Krinalefse

Frå Alnakka.net

Krinalefse er ein lefsetype der dei halvsteikte leivane blir smurde med røre og drege mønster i med ei krine før dei blir ferdigsteikte.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

Deigen:
1   kg byggmjøl
1   kg kveitemjøl
2,5 dl skummamjølk

Røra:
750 Mal:Gr kveitemjøl
  7,5 dl mjølk
  2      egg
  1   Mal:Ts hjortsalt

Framgangsmåte:

Lag deig av mjøl og mjølk. Bak ut deigen til småe og tynne leivar som så blir steikte til dei akkurat stivnar.

Legg leivane på bordet att og smør dei med røra. Strip dei med krina til eit mønster. Ha dei på hella att og steik dem til dei blir heilt sprøe.

Bløyt lefsone og smør dei som alminnelege lefsor.