Minbar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Minber i Dolmabahçe Camii i Istanbul.
Foto:Darwinek.

Ein minbar (arab. منبر‎, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre för mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka).

Ordet al-minbar ligg elles til grunn för almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet för tebá (lesarplattform) i synagogen.

Sjå òg

Personlige verkty