Olav Sletto

Frå Alnakka.net

Olav Sletto (fødd 21. juni 1886 i Hol; død 24. oktober 1963) var ein forfattar frå Hallingdal.

Mor ått Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammel og ogift da han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vara Bjørnstjerne Bjørnson, men det har vorte avvist av lokalhistorikarar.[1] Han vaks opp med besteforeldra på Sletto i Hol og gikk folkehøgskule på Voss 190203 følgt av lærarskule på Notodden. Fram til han vart lærar ved Buskerud FolkehøgskoleFiskum i 1917, livnærte han seg ved ymse lærarjobbar kombinert med føredragsreisor. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike FolkehøgskoleÅrnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under andre verdskrigen. Sletto fikk slag i 1941, og frå 1944 fikk han invalidepensjon. Han vart innvilga Statens kunstnarløn under krigen, og igjen i 1960.

Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (191518), dei historiske romanane sine frå kirkjehistoria (192024), den historiske romansyklusen Soga om Røgnaldfolket (194346) så vel som for Per-bøkerne (Per Spegil (1939), Per Sjøl (1940), Per Stavlang (1941) og Per Spelmann (1942)). Olver-syklusen (195456) er delvis sjølvbiografisk.

Han har òg vorte nemnt som ein «glømt» norsk fantasy-forfattar.[2][3].

Verkliste

  • Dei gamle (1908)
  • Sanddal (1910)
  • Smaaord (1912)
  • Tenaren (1913)
  • Um Tyskland (1914)
  • Loke-verket (1915–1918):
    • Loke
    • Domen
    • Millom eldar
    • Skyming
  • Dagning (1920)
  • Geisli (1920)
  • Stefanus (1921)
  • Porten (1922)
  • Signum Christi (1923)
  • Fatum (1924).
  • Elveland (1924)
  • Ambrosius-trilogien:
  • Uppetter glasberget (1929)
  • Glør (1930)
  • Dagrit (1931)
  • Gildet (1932)
  • Odel – tre skodespel Gamle Vehall, Skrinet, Flaum (1934)
  • Domhuset – mysteriespel (1936)
  • Per-bøkene:
  • Per Spelmann (1942)
  • Soga um Røgnaldfolket:
  • Fyrste Glimt (1949)
  • Broder Hans (1948)
  • Skrinet skal opnast um hundre år (1951)
  • Olver-bøkene:
    • Boki um Olver (1954)
    • På høgt berg (1956)
    • Upp bakke og ned dal (1957)
    • Under Helgafjell (1958)
    • Då tedde ei eldborg (1961).
    • På Alderstun (1963)

Litteratur

Referansar og fotnotar

  1. Olav Sletto-selskapet - Kåre Olav Solhjell: «Olav Sletto, ein gåtefull diktar»
  2. Agnes Bøttcher: «Fantasy, litteratur og den norske røyndomen» i Vindauget (2003)
  3. Øyvind Myhre: Magiske verder : fantasi-litteraturen frå Gilgamesj til Richard Adam sin, Cappelen, 1979 (s. 115). Myhre karakteriserer romanen Skrinet skal opnast um hundre år (1951) som “reinhøvlet Swords & Sorcery”.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Olav Sletto» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.