Kasjrút

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Kasjrut)

Kasjrút, òg skreve kašrút, kashrut, kaschrus, kashrus, kashruth osv., er dei jødiske forskriftene om kva mat som er rituelt rein og orein.

Kasjrút — enkelt oversyn

  • Vegetabilsk mat er kasjér.
  • Sjømat) er berre kasjér om han har skjel (rist) og finnar.
  • Av kjøtt av dyr kan berre kjøttet av klauvdyr (partåa hovdyr) som jortar (ørtar, tygg drøv) vara kasjér.
  • Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast.
  • For å vera kasjér må kjøttet komma frå dyr som er slakta etter jødiske föreskrifter — sjå sjeḥitá.
  • Egg av reine dyr er kasjér om dei er frie for blod.
  • Mjølkeprodukt må komma frå reine dyr.
  • Bland ikkje mjølk og kjøtt i same måltid.
  • Kok ikkje nye matretter på sjabbát.
  • Når det er pesaḥ (påske) et ein berre osyra mat.

Vegetabilsk mat

Vegetabilsk mat er stort sett allveg kasjér. (Men for pesaḥ (påske) gjeld det spesielle reglar.) På grunn av at småkryp absolutt ikkje skal etast etter jødisk tradisjon, må grønsaker som blomkål og salat vaskast og kontrollerast ekstra nöye. Vegetabilsk mat blir rekna som parve, og kan dermed brukast både i måltid med mjølk og i måltid med kjøtt.

Vin av druor eller rosiner og alle produkt som inneheld vin eller druesaft er berre kasjér om de er produsert under kontroll av ein rabbinar.

Kasjér:
all obehandla frukt og alle obehandla grønsaker; kasjér-merka vin, kasjér-merka vineddik og kasjér-merka druesaft.
Kasjér berre om spesifikt sertifisert:
Vin basert på druor eller rosiner; druesaft og alle produkt som inneheld druesaft; vineddik og alle produkt som inneheld vineddik.
Lo kasjér:
Ikkje kasjér-merka vin, druesaft og vineddik; Mozell, hushaldningssaft (inneh. druesaft).

Sjømat

Sjøplantar kan etast. Av dyr som lever under vatn kan berre det som har skjel (rist) og finnar etast:

Tahór:
Torskefiskar: bleikje (kviting, +hvitting); brosme; hyse (kolje); lange; lyr; sei; torsk;
Laksefiskar: aure (+ørret); laks; *regnbogeaure; +regnbueørret; sjørøye.
Sildefiskar: ansjos; sardiner; sild.
Andre: bonito; gjedde; karpe; kveite; makrell; tunfisk.
Lo tahór:
Breiflabb; brugde; hai; håkjerring; rokke; sjøku; skate; steinbit; stør (inkludert russisk kaviar); sverdfisk; ål.
Havpattedyr: delfin; dugong; kobbe; kval; kvalross; nise; oter; rossmål; sel; sjøku.
Alle skaldyr, skjel og blautdyr er tamé: akkar; blekksprut; blåskjel; *hummar; +hummer; kamskjel; krabbe; kreps; kråkebolle; musling; reker; østers.

Kjøtt

For å vera kasjér må kjøttet komma frå tahóre dyr som er slakta etter jødiske forskrifter. Blod skal ikkje etast.

Pattedyr

3. mosebok, kap. 11:
2 Sei til israelittane: Dessa kan di eta av alle dyreslag på jorda: 3 Alle dyr som har klauver, klauver som er klöyvde heilt igjenom, og jortar, dem kan de eta. 4 Det er berre dessa di ikkje må eta av dem som jortar og dem som har klauver: kamelen, for han jortar nok, men har ikkje klauver; han skal de halde for orein; 5 og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal di halde for orein; 6 og haren, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halde for orein; 7 og svinet, for det har klauver, klauver som er klöyvde heilt igjenom, men jortar ikkje; det skal di halde for oreint. 8 Kjøttet av dessa dyra må di ikkje eta, og de daude kroppane deras må de ikkje røre. Dem skal di halde for oreine.

5. mosebok, kap. 14:
4 Detta er de dyra di kan eta: okse, sau, geit, 5 hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit. 6 Alle dyr som har klauver, klauver som er klöyvde heilt igjenom, og som jortar, kan di eta. 7 Av dyr som jortar, og av dyr med klauver som er klöyvde heilt igjenom, er det berre dessa di ikkje må eta: kamelen, haren og fjellgrevlingen, for de jortar nok, men har ikkje klauver; de skal di halde for oreine. 8 Like eins svinet, for det har klauver, men jortar ikkje; det skal di halde for oreint. Kjøttet av dessa dyra skal di ikkje eta, og når de er daude, må di ikkje komma nær dem.

Tahór:
Alle jortande (drøvtyggjande) klauvdyr som har klauvar som er fullstendig kløyvde — f.eks. småfe (sauer og geiter), storfe (ku, okse, kalv), bøffel, bison, antilopar (kudu, gnu, gaselle), hjortedyr (hjort, rådyr, dådyr, elg, rein) og sjiraffdyr (sjiraff og okapi).
Lo tahór:
Alle klauvdyr som ikkje jortar og/eller som ikkje har gjennomkløyvde klauvar (svin, kameldyr (kamel, dromedar, lama, alpakka, vikunja); alle dyr med udelte hovar (f.eks. hest, zebra, esel); alle pattedyr med potar, klør eller vengjer (rovdyr, kanindyr, gnagarar, insektetarar, flaggermus o.a.); alle sjøpattedyr (kval, sjøku, dugong, kvalross, sel o.a.)

Fuglar

Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast. Sefardisk jødedom baserer skiljet mellom tahóre og tamé fuglar på fysiologiske trekk, medan asjkenazisk jødedom i tillegg krev at det må vara ein allereie eksisterande minhág (tradisjon) for å eta kvart fugleslag.

3. mosebok, kap. 11:
13 Detta er fuglane di skal ha avsky for — dem må di ikkje eta, for de er ein styggedom: ørna, lammegribben og svartgribben, 14 glenta og alle slag falkar, 15 alle slag ramnar, 16 strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 17 kattugla, skarven og hubroen, 18 slørugla, pelikanen og åtselgribben, 19 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

5. mosebok, kap. 14:
11 Alle reine fuglar kan di eta. 12 Men dessa fuglane må di ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben, 13 glenta og alle slag falkar, 14 alle slag ramnar, 15 strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 16 kattugla, hubroen og slørugla, 17 pelikanen, åtselgribben og skarven, 18 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa. 19 Alt kryp som har venger, skal di halde for oreint. Det må ikkje etast. 20 Men alle reine fuglar kan di eta.

Vi ser her at rovfuglar, åtselfuglar og altetande sjøfuglar er tamé.

Tahór:
and; due; fasan; høns (hane, høne, kylling); kalkun; gås; vaktel.
Lo tahór:
Falk; glente; gribb (lammegribb, svartgribb, åtselgribb); hauk; hegre; hærfugl; måse (inkl. måseegg); pelikan; ramn (inkl. kråker, skjorer, kaier o.a.); +ravn; skarv; stork; struts; ugle (hubro, kattugle, slørugle); ørn.

Egg

Egg av reine dyr er kasjér om de er heilt frie for blod. Hønseegg, gåseegg, andeegg og kalkunegg er dermed kasjér, så lenge de ikkje inneheld blod. Måseegg er ikkje kasjér. Om det er ein drope blod i eggekviten, skal blodet fjernast. Om det er så mykje som éin drope blod på eller i plommen, er heile egget tamé og blir ikkje bruka til mat. Russisk kaviar er laga av egg frå stør (ein tamé fisk), og er dermed ikkje kasjér. Når ein kokar egga heile, skal ein allveg koke minst tre (3) egg, slik at om eit av dem inneheld blod, så kan ein i det minste gå ut frå at fleirtalet av egga var kasjér.

Egg er parve, og kan dermed brukast til både mjølkemåltid og kjøttmåltid — sjå nedanfor.

Mjølk og mjølkeprodukt

Lyt komma frå tahóre dyr

For at mjølk skal vara kasjér, må ho komma frå tahóre (rituelt reine) dyr — det vil seie dyr som har kløyvde klauvar og som jortar (tygg drøv). Med andre ord er mjølk av storfe, sau og geit i utgangspunktet kasjér, men mjølk frå hest og svin er tamé og skal ikkje drikkast.

Bland aldri mjølk og kjøtt

I Toráen finn vi denna setninga 3 gonger: «Ló tebasjél gedí baḥaléb immó.» (2. mos. 23:19; 2. mos. 34:26; 5. mos. 14:21.) Ordrett omsett tyder dette «Ikkje kok kje i mjølka ått mor si.» Dette er basis for det jødiske tabuet mot å blande mjølkeprodukt og kjøttprodukt i same måltid.

Pekarar

Om kasjrút generelt

  • Kashrut.org – ein viktig nettstad for spørsmål om kasjrút frå eit primært sefardisk perspektiv

Lister over kasjér mat i skandinaviske daglegvareforretningar

Lister over tilsetningsstoff

Kasjér vin