Puntero

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 01:07 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{jsp.}}» til «{{djudeospanjol}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sefer og puntero i Spurlock Museum.
Foto:«Rama»

Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekstokk’; pl. punteros), òg skreve ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein jad (pl. jadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekstokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vara laga av sølv (vanlegast), ten, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekfinger.


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkerne) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (tallit, talles, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (jarmelke, kalott) · mezuzá (dörkarm) ·