Ortodoks jødedom

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk


Jødiske retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk förnyelse
humanistisk
(human-etisk)

Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem för det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særlig lagt vekt på kasjrút (matförskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). Meir variable trekk innaför ortodoks jødedom inkluderer synet på og behandlinga av kol isjá (kvinnestemmor), zimmún/minján (teling av religiøst myndige jødar), kvinnor og tallét/tefillín og den praktiske utforminga og (graden av) bruk av meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samenhengar).

Ortodokse jødar reknar si form av jødedommen för å vara den mest tradisjonelle og meiner vanligvis at alle andre former av jødedom er eit brott med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side derimot gjerne at ortodoks jødedom har gått bort frå den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel för eit statisk og dogmatisk system.

I ortodoks jødedom er det i utgangspunktet strengt definerte kjønsrollar. Kvinnor har ansvar för heimen, medan menn har ansvar för alle offentlige religiøse funksjonar, inkludert i synagogen. Det er vanlig at kvinnor dekkjer håret med eit skaut eller, i nokre asjkenazisk-ortodokse samfunn, parykk.

Ortodoks jødedom kan blant anna underdelast i moderne ortodoks jødedom (inkludert feministisk-ortodoks jødedom) og ḥaredisk jødedom (òg kalla ultraortodoks jødedom).

Innhaldsliste

Pekarar

Moderne ortodoks jødedom

Feministisk-ortodoks jødedom

Sentristisk-ortodoks jødedom

Ḥaredisk jødedom

Personlige verkty