Misjná

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Eit sett av Misjná med kommentarar.
Foto:Olve Utne

Bokverket Misjná (hebr. מִשְׁנָה [miš'nā]) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa tå den munnlege Toráen som han vart forstått tå farisearane og seinare av de rabbinske jødane. Misjná vart redigert og fullført tå Jehudá hannassí mot slutten tå 100-talet tå den vestlege tidsrekninga.

Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane tå Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt hundreår tidlegare. Éin tå de seks hovuddelene tå Misjná handlar spesifikt om lovar for tempeltjenesta.

Det er òg verd å merke seg at svært få skriftsitat er gjevne som basis for lovane i Misjná. Harmonisering og underbygging tå misjnaiske lovar og Torá-lovar var viktige element i de seinare medrasjím og Talmúd (Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí).

Dei rabbinske lærde som Misjná dokumenterer syna ått blir kalla tannaím (fl. tå tanná). Tanná er eit arameisk ord som kjem frå same rota som hebraisk Misjná. Grunntydinga av ordet er ‘ta oppatt’, ‘repetere’, og verbet kan òg tyde ‘å lære’. Ordet misjná tyder nærmast ‘det lærte’, og Misjná er i utgangspunktet å sjå som ein meir eller mindre fullstendig korpus av fariseisk-jødisk sivil og religiøs lov slik denna var forstått fram mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga og redigert av rebbí Jehudá hannasí («prins Jehudá»). Jehudá hannassí blir elles oftast kalla rett og slett Rebbí.

Språket i Misjná

Språket i misjná er ei form av hebraisk som gjerne går under namnet misjnaisk hebraisk. Nokre av trekka som skil misjnaisk hebraisk frå bibelsk hebraisk er:

  • Meir bruk av malé-skrivemåtar — det vil seie at ein brukar dei hebraiske konsonantane jód og vav der vokalane er korte og vanlegvis ikkje noterte i bibelsk hebraisk.
  • Tendens til samanfall av maskuline og feminine former i visse pronomen — f.eks. ofte att for både hannkjøn og hokjøn der bibelsk hebraisk skil mellom attá (hannkjøn) og att (hokjøn). Det er òg meir bruk av endinga -ákh for 2. person eintal der bibelsk hebraisk normalt har -èkha eller -khá.
  • Mykje bruk av -ín i staden for bibelsk hebraisk -ím i fleirtal av substantiv og verb.
  • Overgang til hokjøn i mange ord der bibelsk hebraisk har hannkjøn, såvel som ein tendens til at dessa orda og mange andre tek -ót i fleirtal heller enn den bibelske forma -ím.

Inndelinga av Misjná

Ordet «misjná» kan òg tyde ein ‘paragraf’, det vil seie den minste juridiske eininga i Misjná. Fleirtalsforma av misjná er «misjnajót». Ei gruppe av misjnajót utgjer ein perek (eit kapittel); ei gruppe av perakím (kapittel) utgjer ein massékhet (ein traktat), ei gruppe av massekhtót utgjer ein séder (ein orden), og dei seks sedarím utgjer heile Misjná. Det hebraiske uttrykket for seks traktatar er שִׁשָּׁה סְדָרִים [šiššā sədārīm], forkorta til SjaS. Same inndelinga som for Misjná gjeld òg for heile Talmúd i sine to utgåvor — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí.

  1. Séder Zerangím
    1. Massékhet Berakhót
    2. Massékhet Peá
    3. Massékhet Demái
    4. Massékhet Kilàjim
    5. Massékhet Sjebingít
    6. Massékhet Terumót
    7. Massékhet Mangasrót
    8. Massékhet Mangasér sjení
    9. Massékhet Ḥallá
    10. Massékhet Ngorlá
    11. Massékhet Bikkurím
  2. Seder Mongéd
    1. Massékhet Sjabbát
    2. Massékhet Ngerubín
    3. Massékhet Pesaḥím
    4. Massékhet Sjekalím
    5. Massékhet Jomá
    6. Massékhet Sukká
    7. Massékhet Besá
    8. Massékhet Rosj hasjaná
    9. Massékhet Tanganít
    10. Massékhet Megillá
    11. Massékhet Mongéd katán
    12. Massékhet Ḥagigá
  3. Seder Nasjím
    1. Massékhet Jebamót
    2. Massékhet Ketubbót
    3. Massékhet Nedarím
    4. Massékhet Nazír
    5. Massékhet Sotá
    6. Massékhet Gittín
    7. Massékhet Kiddusjín
  4. Seder Nezikín
    1. Massékhet Babá kammá
    2. Massékhet Babá meṣingá
    3. Massékhet Babá batrá
    4. Massékhet Sanhedrín
    5. Massékhet Makkót
    6. Massékhet Sjebungót
    7. Massékhet Ngedujjót
    8. Massékhet Ngabodá zará
    9. Massékhet Abót
    10. Massékhet Horajót
      (I Talmúd bablí er det lagt til sju seinare massekhtót: Massékhet Abót derebbí Natán, Massékhet Soferím, Massékhet Ébel rabbatí, Massékhet Kallá, Massékhet Derekh ereṣ rabbá, Massékhet Derekh ereṣ zutá og Massékhet Perek hasjalóm)
  5. Seder Kodasjím
    1. Massékhet Zebaḥím
    2. Massékhet Menaḥót
    3. Massékhet Ḥullín
    4. Massékhet Bekhorót
    5. Massékhet Ngarakhín
    6. Massékhet Temurá
    7. Massékhet Keritót
    8. Massékhet Mengilá
    9. Massékhet Tamíd
    10. Massékhet Middót
    11. Massékhet Kinním
  6. Seder Taharót
    1. Massékhet Kelím
    2. Massékhet Ohalót
    3. Massékhet Negangím
    4. Massékhet Pará
    5. Massékhet Tahorót
    6. Massékhet Mikvót
    7. Massékhet Niddá
    8. Massékhet Makhsjirín
    9. Massékhet Zabím
    10. Massékhet Tebúl jom
    11. Massékhet Jadájim
    12. Massékhet Ngukṣín

Sjå òg


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinnor):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (helige ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín

Personlige verkty