Ngamidá (den ståande, stille bøna), Tehillím (Davidssalmane) og tengamím (resitasjonen av Torá og Haftará) har mange fellestrekk med dei samma elementa i andre sefardiske og mizraḥiske samfunn. Dei største likheitene er med ritualet på Gibraltar og i kystbyane i det nordlige Marokko, ettersom portugisarjødiske menigheiter ofte rekrutterte sine ḥazzaním frå dei her plassane. Eit fjernare slektskap finst med andre nordafrikanske og irakiske tradisjonar så vel som med den eldre italienske tradisjonen. Syriske jødar og osmanske sefardím er til dels meir olike, ettersom dei her tradisjonane i mykje större grad har teke opp i seg meir moderne musikk frå Middelhavsområdet og frå arabisk kultur.

I andre deler av gudstjenesta, og ganske særlig ved spesielle anledningar som jamím tobím (heligdagar), sjabbát Beresjít og feiringa av årsdagen för innviinga av synagogen, blir dei tradisjonelle melodiane og resitativa ofte erstatta med metriske og harmoniserte komposisjonar i europeisk klassisk stil. Dét gjeld ikkje på rosj hasjaná, på kippúr og på tisjngá beáb; på dei dagane har gudstjenesta eit mykje meir arkaisk preg.

Esnogas (synagogar)

Inni Amsterdamesnogaen: Vi ser tebáen (lesarplattforma) i forgrunnen og Hekhál (arka) i bakgrunnen.

I likheit med italkiske og romaniotiske synagogar har dei fleste portugisarjødiske synagogane ei bipolær planløysning, med tebáen (lesarplattforma) nærme den motsette veggen i forhold til Hekhál (arka). Hekhálen har parókhet (forhenget) innnaför dörene heller enn på utsida av dem. Sefarím (torárullane) er oftast kledd i ein vestido (mengíl, kappe) med vide foldor, ganske olik den sylindriske mantelen bruka av dei fleste asjkenazím. Tikím — sylindrar av tre eller metall kring rullane — blir vanligvis ikkje bruka, men det finst overleveringar om at dei var vanlige i det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg.

Dei viktigaste synagogane, eller esnogas, som dei oftast blir kalla blant portugisarjødar, er Amsterdam Esnoga og esnogaene i London and New York. Amsterdam har sidan 1600-talet vorte rekna som «modersynagogen» för heile det portugisarjødiske samfunnet Frå 1500-talet og ei stund inn på 1600-talet var det Scuola Spagnola i Venezia som hade den rollen. Amsterdam er òg senteret för amsterdamminhágen som han blir bruka i Amsterdam og i tidligare nederlandske koloniområde som Curaçao og Surinam. Bevis Marks Synagogue i London har ei liknande rolle som senteret för londonminhágen.

Snoaen (1732) til Mikvé Israel-Emanuel-menigheita i Willemstad på Curaçao blir rekna som ein av dei viktigaste synagogane i historia til jødane i den nye verda. Menigheiter i USA, som Congregation Shearith Israel i New York City, har vorte påverka av både Amsterdam- og London-tradisjonane. På 1800-talet hade Philadelphia særlig sterke band til Bevis Marks, og dei to samfunna gav ut identiske rezabøker (siddurím).

Portugisarjødar i Skandinavia

I Danmark-Norge vart det generelt skilt mellom «portugis(ar)jødar» på den eine sida og «(høg)tyske jødar» på den andre. Den aller første jøden som fikk «beskyttelsesbrev» av kongen i København var portugisarjøden Albert Dionis kring 1619. Nye beskyttelsesbrev vart gjevne til åtte jødar av ospesifisert opphav kring 1620, og til fire portugisiske kjøpmenn kring 1621. I den tida galdt alle beskyttelsesbrev för busetting i Glückstadt, og med privilegia av 19. juni 1630 vart det gjeve fritt leide til alle portugisarjødar som ville busette seg der.

Altona

Glückstadt

København

Vi veit ikkje nøyaktig kva tid den første portugisarjødiske esnogaen vart etablert i København. Det vi veit er at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Sidan 1694 hade dei høgtyske jødane havt gravstad ved Nørreport, der portugisarjødar berre kunne gravleggast etter gjenomført asjkenazisk rituale. Isak Granada kjøpte ein tilgrensande eigedom til portugisarjødisk gravstad i 1715, og det blir anteke at han var forstandar för ei portugisarjødisk menigheit da.

I skriftlige kjeldor frå 1783 finst det nemnt tre portugisarjødiske «bedestuor» eller esnogas — Henriques-esnogaen i Snaregade, Warburg-esnogaen i Store Færgestræde og Italiander-esnogaen i Kongensgade (nov. Vildersgade) på Christianshavn.[1] Alle tre brann ner i Københavns brann 1795. Warburg-gården vart attreist alt i 1798, og esnogaverksamheita vart trulig oppattteka. I 1820-åra ser det ut til å ha vore éin portugisarjødisk esnoga — trulig i Gammel Mønt 4 (matr. 252). I ei liste frå 26. juli 1822 ser vi at 34 familiar med totalt 179 personar var tilknytt den her esnogaen. Familiane inkluderer: Henriques (7 familiar), Heilbuth (5 fam.), Fürst (2 fam.), Israel (2 fam.), Monis (2 fam.) og Valentin (2 fam.). I tillegg var det éin familie kvar av slektene Abarbnel, Ahronsen, Berend, Behrens, Cantor, Davidson, Delbanco, Joachim, Lübschütz, Magnus, Meyer, Salomon, Simonsen og Stadhagen. Esnogaen òg nemnt i 1828 som den 12. på lista over synagogar i København. Wolff I. Behrens er nemnt som Forsanger ved den portugisiske Menighed og Simon Heilbuth er nemnt som Klokker ved den portugisisk Menighed.

Trøndelag

Inngangen til Gammelgruva (etabl. 1654) ved Løkken Verk i juli 2010.
Foto: Olve Utne

Gruvone ved Innset bergverk og Løkken verk var i Henrik Müller sitt eige frå 1657 av, og han hade den portugisarjødiske Manuel Teixeira som hovudhandelspartner mot den europeiske marknaden. Manuel Teixeira overlet stort sétt kopparhandelen med Henrik Müller til sonen Samuel Teixeira. Da Müller fikk økonomiske problem i 1680-åra, fikk Manuel Teixeira part i Løkken og Innset bergverk, og i 1691 vart heile Müller sin part pantsett til Teixeira. Teixeira tilsette først Humfred Bryghmann som förretningsførar, og deretter Magnus Gabriel. Gabriel viste seg å vara svært prosessglad og gikk konkurs sjølv. Teixeira overlet så förretningsførselen til Jens Hansen Kollin fram til familien trekte seg utur den norske marknaden i 1703.[2]

Bergen

Henrik Wergeland skriv: “(...) af en Politianordning fra 1710[3] sees det, at der var Jøder, som dengang havde Lov til at ‘opholde sig, bo og bygge’ i Bergen, saa Ordet ‘fremdeles’ i Gl. § 2 sidste Passus er uden Hjemmel og denne det første positive Lovbud, som udelukker Jøderne fra Norge.”[4]

Göteborg

Bendix Henriques (17251807) var församlingsordförande (förstandar) för den jødiske menigheita i Göteborg frå 1792 til 1807.

Etter initiativ frå Ostindiska Kompaniet vart det lovlig för jødar å besøkje Göteborg i förretningssamenhengar frå 1733 av, og i tida 17291734 budde det ei lita gruppe på åtte jødar der. Marstrand utaför Göteborg vart erklært som porto franco, eller frihamn, i 1775, og utlendingar fikk busette seg der oavhengig av religiøs bakgrunn. Sju år seinare, i 1782, vart det gjeve generelt busettingsløyve för jødar i sjølve Göteborg.

I 1779 busette jødane Moses Salomon og Elias Magnus seg på Marstrand. Portugisarjødiske familiar som utmerka seg i samfunnslivet frå slutten av 1700-talet og framover inkluderte Henriques, Magnus, Delbanco og Delmonte.

Framtredande rabbinarar

Andre framtredande personar

Førstegenerasjons eksilsefardím: Don Isaac Abarbanel, Salomon ibn Verga, Abraham Zacuto, Elijah Capsali, Abraham Cohen de Herrera, Abraham ben Salomon de Torrutiel Ardutiel, Yoséf ben Ṣadik de Arévalo

Andre:

Historiske og novarande samfunn

Vest-Europa

Frankrike

Belgia og Nederland

Hamborg og Slesvig-Holsten

Storbritannia

Portugal

Middelhavslanda

Italia

Det osmanske riket

Nord-Amerika

Canada

USA

Ein av dei tidligare esnogaene i Philadelphia.

Mellom- og Sør-Amerika

Vestindia

Surinam

Brazil

  • Recife: Kahal Zur Israel (1637, stengt i 1654 etter at Portugal tok att området. Nån av flyktningane frå Recife kom seg til New York City og grunnla samfunnet der. I seinare år er restane av den her esnogaen istandsett som museum og samfunnshus)

Bibliografi

Generelt

  • Angel, Marc D.: Remnant Of Israel: A Portrait Of America's First Jewish Congregation: ISBN 1-878351-62-1
  • Birmingham, S., The Grandees: America's Sephardic Elite: Syracuse 1971 repr. 1997 ISBN 0-8156-0459-9
  • de Sola Pool, David and Tamar, An Old Faith in the New World: New York, Columbia University Press, 1955. ISBN 0-231-02007-4
  • Dobrinsky, Herbert C.: A treasury of Sephardic laws and customs : the ritual practices of Syrian, Moroccan, Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America. Revised ed. Hoboken, N.J.: KTAV; New York, N.Y. : Yeshiva Univ. Press, 1988. ISBN 0-88125-031-7
  • Gubbay, Lucien and Levy, Abraham, The Sephardim: Their Glorious Tradition from the Babylonian Exile to the Present Day: paperback ISBN 1-85779-036-7; hardback ISBN 0-8276-0433-5 (a more general work but with notable information on the present day London S&P community)
  • Hyamson, M., The Sephardim of England: A History of the Spanish and Portuguese Jewish Community 1492-1951: London 1951
  • Katz and Serels (ed.), Studies on the History of Portuguese Jews: New York 2004 ISBN 0-87203-157-8
  • Laski, Neville, The Laws and Charities of the Spanish and Portuguese Jews' Congregation of London
  • Meijer, Jaap (ed.), Encyclopaedia Sefardica Neerlandica: Uitgave van de Portugees-Israëlietische Gemeente: Amsterdam, 1949-1950 (2 vol., in Dutch)
  • Samuel, Edgar, At the End of the Earth: Essays on the history of the Jews in England and Portugal: London 2004 ISBN 0-902528-37-8
  • Studemund-Halévy, Michael & Koj, P. (publ.), Sefarden in Hamburg: zur Geschichte einer Minderheit: Hamburg 1993–1997 (2 vol.)

Karibisk

  • Ezratty, Harry A.500 Years in the Jewish Caribbean: The Spanish & Portuguese Jews in the West Indies, Omni Arts Publishers (November 2002); hardback ISBN 0-942929-18-7, paperback ISBN 0-942929-07-1
  • Spanish and Portuguese Jews in the Caribbean and the Guianas: A Bibliography (Hardcover) John Carter Brown Library (June 1999) ISBN 0-916617-52-1
  • Arbell, Mordechai. The Jewish Nation of the Caribbean: The Spanish-Portuguese Jewish Settlements in the Caribbean and the Guianas ISBN 965-229-279-6
  • Arbell, Mordechai. The Portuguese Jews of Jamaica ISBN 976-8125-69-1

Synagogearkitektur

  • Kadish, Sharman; Bowman, Barbara; and Kendall, Derek, Bevis Marks Synagogue 1701-2001: A Short History of the Building and an Appreciation of Its Architecture (Survey of the Jewish Built Heritage in the United Kingdom & Ireland): ISBN 1-873592-65-5
  • Treasures of a London temple: A descriptive catalogue of the ritual plate, mantles and furniture of the Spanish and Portuguese Jews' Synagogue in Bevis Marks: London 1951 ASIN B0000CI83D

Ritual

  • Rodrigues Pereira, Martinus M.: חָכְמַת שְׁלֹמֹה (‘Hochmat Shelomoh) : Wisdom of Solomon. Tara Publications, 1994
  • Whitehill, G. H., The Mitsvot of the Spanish and Portuguese Jews' Congregation, London (Sha'ar Hashamayim): A guide for Parnasim: London 1969
  • Gaguine, Shem Tob, Keter Shem Tob, 7 vols (in Hebrew)

Rezabøker (siddurím)

  • Venice edition, 1524: reproduced in photostat in Remer, Siddur and Sefer Tefillat ִHayim, Jerusalem 2003
  • Libro de Oraciones, Ferrara 1552 (berre kastiljansk)
  • Menasseh ben Israel, Orden de Ros Asanah y Kipúr: Amsterdam 1630 (berre kastiljansk)
  • Book of Prayer of the Spanish and Portuguese Jews’ Congregation, London (5 vol.): Oxford (Oxford Univ. Press, Vivian Ridler), 5725 - 1965
  • Book of Prayer: According to the Custom of the Spanish and Portuguese Jews David de Sola Pool, New York: Union of Sephardic Congregations, 1979
  • Gaon, Solomon, Minhath Shelomo: a commentary on the Book of prayer of the Spanish and Portuguese Jews: New York 1990.

Musikk

  • Adler, Israel: Musical life and traditions of the Portuguese Jewish community of Amsterdam in the XVIIIth century. (Yuval Monograph Series; v. 1.) Jerusalem : Magnes, 1974.
  • Aguilar, Emanuel & De Sola, David A.: טללי זמרה. Sephardi melodies, being the traditional liturgical chants of the Spanish & Portuguese Jews’ Congregation London. Publ. by the Society of Heshaim with the sanction of the Board of Elders of the Congregation. Oxford Univ. Press, 5691 - 1931.
  • Kanter, Maxine Ribstein: “High Holy Day hymn melodies in the Spanish and Portuguese synagogues of London,” in Journal of Synagogue Music X (1980), No. 2, pp. 12–44
  • Kramer, Leon & Guttmann, Oskar: Kol Shearit Yisrael: Synagogue Melodies Transcontinental Music Corporation, New York, 1942.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Sephardic songs of praise according to the Spanish-Portuguese tradition as sung in the synagogue and home. New York, 1987.
  • Seroussi, Edwin: Spanish-Portuguese synagogue music in nineteenth-century Reform sources from Hamburg : ancient tradition in the dawn of modernity. (Yuval Monograph Series; XI) Jerusalem : Magnes, 1996. ISSN 0334-3758
  • Seroussi, Edwin: "Livorno: A Crossroads in the History of Sephardic Religious Music", from Horowitz and Orfali (ed.), The Mediterranean and the Jews: Society, Culture and Economy in Early Modern Times
  • Swerling, Norman P.: Romemu-Exalt : the music of the Sephardic Jews of Curaçao. Tara Publications, 1997. ISBN 0-933676-79-4

Fotnotar

  1. Bruun, Carl: Kjøbenhavn. Kbhvn. (Thiele), 1901. Del III, s. 208.
  2. Katz, Per: Jøderne i Danmark i det 17. århundrede. København (Selskabet for dansk jødisk historie), 1981. ISBN 87-7421-303-2., s. 33 ff.
  3. Anordning om Politiens Administration i Bergen. København, 1710.
  4. Wergeland, Henrik: Samlede Skrifter IV. Avhandlinger, Opplysningsskrifter. 3. bind: 1839–1842. Tydske Sofismer, Del 3 (d.IV,b.3,s.287)
  5. http://www.qqsnidheisrael.org

Sjå òg

Pekarar

Ordboksdefinisjonar

Portugisarjødiske esnogas (synagogar)

Andre menigheiter med portugisarjødiske røter

Utdaningsinstitusjonar

Musikk

Andre


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Spanish and Portuguese Jews from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlige verkty