Karl Herschel

Frå Alnakka.net
Karl Herschel (1821/22–1891).

Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson.

Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg. Derifrå flytta dei til Bergen eit par år etter, og med unntak av eit to års opphald budde Karl og familien hans i Bergen fram til Karl dødde i 1891.

Karl og Anna hadde desse borna:

  1. Leon Herschel, f. 1854 i Brody, forretningsmann og oversettar; gift med Mathilde Hansen, og eldste dotter deras, Augusta Herschel, var mor ått Torborg Nedreaas.
  2. Rosalie Herschel, f. 1858 i Bergen; gift med Oscar Ourchudesh
  3. Fanny Herschel, f. 1861 i Bergen; gift med Leo (Leopold) Ourchudesh. Fanny dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
  4. Sara Herschel, f. 23. juni 1862 i Bergen
  5. Herman Herschel, f. 1865 i Bergen. Herman var fotograf. Han dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
  6. Ein son fødd i Brody — dødde ung
  7. Frida Herschel, f. 29. desember 1872 i Bergen

Verk

Kjeldor

  • Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.