Michael Melchior

Frå Alnakka.net
Michael Melchior.
Foto:«Yoli»

Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet).

Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fikk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tjente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nylig framleis var overrabbinar.

Sidan 1985 har Michael Melchior og familien hans hovudsakleg budd i Israel. I 1999 vart han innvelt i Knesset som representant for Meimad, og han vart attvelt i 2003. Sidan 1999 har han vore minister for det israelske samfunnet og for det jødiske verdssamfunnet. I perioden frå 1999 til 2002 var han viseutanriksminister i tillegg.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Michael Melchior» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.