Lulesamisk

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom nordsamisk i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt tala blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og Tysfjord kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare, i Jokkmokk og i deler av Arjeplog kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet för lulesamisk språk i Norge, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen.

Innhaldsliste

Historie

Skriftspråk

Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (18001861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan (‘Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande’, 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sidor.

Grammatikk

Tospråklig skilt ved lulesamisk barnehaga i Tysfjord.
Foto: Olve Utne

Alfabet

Det moderne lulesamiske alfabetet er, med eldre former i parentes:

Aa Áá Bb Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Ŋŋ (= Ńń, Ññ) Oo Pp Rr Ss Tt Uu Vv (= Ww) Ææ/Ää Åå

I tillegg kjem diftongane:

ie, oa, uo

Vokalen æ/ä blir òg uttala som diftong av mange: . Andre uttalar han som ein lang æ-lyd.

Ein del konsonantlydar blir skrevne med to bokstavar:

dj, nj, sj, tj, ts

I tillegg blir dei her bokstavane bruka i lånord:

Cc, Qq, Xx, Yy, Zz, Øø/Öö

Fonologi (lydlære)

Stadieveksling

Det følgjande er nån eksempel på dei mange stadieveksel-rekkjone.

Plosivar og affrikatar:

Grad
III II I
hpp hp b
htt ht d
hkk hk g
Grad
III II I
httj htj tj
htts hts ts
l’l ll l

Morfologi (formlære)

Substantiv

Lulesamiske substantiv blir bøygd i to tal (eintal og fleirtal). Det finst elleve kasus på lulesamisk, men tre av dem er sjeldan bruka. Kasusa blir uttrykt med faste konsonantendingar, og i tillegg har dei fleste substantiva stadieveksling, og somme substantiv har variasjon i stavelsestalet.

Pronomen

Verb

Talord

Grunntal
0 nulla = nållå 10 lågev 20 guoktalåhke
1 akta 11 lågenanakta 21 guoktalåkakta
2 guokta 12 lågenanguokta 22 guoktalåkguokta
3 gålmmå 13 lågenangållmå 23 guoktalåkgålmmå
4 niellja 14 lågenanniellja 24 guoktalåkniellja
5 vihtta 15 lågenanvihtta 25 guoktalåkvihtta
6 guhtta 16 lågenanguhtta 26 guoktalåkguhtta
7 gietjav 17 lågenangietjav 27 guoktalåkgietjav
8 gáktsa 18 lågenanáktsa 28 guoktalåkgáktsa
9 aktse 19 lågenanaktse 29 guoktalåkaktse

Syntaks (setningslære)

Pekarar

Sjå òg

Personlige verkty