Norsk Ordbok

Frå Alnakka.net

Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk og norske dialektar som hittil (2008) har komme ut i sju band som dekkjer alfabetet frå A og om lag til til Mu. Verket blir utgjeve i eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Kultur- og kyrkjedepartementet og forlaget Det Norske Samlaget.

Målsetting

Målet til ordboksprosjektet er:

Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting.[1]

Norsk Ordbok er ei kombinert litteratur- og dialektordbok, og denne kombinasjonen er heller ovanlig i europeisk samenheng. Bakgrunnen for det har med norsk språkhistorie og idéen attom nynorsken generelt å gjera, nemleg at nynorsken byggjer på ei jamføring av olike dialektar. Elles kan Norsk Ordbok samenliknast med andre vitskaplige ordboksverk som Svenska Akademiens Ordbok for svensk, Ordbog over det danske Sprog for dansk, Woordenboek de Nederlandsche Taal for nederlandsk og Deutsches Wörterbuch for tysk.

Verket er planlagt å komma ut i tolv band og vil bli den største og mest omfattande dokumentasjonen av norsk skrift og tale som nånn gong har komme ut. Verket skal, i lag med Norsk riksmålsordbok, vara ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Fram til og med 2008 har det komme ut sju band. Det første heftet kom ut i 1950, etter at arbeidet vart starta i 1930.

Tilfang

Sjølve innsamlingsarbeidet kan seiast å ha følgt eit tredelt prinsipp som Sigmund Skard formulerte i 1932: a) ord frå eldre dialektordbøker, b) ord frå nyare dialektinnsamlingar og c) ord frå nynorsk sakprosa og skjønlitteratur.

I den tidlege fasen vart ordbøkerne til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt jamførte, og det dana grunnlaget for eit grunnmanuskript i 1930- og 1940-åra. Deretter vart tilfanget supplert etter Skard sine retningslinor da de bygde opp seddelarkivet

I dag har seddelarkivet kring 3,2 millionar sedlar. Av skriftlege kjeldor kan nemnast a) de eldste norske dialekt- og ordsamlingane frå dansketida (kring 1650–1850), b) den nynorske skjønlitteraturen, både den «klassiske», representert ved forfattarar som Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og Olav Duun, og den nyare, ved forfattarar som Tarjei Vesaas, Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, c) nynorsk faglitteratur og nynorske lærebøker, d) avisor, tidsskrift og blad heilt eller delvis redigert på nynorsk, e) nynorske fagordbøker, f) Bibelen og salmedikting. Av munnlige kjeldor kan nemnast a) tradisjonsord som er innsendt av på lag 600 heimelsfolk frå heile landet, b) ord som er registrert av Norsk Målførearkiv, d) kring 90 trykte dialektordbøker frå heile landet, e) private seddelarkiv med samlingar av dialektord

NO 2014

Frå og med 1. juni 2002 vart arbeidet med Norsk Ordbok kopla til prosjektet «Norsk Ordbok 2014». Utgangspunktet er at Stortinget slutta seg til innstillinga frå Kulturdepartementet i 2001 (Stortingsmelding 22 1999–2000) og vedtok at ordboksverket skulle gjerast ferdig i 2014 — det vil seie til 200-årsjubiléet for {{Den norske grunnloven]]. Etter vedtaket har det skjedd fleire endringar: Løyvingane er kraftig auka, det er tilsett mange nye medarbeidarar, det er oppretta ein eigen filial av redaksjonen ved NTNU i Trondheim, materialet er digitalisert, det er utarbeidd fastare og klårare reglar for redigeringa, blant anna når det gjeld eksempel på bruk av ord og tydingar, og manuskripta for ordboksartiklane blir lagt direkte inn i eit nyutvikla redigeringsprogram.

De viktigaste finansieringskjeldone til Norsk Ordbok kjem frå Kultur- og kirkjepartementet og Universitetet i Oslo.

Prosjektet «Norsk Ordbok 2014» har Magnus Rindal som styreleiar og Kristin Bakken som prosjektdirektør. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Oddrun Grønvik og Dagfinn Worren. Arbeidet blir organisert gjenom seks redaksjonsgruppor, kvar med 4–5 redaktørar.

Fotnotar

  1. «Mål og målgruppe» på prosjektnettstaden til Norsk Ordbok.

Kjeldor

  • Bakken, Kristin: «Norsk Ordbok 2014 – rammer og utfordringar», i Nordiske studiar i leksikografi ; 7 (2005).
  • Hageberg, Arnbjørg: «Norsk Ordbok - i 1950 eit nybrotsverk, i 1991 ein anakronisme?» i Fjeld, Ruth V. (red.): Nordiske studier i leksikografi ; 1 (1992).
  • Skard, Sigmund: Norsk Ordbok : historie - plan - arbeidsskipnad. Oslo: Det Norske Samlaget, 1932.
  • Vikør, Lars S.: «Norsk Ordbok ved ein krossveg», i Nordiske studier i leksikografi ; 6 (2003).


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon


Pekarar