Krumstemning

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Krumstemning med fem par årar (åttring) i naust på Kjerringøya i Bodø kommune.
Foto:Olve Utne

Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, före dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og oftast utan overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane markante lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane.

Dei eldste oppmålte båtane

«Ranværingsbaad» — oppmålingstekning utført av Marinen på 1800-talet.

Vi kjenner ikkje til nån bevarte båtar av den eldste typen, men i Marinemuseet i Horten finst det oppmålingstekningar utført av Marinen på 1800-talet. Der finst det dokumentert krumstemningar med krummare stemnar enn på nån av dei bevarte båtane. Dei her båtane er basert utelukkande på hogde bord, band og kne.

Dei eldste bevarte båtane

Overgangen til rettstemna nordlandsbåtar

Pekarar

Personlige verkty