Mosjé ben Maimón

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Mosjé ben Maimón (30. mars 113513. desember 1204), hebr. משֶׁה בֶּן מַיימוֹן [mō'še ben maj'mōn], j.-arab. מוסא אבן מימון ['mūsa ibn may'mūn], gr./lat. Moses Maimonides), mest kjent som Maimonides, var ein dokter, rabbinar og filosof som er særleg kjent för det halakhiske verket Misjné Torá og den filosofiske boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller De rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi.

Innhaldsliste

Biografi

Córdoba

Mosjé ben Maimón vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimón, og rebbí Joséf ibn Migásj.

Marokko

Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det kjente kommentarverket sitt til Misjná.

Israel

Etter opphaldet i Marokko budde Mosjé ei kort tid i Israel — hovudsakleg i Jerusalem, der han bruka å be i ein synagogeTempelhøgda.

Egypt

Etter detta flytta han til Egypt og busette seg i Fustat, der han verka som dokter ått storvisir Alfadhil og/eller sultan Saladin av Egypt. I Egypt skreiv han det meste av verket sitt, inkludert Misjné Torá. Mosjé ben Maimón dødde i Fustat den 13. desember 1204 og vart gravlagt i Tiberias i Israel.

Verk

Kommentar til Misjná

Sefer hammiṣvót

Misjné Torá

Moré nebukhím

Andre verk

De tretten prinsippa

Halakhá

Innflytelse

Mosjé ben Maimón var ein tå de få jødiske filosofane som òg hade stor innflytelse på den ikkje-jødiske verda — både innaføre kristendommen og innaføre islam. Enno i dag er han blant de mest respekterte av alle jødiske filosofar. Eit mykje bruka ordhell blant jødar i mellomalderen var «Frå Mosjé (med Toráen) til Mosjé (Maimonides) har det ikkje vore nånn slik Mosjé.»

Mosjé ben Maimón var utan samanlikning den mest innflytelsesrike personen i jødisk tenking i mellomalderen. Radikale jødiske tenkjarar i de neste århundra kan skildrast som maimonidanarar eller anti-maimonidanarar. Moderate tenkjarar var de som i hovudtrekk aksepterte Maimonides sitt aristoteliske verdssyn, men som avviste de elementa tå detta som de meinte gikk mot den jødiske religiøse tradisjonen. Denna typen eklektisisme hade høgdepunktet sitt på 1300- og 1400-talet.

Den skarpaste og mest gjønomgåande kritikken av Mosjé ben Maimón i mellomalderen var Hasdai Crescas sitt verk Or haSjém. Crescas gikk imot den eklektiske tendensen ved å rive heilt ned vissheita i det aristoteliske verdssynet — ikkje berre i religiøse spørsmål, men òg i de mest grunnleggjande områda tå vitskapen i mellomalderen, slik som fysikk og geometri. Crescas sin kritikk provoserte fleire jødiske tenkjarar på 1400-talet til å skrive försvarsskrift för Mosjé ben Maimón sine idéar. Ei omsetting av Or haSjém til engelsk skriven av Harry Austryn Wolfson ved Harvard University vart utgjeven i 1929.

Sitat

  • «Lær tunga di å seie ‘Eg veit ikkje!’ og du vil gjera framsteg.»
  • «Sjansen at ein tek feil avgjersle er betre enn redsla ved ikkje å bestemme seg.»
  • «Du lyt godtaka sanninga same kva kjelde ho kjem frå.»
  • «Føregrip velferdsgåvor ved å hindre fattigdom; hjølp den trengande grannen, enten ved ei stor gåve eller ein pengesum eller ved å lære han ein næringsveg eller ved å leie han inn i handel så han kan tjene si ærlege løn og ikkje bli tvungen til det fryktelege alternativet å vera nøydd til å halde ut handa si för velferd. Dette er det øvste steget og toppen av den gylne velferdsstigen.»
  • «Vi er skuldige å vise meir omsut med bodet om å gjeva til velferd enn med noko anna gjerningsbod — för velferdsgåvor er teknet på eit rettvist menneske.»

Kjeldor

Litteratur

Pekarar

Misjné Torá

Moré nebukhím


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty