Nordlandsbåt

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Nordlandsbåtar under innseglinga til Forbundet Kysten sitt landsstemne i Bodø sommaren 2006.

Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typeen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.

Fembørdingen er den største nordlandsbåttypen med fem årepar. Ein åttring var opprinnelig ein båt med åtte årar. Åttringen vart etter kvart bygd enda større og kunne ha ti årar, men namnet endra seg ikkje anna enn at denna typen vart kalla storåttring. «Seksring» eller trirøing hade begge seks årar. Færingen var minst og hade oftast fire årar. Færingen kan òg bli kalla «kjeks» — eit ord som nokre vil sette i samenheng med engelsk ketch, men som trulig heller heng samen med ordet kokse.

Bindalen, Rana og Salten var hovudsentra for trebåtbygging i Nordland. Gran vart mest bruka i Bindal og Rana, medan saltværingsbåtane gjerne vart bygd i furu.

Mot slutten av 1800-talet vart andre båttypar, blant anna med dekk, tekne i bruk i fiskeria, og de tradisjonelle nordlandsbåtane vart mesta heilt borte. De nye typane var ofte finneidbåtar og listerbåtar.

Oversyn over nordlandsbåtar

«Sjekter ved Nordlandskysten» måla av Gunnar Berg (1863–1893).

Oversynet over olike typar av nordlandsbåtar er eit relativt oversyn. Båten finst i olike størrelsar, men lengda går på skjønet til båtbyggjaren og ikkje etter eksakte mål. Færingen er grunnbåten i systemet, og han er kring 14 fot. De største båtane er på kring 44 fot, men det finst fleire historior om ekstra store fembørdingar. Den største som blir nemnt i litteraturen er på 58 fot. Tå de kring 160 oppmålte nordlandsbåtane er det vanskelig å finne to som er akkurat like store. Trass i detta finst det likevel fleire olike kategoriar med eigne typenamn. Namna varierer mellom olike distrikt i Nord-Norge.

Rom Lengd (fot) Årar Årepar Romnemning Andre
2 14– færing (Helgeland) tororing torømming kjeks (Salten og nordover)
sjun (Grytøya, Troms)
2,5 hundromsfæring (Helgeland) tororing halvtrierømming (Salten og nordover) kjeks
3 seksring (Helgeland) treroring (Salten og nordover) trerømming
3,5 seksring treroring halvfjerdrømming kobbromsbåt
4 firroring
4,5 halvfemterømming bunkerrømming
5,0 åttring
6+ seksroring fembørding
6++ –58 storfembørding
  • Færingen (også kjent som: kjeks og sjun) er minst 14 fot, har to rom mellom toftene og to par årar.
  • Hundromsfæringen (også kjent som: kjeks) har i tillegg eit halvt rom på midten og er kring 17 fot.
  • Seksringen (også kjent som kobbroms-båt eller treroring) er kring 20 fot og har plass til tre par årar.
  • Halvfjerderømmingen er kring 22 fot. Har tre par årar, men har eit halvt rom meir enn seksringen.
  • Firroringen er kring 24 fot og har fire par årar.
  • Halvfemterømmingen har eit halvt rom meir enn firroingen og er kring 28 fot.
  • Åttringen hade opprinnelig fire årepar, seinare fem. Åttringen er mellom 30 og 38 fot og har eit halvrom meir enn firroringen.
  • Fembørdingen er den største nordlandsbåten og har fem eller seks årepar; han kunne vara opptil 48 fot.
  • Stor-fembørding er namnet på de ekstra store fembørdingane.


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nordlandsbåt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty