Ladino

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Ladino med transkribert hebraisk frå ei bok utgjeva i Amsterdam i 1636. Merk ordstillinga i “las palabras eſtas” der kastiljansk normalt har «estas palabras».

Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudíospanjol (jødespansk). Karakteristisk för ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet för sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.

I nyare tid — særlig etter andre verdskrigen — blir òg namnet ofte bruka som synonym för djudíospanjol som talespråk og sekulært skriftspråk.

Sjå òg

Personlige verkty