Pitesamisk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Pitesamisk
 1  Generelt
 2  Historie
 3  Lydlære
 4  Formlære
 5  Setningslære
 6  Ordliste
 7  Bibliografi
Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pitesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto:Bjørn Utne, 2008.

Pitesamisk (bidumsámegiella, lules. bihtánsámegiella, bihtámasámegiella, n.sam. biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast gruppert i lag som sørsamisk i vidare förstand. Pitesamisk blir rekna som utdødd som morsmål i Norge og er sterkt truga med berre 25–50 kjente språkbrukarar i Sverige.[1] Utover 2000-åra har interessa för og aktiviteten kring pitesamisk begynt å ta seg opp.

Kart over Nordland fylke med den historiske utbredelsen i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Fonologi (lydlære)

Pitesamisk lydlære er, som umesamisk, prega av at språket står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge dei her språka har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i större eller mindre grad. Les meir her.

Innhaldsliste

Morfologi (formlære)

Pitesamisk har ni kasus: De grammatiske kasusa nominativ, genitiv og akkusativ; de lokale kasusa illativ, inessiv og elativ; og de adverbiale kasusa komitativ, essiv og abessiv. Om vi reknar med den adverbiale endinga prolativ, som særlig blir bruka i förbindelse med landskapsord, så kan vi seie at pitesamisk har 10 kasus.[2] Substantiv blir bøygd i 9 kasus (el. 10, sjå ovaför) og 2 tal (eintal og fleirtal) på pitesamisk. Pronomen og verb blir bøygd i tre personar og tre tal (eintal, total og fleirtal), men ikkje i kjøn. Verba blir elles bøygd i dei enkle tidene presens (eller, meir presist, «ikkje-fortid») og preteritum og dei samensette tidene perfektum og pluskvamperfektum, så vel som etter fem grammatiske modus: indikativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og optativ (konjunktiv). I likheit med andre samiske språk så vel som finsk og estisk, har pitesamisk eit nektingsverb. Detta verbet blir bøygd ikkje berre i person (1., 2. og 3.) og tal (eintal, total, fleirtal), men òg i tid (presens, preteritum) og modus (indikativ, imperativ og optativ):[3] Les meir her.

Syntaks (setningslære)

Av typiske trekk i pitesamisk setningslære kan nemnast at pitesamisk har til felles med ume- og sørsamisk på den eine sida og med austsamiske språk på den andre at setningsstrukturen SOV (subjekt-objekt-verb) framleis er like brukande som SVO (subjekt-verb-objekt). I motsetning til sørsamisk, men i likheit med lule- og nordsamisk, blir det bruka copula-verb i notid: Sån le sábmē. (‘Han/Ho er same.’) Spörsmål med innledande spörepronomen manglar invertering av subjekt og verbal, akkurat som i mange vest-, midt- og nordnorske dialektar: Mav biena bårrá? (‘Kva et hunden?’, eller ordrett: ‘Kva hunden et?’) Les meir her.

Språkhistorie

Skriftspråk

1738: Pehr Fjellström gjev ut Svebelii Cateches i pitesamisk omsetting

I Silbojokks församling, det eine av dei to kirkjesokna för arbeidarane i Nasafjälls silververk, vart Pehr Fjellström (16971764) fødd ått kyrkoherde Per Noræus Fjellström og Agatha Læstadia. Det var trulig under oppveksten her at Pehr vart kjent med den forma av samisk som han kalla dialectus borealior — svarande til pitesamisk. I 1718 vart han oppnemnt til skulemeister ved Skytteanska skolan, eller «Lappskolan», i Lycksele og i 1739 til kyrkoherde i Lycksele församling i Lycksele lappmark, som tradisjonelt hører til det umesamiske språkområdet, eller Fjellströms dialectus australior. I 1738 fikk han utgjeve boka Olai Swebelii A. Ups. Förklaring öfwer Lutheri Lilla Catechismum, steld genom spörsmåhl och swar : then lappska ungdomen til tienst och befordran i christendomens kunskap i si eiga omsetting til samisk. Knut Bergsland karakteriserer språket i den her boka som nærmare til pitesamisk, medan alle dei seinare bøkerne Fjellström skreiv eller omsette er skrevne på normalisert ume-/sørsamisk.

1891: Halász Ignácz på feltarbeid i Saltdalen

Frå 1880-åra til tidlig i 1890-åra reiste den ungarsk-jødiske forskaren Halász Ignácz (el. Ignaz Fischer, 1855–1901) kring i Midt- og Nord-Skandinavia på feltarbeid. I det pitesamiske området gjorde han feltarbeid i Saltdal kommune i 1891, blant samar som haurde til i Arjeplogs församling av Pite lappmark.[4] Tekstane kom ut i boka Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből, som kom ut i Budapest i 1893. I 1896 fölgte han opp arbeidet med ein kortfatta grammatikk og ei ordbok.

1920-åra: Lagercrantz på feltarbeid i Beiarn

Illustrasjon av ein fonautograf frå 1860-åra frå Cours de physique de l’ecole Polytechnique (1868).

I 1921 skulle den finlandssvenske forskaren Eliel Lagercrantz reise til Arjeplog för å gjera feltarbeid på pitesamisk. Han var på veg opp Saltdalen, men laut snu före Junkerdalen på grunn av dårlig vêr, så det vart til at han fór uti Beiarn i staden. Der oppheldt han seg frå februar til april, og han intervjua fleire pitesamar med bakgrunn frå Arjeplog der. Arbeidet inkluderte nerskriving av ordförråd, setningar og lengre tekstar; og i tillegg gjorde han instrumentelle registreringar med ein fonautograf. Arbeidet, som vart finansiert av Helsingfors Universitet, Finsk-ugriska sällskapet og Alfred Kordelins kulturfond, resulterte i boka Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog (365 s.; Helsinki 1926); og seinare vart meir av materialet presentert i kapitlet «Gebirgsdialekt in Arjeplog» (ca 7 s.) i Synopsis des Lappischen (Oslo 1941). Eliel Lagercrantz etablerte omgrepet vestsamisk som fellesterm för de pite- og lulesamiske dialektane.

1943: Israel Ruong leverer doktorgradsavhandling med utgangspunkt i pitesamisk

Somrane 1937, 1938 og 1939 reiste Israel Ruong, som sjølv var pitesame, kring i Arjeplogs församling på feltarbeid. Etter oppfordring frå rettledaren sin ved Uppsala universitet, prof. Björn Collinder, hade han eigentlig tenkt å skrive ein pitesamisk grammatikk, men prosjektet viste seg å vara för tidkrevande, så han konsentrerte seg om verbavledning. I 1943 leverte han doktoravhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen.

2000-åra: Revitalisering og syn på rettskrivinga

Frå 2000-åra av har det vokse fram eit ønske om å etablere eit skriftspråk for pitesamisk. Det finst fleire syn på kva som er den beste vegen å gå. Innaför det lulesamiske miljøet finst det skepsis mot å etablere eit eige pitesamisk skriftspråk; de som er skeptiske meiner at pitesamisk er ein underdialekt av lulesamisk og at ei samling om det lulesamiske skriftspråket er behøvelig for å sikre eit större brukarmiljø. Andre att, inkludert bloggaren Peter Steggo, meiner at pitesamisk er distinkt som språk og förtjener eit eige skriftspråk, men at detta skriftspråket bør leggast så nærme lulesamisk rettskriving som det er mulig utan å gå på akkord med pitesamisk lydstruktur og formlære. Eit tredje syn finst i gruppa som arbeider med ei pitesamisk ordbok: De meiner at skriftspråket bør reflektere pitesamisk uttale i mest mulig presis grad, og de markerer för eksempel den fonetiske vektlegginga av det første elementet i grad-III-konsonantgruppor med dobbeltskriving av første konsonant (kkt, vvl) heller enn andre element som i mange fall i lulesamisk (ktt, vll).

2003: Buvdda eller Bådåddjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo för Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Bådåddjo,[5] som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpekte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammelt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvdda, som forøvrig òg betyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[6]

2007: Pitesamisk blogg

Den 16. januar 2007 la Peter Steggo ut de første to bloggpostane på den pitesamiske bloggen sin, Muv árbbe. Fram til november 2008 la han ut alt i alt 22 postar — pitesamiske tekstar med eit utval av ordförklaringar.

Tre personar som arbeider för dokumentasjon og revitalisering av det pitesamiske språket: bloggaren Peter Steggo, ordboksprosjektledaren Nils-Henrik Bengtsson og heimelspersonen Elsy Rankvist.
Foto: Olve Utne

Ordboksarbeid

Fotnotar

  1. Per mars 2010 kjenner vi til 25 personar i Sverige som snakkar pitesamisk, og den yngste av dem er i trettiårsalderen i følgje forskaren Joshua Wilbur. Ordboksprosjektledaren Nils-Henrik Bengtsson kjenner til 30 personar som er aktive brukarar av språket, og i tillegg kring tjue som har morsmålskompetanse, men som ikkje brukar språket aktivt.
  2. s. 113 f. av Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [1]
  3. «Pite Sami»Engelsk Wikipedia
  4. “E szótár első sorban azon szövegekhez való, melyeket 1891-ben a svédországi Pite lappmark arjepluogi egyház kerületéből való lappoktól gyűjtöttem a norvég Saltdalen-ban.” (Halász 1896}})
  5. Skrivemåten Bådåddjo varierer elles med Bodåddjo, Bododdjo og Bodöddjo/Bodøddjo i lulesamisk. I tillegg blir namnet ofte feilskreve som Båddådjo i ikkje-samiske samenhengar.
  6. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003

Andre kjeldor

Heimelsfolk

Sjå òg

Personlige verkty