Kvede

Frå Alnakka.net
kvede

Koeh-049.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae
Underfamilie: Maloideae
Slekt: Cydonia
Art: oblonga
Kvedefrukt.
Foto:Donovan Govan

Ein kvede (Cydonia oblonga; nyn., bm. kvede, da. kvæde, sv. kvitten; sp. membrillo) eller eit kvedetre er eit lauvfellande tre i rosefamilien og den einaste arten i slekta Cydonia. Kveden kan bli opp til sju meter høg og blomstrar i mai med 5 cm store lysraude til kvite blomstrar. Den etterfölgjande frukta er gul og velduftande, men har eit tree, knapt etande, fruktkjøtt. Frukta kan kokast til syltety, marmelade eller gelé. I Sør-Europa, slik som i Italia og Spania, lagar de kvedebrød (italiensk cotognata og kastiljansk carne de membrillo), eit slags marmelade-snop av like vektdeler sukker og kvedemos som får koke i langkok og som så stivnar til geléaktig konsistens. Kvedebrødet blir ete som dessert, ofte i lag med ferskost, som for eksempel ricotta.

Sukkerlake av frukta blir sagt å ha medisinske eigenskapar og blir bruka mot diaré og dysenteri. Blautlagte frø avgjev eit slim som tidlegare har vore bruka i hårstell i Latin-Amerika.

Slektsnamnet Cydonia ser ut til å gå tilbake til Kreta og den antikke byen Kydonia, no Chania, der det tidleg vart både dyrka og eksportert kvede. Romarane kalla kveden eple frå Kydon. Kanskje er det slik at byen Kydonia vart oppkalla etter Kydon, son ått Apollon, medan frukta alt hadde eit gammelt namn, kydonion.


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kvitten» frå Svenska Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.