Nynorske leksikon

Frå Alnakka.net

Det finst fleire olike nynorske leksikon. Det første av dem var Norsk Allkunnebok, som kom med første bandet i 19481949. Sidan siste bandet av Norsk Allkunnebok kom ut med siste heftet i 1966, kom det ikkje noko större leksikonprosjekt på nynorsk att på førti år, men sidan 2006 har det vorte meir aktivitet att.

Norsk Allkunnebok (1948–1966)

Norsk Allkunnebok (hovudredaktør Arnulv Sudmann (1912–1981)) vart utgjeve i ti band pluss atlas på Fonna Forlag frå 1948 til 1966. Det vart lagt særlig vekt på å skildre norske forhold. Leksikonet var det første leksikonet i Norge med gjenomført signerte artiklar. Økonomien vart dessverre dårlig mot slutten, noko de siste to banda (Norig–Åvik) ber tydelig preg av.

Hermes leksikon (1979–1980)

Hermes leksikon for skule og heim : med spesialtillegg om geologiske tidsperiodar, historisk tabell og det viktigaste av matematikk vart utgjeve i to band på Hermes forlag i 19791980. Redaksjonen inkluderte Ingebrigt Davik og Olaf Almenningen.[1]

Nynorsk leksikon (1987)

Tobandsverket Nynorsk leksikon, redigert av Ottar Lundstøl, vart utgjeve på Faktum Forlag i 1987.[2]

Nynorsk Wikipedia (2004– )

Allkunne.no (2009– )

Allkunne.no er eit nylig påbegynt nettleksikon med fri lesetilgang og ofri lisens som vart offisielt opna i september 2009. Per januar 2011 finst det kring 1500 artiklar der.

Fotnotar

Kjeldor