Ordliste over jødiske termar

Frå Alnakka.net


A

  • Adonái אֲדֹנָי hebr. Herren // Adonái er ofte bruka som eufemisme for Gudsnamnet (JHVH), som i følgje jødisk religion ikkje skal uttalast anna enn i Tempelet i Jerusalem. // jfr. Hasjém [Andre skrivemåtar: Adonai, Adonoi, Adoinoi, Adounoi, Adaunoi]
  • Aggadá אַגָּדָה aram. (pl. aggadót) fortelar-prega avsnitt av Talmúd // Etymologi: Aggadá (arameisk) er i slekt med ordet Haggadá (hebraisk), og begge tyder i utgangspunktet forteling eller segn. Men dei har festa seg til kvar si spesialtyding i jødisk språkbruk, slik at ein stort sett allveg brukar Haggadá som namn på påskefortelinga og oftast Aggadá som term for dei segnprega eller fortelarprega avsnitta av Talmúd. [Andre skrivemåtar: agada, agadah, aggadah; agodo, agodoh, aggodo, aggodoh; jid. agóde, aggóde, agude, aggude]
  • A"H ע”ה hebr. (ngaláv hasjalóm עָלָיו הַשָּׁלוֹם hebr. (om avdød mann); ngalèha hasjalóm עָלֶֽיהָ הַשָּׁלוֹם hebr. (om avdød kvinne)) (i samband med namnet på avdød person:) fred over minnet hans/hennar. Jfr.: Z"L
  • anús (pl. anusím) אָנוּס hebr.
    1) person som er tvangskonvertert frå jødedom til kristendom; 2) etterkommar av (1)
  • arón kódesj אָרוֹן קֹּֽדֶשׁ hebr. (asjkenazisk:) ark, toráskåp // Skåp i synagogen der torárullane blir oppbevarte // Synonym: Hekhál (sefardisk) [Andre skrivemåtar: arón kódeš, aron ha-kodeš, oren-keides (lit.jid.), oren-koideš (jid.)]
  • asjkenazisk adj. אַשּׁכְּנַזִּי hebr. opphavleg tysk-jødisk; frå mellomalderen flytta fleirtalet av de tyske — altså asjkenaziske — jødane austover, til Polen, Tsjekkia, Slovakia, Austerrike, Ungarn, Romania, Moldavia, Ukraina, Kviterussland (Bjelarus), Litauen, Latvia, Estland og Russland. Språket jiddisch, som opphavleg var felles for alle dei asjkenaziske jødane, er ein variant av mellom høgtysk. Dei fleste noverande skandinaviske jødane er asjkenaziske. // Asjkenaziske jødar i Noreg: Føre 1814 hadde asjkenaziske jødar i prinsippet ikkje tilgang til Noreg, men det vart unntaksvis gjeve leidebrev. I 1814 vart dette forbodet stadfesta og skjerpa i den endelege versjonen av grunnlova, og det kom til å vera eit absolutt forbod mot asjkenaziske jødar fram til 1851, da dette leddet av §2 av grunnlova vart fjerna og alle jødar fikk tilnærma like borgarrettar med andre innbyggjarar i Noreg. Frå 1860-åra og utover kom det flyttande ein del hundre asjkenaziske jødar til landet — hovudsakleg til Kristiania (Oslo), og etter kvart òg til Trondheim og andre byar langs kysten. Dei fleste medlemmane av dei mosaiske trussamfunna i Oslo og Trondheim i dag er etterkommarar etter dessa tidlege asjkenaziske innvandrarane. // jfr. sefardisk

B

  • bar miṣvá בַּר מִצְוָה hebr. ‘son av bodet’ // Ein jødisk gut blir bár miṣvá når han fyller 13 år; frå da av blir han rekna for religiøst myndig — han kan lede gudstjenesta, han blir rekna med i minján, og han har sjølv ansvar for å følgje halakhá. [Andre skrivemåtar: bar misvá, bar mitsvá, bar mitsva, bar mitsvah, bar mitzva, bar mitzvah, bar mitzvo, bar mitzvoh; jid. bar mitsve, bar-mitsve]
  • bat miṣvá בַּת מִצְוָה hebr. ‘dotter av bodet’ // Ei jødisk jente blir bat miṣvá når ho fyller 12 år; frå da av blir ho rekna for religiøst myndig; i liberal jødedom, og i varierande grad i tradisjonell jødedom, kan ho bli rekna med i minján. [Andre skrivemåtar: bat misvá, bat misvah, bat mitsvá, bat mitsva, bat mitsvah, bath mitzvah; bas mitzvah, bas mitzvo, bas mitzvoh; jid. bas mitsve, bas-mitsve]
  • bén hasjemasjót בֵּין הַשְּׁמָשׁוֹת hebr. tida mellom solnedgang og stjernemørke — overgangen frå dag til natt etter halakhá [Andre former: ben hashemashót, bein hash’mashot; bein hash’mashos]
  • bene Israel בְּנֵי יִשְׂרָאֵל hebr. marathi-språkleg indisk-jødisk gruppe som tradisjonelt har budd i Kulaba-området på Konkan-kysten (ved Mumbai (Bombay)) i India.
  • bentsj|e / -ar -a v בּענטשען jid. seie fram velsigningar, berakhót; særleg bruka om lesing av Birkàt hammazón [Andre skrivemåtar: bentsche, bentshe, bensje; jid. bentshn, bentshen, bentschen]
  • berakhá (pl berakhót) בְּרָכָה hebr. velsigning // Ein berakhá går etter ein fast formel — berakháen begynnar f.eks. allveg med Barúkh (בָּרוּךְ). [Andre skrivemåtar: b’racha, brakha, bracha; berocho, berochoh, b’rocho, b’rochoh; jid. bróche, broche, bruche]
  • berít milá בְּרִית מִילָה hebr. omskjering av gut (normalt åtte dagar etter fødselen eller ved konvertering) [Andre skrivemåtar: b’rit mila, brit milah, brith; b’ris milo, bris miloh jid. bris mile, bris]
  • besamím pl בְּסָמִים, בְּשָׂמִים, בְּסָמִין, בְּשָׂמִין hebr. velluktande krydder som blir lukta på under habdalá-seremonien etter utgangen av sjabbát // I dag brukar ein gjerne nellik og kanel eller f.eks. rosevatn. [Andre skrivemåtar: besamín, besamim, besamin, b’samim, b’samin]
  • bét בֵּית hebr. (i samansette uttrykk:) 1) hus; 2) hushald, familie, slekt [Andre skrivemåtar: beit, beth, beith; jid. beis, bes]
  • bét dín בֵּית דִּין hebr. rabbinsk domstol [Andre skrivemåtar: beit din, beth din, beith din; bes din, beis din jid. bezdn, bezn]
  • Bét Hammikdásj בֵּית הַמִּקְדָּשׁ hebr. Tempelet i Jerusalem [Andre skrivemåtar: Beis Hammigdoš (ašk.), Beisemìgdeš (jid.), Bét Hamikdáš]
  • bét ngolám בֵּית עוֹלָם hebr. jødisk gravlund [Andre skrivemåtar: beisóilem (jid.), besóilem (jid.)]
  • Beta Esrael etiopiske jødar (òg kalla Falasha, men dette er eit nedsetjande namn som ein helst bør unngå å bruke) // I ein del historiske kjeldor er etiopiske jødar nemnte som jødar. (Nokre gonger som israelittar av Dans stamme.) Denna tolkinga låg til grunn da Ovadia Yosef, den daverande sefardiske overrabbinaren av Israel i 1973 erklærte Beta Esrael som “jødar som må bergast frå forsvinning og assimilering. Det er vår plikt å auke tempoet i immigrasjonen deras til Israel (...) for den som bergar ei einaste sjel i Israel, er som om han har berga heile verda.” (omsett frå sitat i Parfitt 1987 , s. 129)
  • birkàt hammazón בִּרְכַּת הַמָּזוֹן, בִּרְכַת הַמָּזוֹן hebr. velsigning etter måltidet når minst tre personar har ete saman // Det er skikk blant sefardím å gjera màjim àḥaroním føre ein seier birkàt hammazón.
  • borsht בּאָרשׁט austjid. raudbetsuppe [Andre skrivemåtar: borscht]

C

  • cristaõ novo (pl. cristões novos eller cristaõs novos) portugisisk, seinmellomalderen ‘nykristen’, jøde som frivillig eller ufrivillig hadde gått over til kristendommen [Andre skrivemåtar: cristão novo (mod.port.), cristoens novos, (novo cristaõ, novo cristão,) nuevo cristiano (spansk)]

D

  • davne / davnar davna (jid.) be i synagogen, (særleg bruka om den som ledar gudstjenesta)

E

  • egalitær adj. som praktiserer meir eller mindre likestilling mellom kjøna (eller mellom samfunnsklassane, folkegruppone o.l.) I jødedommen kjem gjerne ønsket om å vera egalitær til uttrykk på følgjande vis, med dei vanlegaste trekka først:
    1. Det er ikkje meḥiṣṣá (fysisk skilje) mellom kvinne- og mannsdelene av synagogen
    2. Kvinnor og menn kan sitta saman.
    3. Kvinnor kan lesa haftaráen (profetavsnittet).
    4. Kvinnor kan lesa frå Toráen.
    5. Kvinnor får lede de delene av gudstjenesta som er tillagt frå høgmellomalderen til vår tid.
    6. Kvinnor får ngalijjá — dei blir kalla opp på tebáen for å lesa signingane ved kirjàt Torá (torá-lesinga).
    7. Kvinnor blir medrekna i minján.
    8. Kvinnor kan lede heile gudstjenesta.
    9. Kvinnor kan bli rabbinarar.
  • eid (blant indiske bené Israel:) heligdag, jom tób, ḥag // Etymologi: frå arabisk eid.
  • elúl (hebr. אֱלוּל) 12. månaden i det jødiske året
  • Én sóf (hebr. אֵין סוֹף) (gudsbegrep i kabbalá:) Den uendelege, Den Evige [Andre skrivemåtar: Ein sof, En sof]
  • Èreṣ Jisraél (hebr. אֶֽרֶץ יִשְׂרָאֵל) landet Israel (som geografisk område)
  • érusín (hebr. אֵרוּסִין, אֵירוּסִין) truloving (BM forlovelse) — den første delen av den jødiske bryllaupsseremonien [Synonym: Kiddusjín]
  • etróg (hebr. אֶתְרוֹג) ein sitronliknande sitrusfrukt // Etróg utgjer saman med luláb dei fire slaga som blir bruka under ritualet på sukkót.

F

  • frelse f. // Idéen om frelse eller fortapelse ut frå kva for religion ein trur på (eller ikkje trur på) er stort sett heilt frammund for rabbinsk jødedom: Mennesket har fri vilje med muligheit til godt og vondt, og kvart menneske blir dømt ut frå sine gjerningar og intensjonar. Religiøs misjon blir dermed lite interessant.
  • føter m.pl. 1) Nokre plassar er det framleis skikk å ta av seg skorne når ein går inn i synagogen. Dette gjeld bl.a. blant ein del nordafrikanske sefardím og blant bené Israel i India. 2) Nokre asjkenaziske ortodokse jødar reknar det som respektlaust å ikkje ha sokkar i skorne i synagogen.

G

  • galút גָּלוּת hebr. diasporaen, eksilet, det jødiske livet utanom Israel
  • gaón (m — pl ge’oním) גָאוֹן hebr. ledar for jødisk akademi // Sangadjá Gaón (882942) var gaón ved Sura-akademiet i Baghdad (Babylon).
  • G-d = G’d I asjkenazisk ortodoks jødedom har det i dei siste tiåra vorte relativt vanleg å skrive «Gud» med ein apostrof eller strek i staden for vokal, altså G’d eller G-d. I jødisk fornying-rørsla er det vanleg å gjera det same, men ein brukar der heller eit utropstekn: «G!d».
  • gefillte fish געפילטע פיש jid. asjkenazisk matrett med to hovudvariantar: a) heil fisk som er fylt med fiskefarse og omnsbaka b) ball av fiskefarse, løk og krydder
  • Gemará גְּמָרָא aram. den delen av Talmud som vart til etter Misjná
  • genizá גְּנִיזָה hebr. rom der ein lagrar kasserte dokument som inneheld Guds namn, og som dermed ikkje skal kastast eller brennast
  • get גֵּט hebr. jødisk religiøst skilsmissedokument; jødisk religiøs skilsmisse
  • gezerá גְּזֵירָה hebr. rabbinsk påbud som danar «eit gjerde kring loven», dvs. hindrar situasjonar der ein kan komma til å bryte eit av dei 613 påboda og forboda i Toráen

H, Ḥ

I

J

K

L

M

N

  • nabi (pl nebiím) נָבִיא hebr. profet
  • Nebiím pl נְבִיאִים hebr. Profetane — andre del av Tenákh (TN"K, den jødiske Bibelen) [Andre skrivemåtar: nebi’im, neviím, n’viim, n’vi’im]
  • ner נֵר hebr.
    • ner nesjamá lys som ein tenner på årsdagen for når nån i den nære familien dødde [Synonym: jahrzeitlicht]
    • ner tamíd נֵר טָמִיד hebr. det evige lys — raudt lys fremst i synagogen som allveg er tent og som symboliserer Guds nærheit
  • hadlakàt nér הַדְלָקַת נֵר hebr. lystenning med berakhá (velsigning), f.eks. føre solnedgang på fredag kveld
  • netilàt jadájim נְטִילַת יָדַֽיִם hebr. rituell handvask med velsigning føre ein et mat
  • neṣ
    • néṣ haḥammá נֵץ הַֽחַמָּה hebr. soloppgang // Definisjon etter halakhá: Den augneblinken den første solstråla viser seg over horisonten [Synonym: néṣ, zerichá, zerichát haḥammá]
  • niddá adj נִדָּה, נִידָּה hebr. (om kvinne:) rituelt urein på grunn av menstruasjon eller fødsel — sjå under táhoràt hammišpaḥá
  • nisán נִיסָן hebr. 7. månaden i det jødiske året // Pèsaḥ begynner på 15. nisán.
  • nuevo cristiano (pl nuevos cristianos) spansk, seinmellomalderen «nykristen», jøde som frivillig eller ufrivillig hadde gått over til kristendommen [Andre skrivemåtar: cristaõ novo (portugisisk)]

O

P

Q

R

S

Inkluderer s med diakritiske tekn, som f.eks. Ṣ, Š, Ś eller Ş.

T

U

V

W

X

Y

Z

Inkluderer Z med diakritiske tekn, som for eksempel Ž, Ź, Ż.
  • Z"L — uttale; [zal] (om avlidne menneske:)
    1. forkorting for zikhronó librakhá «må minnet hans vera til velsigning»
    2. forkorting for zikhronáh librakhá «må minnet hennar vera til velsigning»
    3. forkorting for zikhronám librakhá «må minnet deras vera til velsigning»
  • zebed habbát namngjevingsseremoni for dotter
  • zeide m. (jiddisch:) bestefar // etymologi: jiddisch זיידע (zéide) er lånt frå slavisk.
  • zemirá (pl. zemirót) song // Særleg bruka om songar ein syng ved bordet under måltid på sjabbát.
  • zericha, zerichàt hàḥammá sjå néṣ haḥammá (Men zerichá blir nokre gonger feilaktig bruka om den augneblinken at heile sola viser seg over horisonten.)
  • zeróang grilla bein med litt kjøtt på — sjå artikkelen om séderfat under séder
  • Zohar det viktigaste verket i kabbalá (jødisk mystikk)

Æ, Ä

Ø, Ö

Å