Parinirvāṇa

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Mal:Buddhismen

Buddha dør, eller Mahāparinirvāṇa, Gandhara 100- el. 200-talet evt.
Foto:«PHG»

I buddhismen er parinirvāṇa (sanskrit: परिनिर्वाण) eller parinibbāṇa (pāḷi परिनिब्बाण), kjent som 般涅槃, bō niè pán, på kinesisk, den endelige nirvāṇaen. Vanligvis blir parinirvāṇa berre rekna som mulig når kroppen til ein person som har oppnådd fullstendig bōdhi (opplysing) dør. Parinirvāṇa, som er det høgste målet i buddhistisk praksis, inneber at personen blir løyst frå bhavatjakra, saṁsāra, karma og atterføding; og dessutan blir alle verdslige fysiske og mentale element, eller skandhaer, oppløyst.

Parinirvāṇa til Gautama Buddha (pāḷi: Gōtama Buddha) blir skildra i pāḷiskriftet Mahāparinibbāṇa sutta.

Det buddhistiske omgrepet mahāparinirvāṇa, ‘stort, fullstendig nirvāṇa’ blir òg bruka. Ordet mahāparinirvāṇa viser vanligvis til den endelige forma av nirvāṇa (evig, høgaste fred og lykke) som eit vekt vesen (Buddha) eller ein «arhat» (pāḷi: arahant) oppnår den augneblinken døden inntreff og de verdsljge skandhaene (vanlige element i kroppssjela) skalar av og berre dei buddhiske skandhaene blir att (i følgje mahāyānabuddhismen). Men i mahāyāna kan det stundom vise til den same åndelige prosessen som ein buddha kan oppnå under den fysiske levetida si òg.

Sjå òg


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Parinirvana from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.


Pekarar

Personlige verkty