Moses Mendelssohn

Frå Alnakka.net
Moses Mendelssohn (1729–1786)

Moses Mendelssohn (f. 6. september 1729 i Dessau i Tyskland; d. 4. januar 1786), var ein tysk-jødisk rasjonalistisk filosof, opplysningsfilosof og bibelomsettar. Han blir rekna som hovudsymbolet for haskalá-rørsla, eller den jødiske opplysnings- og emansipasjonsrørsla.

Familie

Moses Mendelssohn sine barneborn Felix Mendelssohn og Fanny Mendelssohn var kjente romantiske komponistar.

Verk

Bibelomsetting

Moses Mendelssohn omsette deler av Tenákh (Den hebraiske bibelen) til tysk med hebraisk skrift med hans eige kommentarverk (1783).

Verkliste

  • 1755Briefe über die Empfindungen
  • 1767Phädon oder über die Unsterblichkeit der Seele
  • 1771Philosophische Schriften, 2 Bände
  • 1785Morgenstunden oder Vorlesungen über das Dasein Gottes
  • 1783Jerusalem oder über religiöse Macht und Judenthum
  • 1845Gesammelte Schriften, 7 Bände


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Moses Mendelssohn» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Q1