Skilnad mellom versjonar av «Kippúr»

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Levi - Form of Prayers III (5570) p. 14 (crop 2).jpg|Bøn {{för}} inkvisisjonsoffer{{æ}} og {{dei}} {{som}} vandr{{ar}} på vegen fr…»)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 02:10

Bøn for inkvisisjonsoffera og dei som vandrar på vegen frå det portugisarjødiske ritualet for Kal nidré-gudstjenesta.

Kippúr, òg kalla jom hakkippurím (Mal:Hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים) og jom kippúr, eller el ayuno blanco (sp., ‘den kvite fasta’) er den jødiske soningsdagen (eller bots- og bededagen) og fell på den 10. tisjré (den tiande dagen av den sjuande månaden). Etter den sivile kalenderen hamnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober.

Kippúr er ein full fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagt å faste frå solnergang på kippúr-aftanen til det er mörkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie kring 25 timar. I den her perioden et ein ingen ting og drikk ikkje Mal:Nokko anna enn kva som er strengt nødvendig av helsegrunnar.

Bøneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element:

  • Ein brukar tallét (bønesjal) under kveldsgudstjenesta. Det her er den einaste kveldsgudstjenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dét er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstjenestone i løpet av heile kippúr er å rekne for éi Mal:Samenhengande gudstjeneste.
  • Kal nidré (asjkenazisk: Kol nidré; italiensk kol-nedarím) er ei bøn om at lovnader ein gjorde sitt beste for å halde, men ikkje greidde å leva opp til, ikkje må bli haldne mot ein, og likeins at lovnader ein vart tvinga til (slik som, f.eks., under Den spanske inkvisisjonen) ikkje må bli haldne mot ein. (I asjkenazisk jødedom er den her bøna endra til å gjelde det kommande året i staden.)
  • Ein blæs i sjofár (bukkehorn) éin gong ved slutten av dagen for å markere at kippúr er over.
  • Under ngamidáen legg ein blant anna til bøna seliḥót.
  • I tillegg til dei vanlige gudstjenestone har ein gudstjenestone musáf og nengilá.
  • Ein legg til ngabodá-avsnittet, som fortel om gudstjenesta i Tempelet i Jerusalem på den her dagen.
  • Ein legg til ei minnebøn — kalla Hasjkabá eller Rogativa av sefardím og Jizkor blant asjkenazím.

Bønebøker for kippúr

  • מחזור. ORDEN DE ROS ASANAH Y Kipur. Traduzido en Eſpañol, y de nuevo emmẽdado, y añadido el Keter Malchuth y otras coſas. Eſtampado por induſtria y deſpeza de David Pardo, y Salom Ben Yoſſeph. Amſterdam: Menaſſeh Ben Iſrael, 5390 ( = 1630). (Nettutgåve frå Bibliotheca Rosenthaliana — scanna frå Bibl. Ros. 1899F26)

Séfer Joná

Sjå òg

Pekarar