Nymaurisk arkitektur

Frå Alnakka.net
Detaljar frå taket på Lysøen, den nymauriske villaen til Ole Bull.

Nymaurisk arkitektur, òg kalla nymaurisk stil, er ei av de eksotiske historismeretningane som vart tekne opp av europeiske og amerikanske arkitektar under romantikken med sin fascinasjon for alt orientalsk. Den nymauriske arkitekturen var på det mest populære etter midten av 1800-talet som ein del av eit stadig vidare register av dekorative element utover det klassiske og gotiske. I den nymauriske arkitekturen i Europa og Amerika vart det ikkje gjort förskjell på osmansk-tyrkiske og andalusisk-marokkanske trekk. Ein del bygningar inkluderer òg trekk frå sørasiatisk arkitektur og grensar slik til indosarasenisk arkitektur.

Typiske nymauriske trekk med osmansk opphav inkluderer slanke tårn med løkkuplar. Meir generelle trekk inkluderer hesteskobogar; rike, filigransaktige, abstrakte ornament; og geometriske figurar som seks- og åttekanta stjernor.

Utprega eksempel på nymaurisk arkitektur i Skandinavia inkluderer Ole Bull sin villa «Lille Alhambra» på Lysøen i Os, Stora Synagogan i Stockholm og kapellet ved Judiska begravningsplatsen vid Svingeln i Göteborg.

«Den mauriske kiosken», ein paviljong ved Schloss Linderhof i Bayern i Tyskland. Paviljongen vart opprinnelig bygd som det pröyssiske bidraget til Verdsutstillinga i 1867 i Paris. Paviljongen vart flytta til Linderhof i 1876 og ombygd etter Ludwig II av Bayern sine ønske. (Foto: «Gryffindor», 2005)

1812–1840: Stilen oppstår

De «mauriske» parkstrukturane bygd i Sheringham i Norfolk i England kring 1812 var ovanlege på si tid — ein parallell til chinoiseriet som elles var på moten sist på 1700-talet — men så tidleg som i 1826 bruka den britiske arkitekten Edward Blore (17891879) «muhammedanske» bogar (hesteskobogar), kuplar av olike størrelsar og former så vel som andre detaljtrekk frå Midtaustens islamske arkitektur i utforminga av Vorontsovskijpalasset i AlupkaKrimhalvöya — eit område som alt hadde vorte sterkt påverka av autentisk osmansk arkitektur.

Synagogearkitektur

Esnogaen i Zweite Marktstraße i Hamborg (1855) — ein portugisarjødisk synagoge med ein del nymauriske stiltrekk i detaljane.

Fram mot midten av 1800-talet vart den nymauriske arkitekturen svært vanleg blant jødar i Sentral-Europa. Blant både sefardím og asjkenazím vart arkitektoniske mujédar-element sett i samband med den gylne tidsalderen for jødar i mellomalderens muslimske Spania. Derifrå spreidde nymaurisk arkitektur som synagogearkitektur seg kring heile verda.

Gjenombrott i Nord-Amerika

I USA var det reiseskissa Alhambra (1832) som først gjorde det mauriske al-Andalus (Andalucia) kjent blant lesarane. Eitt av dei første nymauriske byggverka i USA var Iranistan (1848) — eit ekstravagant herskapshus med løkkuplar og hestskobogar i Bridgeport i Connecticut som haurde til P.T. Barnum. I 1860-åra spreidde stilen seg utover Nord-Amerika. Av dei meir framtredande eksempla er Olana, huset ått målaren Frederic Edwin Church med utsikta over Hudsonelva; Castle Garden i Jacksonville i Florida og Nutt’s Folly i Natchez i Mississippi. Etter Den amerikanske borgarkrigen vart mauriske eller tyrkiske røykjerom relativt vanlege. Det fanst ein del nymauriske detaljar i interiøret til Havemeyer-residensen på Fifth Avenue i New York City ved Louis Comfort Tiffany.

1900-talet

Neomudéjar-stilen i Spania

I Spania, landet som vart oppfatta som opphavslandet for den mauriske ornamenteringsstilen, varierte interessa for denna typen arkitektur frå provins til provins. Hovudretninga innaför spansk nymaurisk stil vart kalla neomudéjar.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Moorish Revival from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.