Ole Andreas Lindeman

Frå Alnakka.net
Ole Andreas Lindeman.
Portrett ved Balle Lund, avfotografert av Erik Olsen (1835–1920).

Ole Andreas Lindeman (17691857) var ein organist, pianist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmør. Han var fødd den 17. januar 1769Øye i Surnadal av föreldra Anne Christine Tangen og den fløyte- og fiolinspelande amatørmusikaren Jacob Madsen Lindeman (17351822) som var sorenskrivarNordmør.

Liv

Lindeman tok eksamen artium ved Trondhjems Latinskole före han reiste til København i 1788 for å studere ved Universitet i København. Den første tida der studerte han juss og arbeidde som kopist ved Rentekammeret. Etter kvart bruka han stadig meir av tida på musikk. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke i harmonilære og komposisjon og studerte elles klavér og fiolin. Han slutta etterkvart med jusstudia og spela både fiolin og piano på konsertar i København; på klavér spela han til og med ved Hoffet. Han spela òg på ein konsert i Christiania (Oslo) i 1793. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kirkje der i 1799.

Ole Andreas Lindeman vart ein dominerande musikkpedagog i Trondheim — «privilegert Stadsmusicus» — gjenom eit halvt hundreår. Han var song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole òg. I 1835 begynte han, med offentleg stønad, å gje ut den aller første norske koralboka. Boka vart trykt og distribuert i 1838. Av komposisjonar elles blir det sagt at han skal ha skrive ein klavérkonsert, men denna finst ikkje bevart etter det vi veit. I samlinga Le trésor des pianistes ved Louise og Aristide Farrenc skal det finnast ni klavérstykke av O.A. Lindeman.

Lindeman vart gift med Anne Severine Hickmann (d. 1844) den 11. juni 1802, og samen fikk dei fem søner:

  1. Frederik Christian Lindeman (18031868) — lærar ved Døvstum-Institutet i Trondhjem frå 1829; organist i Vår Frue kirkje frå 1857.
  2. Jacob Andreas Lindeman (18051846) — Theol.Cand. 1832, residerande kapellan i Leikanger frå 1839 og sokneprest i Davik prestegjeld frå 1844.
  3. Peter Tangen Lindeman (1810– ? ) — medisinsk kandidat 1843, praktiserande dokter i Trondheim.
  4. Ludvig Mathias Lindeman (1812– ? ) — organist ved Vår Frelsars kirkje i Christiania frå 1839. L.M. Lindeman samla og gav ut mange folkemelodiar og ein del koralar. Ludvig Mathias var far til musikkpedagog Peter B. Lindeman, som var ledar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian T.M. Lindeman, som overtok som organist i Domkirkja etter farbror sin.
  5. Just Riddervold Lindeman (18221894), arbeidde som organist ved Domkirkja i Trondheim frå 1858 til han dødde i 1894.

Ole Andreas Lindeman, som heilt til det siste var organist ved Vår Frue kirkje i Trondheim, dødde 88 år gammel den 26. februar 1857.

Kjeldor


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ole Andreas Lindeman» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Denna teksten er basert heilt eller delvis på artikkelen «Lindeman, Ole Andreas» av G.St. Bricka frå Dansk Biografisk Lexikon.

PD-icon.png

Originalen til dokumentet har verkshøgd etter åndsverklova, men eineretten til å råde over det er forelda, anten fordi det er minst 70 år sidan opphavspersonen dødde, eller fordi opphavspersonen ikkje er kjent og det er minst 70 år sidan dokumentet vart publisert, jfr. §§ 40 og 41 av åndsverklova. Det tyder at du kan atterbruke og modifisere dokumentet så lenge du krediterer opphavspersonen etter god skikk og behandlar verket respektfullt.