Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934)

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk

53.552038° N 9.979204° Ø

Kahal Kados Bet Israel
Hamburg Esnoga 1855 Hekhal (Cassuto 1927).jpg

Zweite Marktstraße 6, Hamburg

Generelt


Gruppe:  portugisarjødisk
Bygd:  1855
Innvigd:  22. september 1855
Opphørt:  1934
Arkitektur
Periode: nyromansk/nymaurisk
Arkitekt:  A. Rosengarten (18101893)
Mål:  20 × 9 m (ytre mål, anslag etter kart)
Esnogarommet
Fasaden av esnogaen i Zweite Marktstraße i Hamborg.

Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamborg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (18101893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ner i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag.

<flashmp3>Halel_2_dia_de_Pascua_Hamburg.mp3‎</flashmp3>
Tradisjonell musikk frå Hamborg-esnogaen: «Halél de Segundo Día de Pascua» (utg. 1838).


Ein asjkenazisk jøde frå Hamborg som seinare flytta til Israel fortelte:

Eit besøk til den portugisiske synagogen var allveg som eit besøk til ein eksotisk plass. Religionsutøvelsen, kledone, gudstjenestegangen — alt var fullstendig olikt det vi var van med frå den tyske eller asjkenaziske gudstjenesta. Seta var oppsett i ring, (...) menigheita satt kring almemoren, (...) Berre attmed inngangen var det ein benk (...) Da vi smaug oss forsagt inn og bestemte oss for å sette oss på benken atti rommet, jaga sjammásjen oss derifrå fordi at den benken var berre for sørgjande. (...) Torárullane var omslutta av rikt ornamenterte sølv- og tresylindrar, og baksida av rullane var dekt av fin sateng. Ḥazzánen og sjammásjen hadde ikkje beret, men trekornshatt, lang frakk og knebrøker med kvite strømpor og svarte sko. Alt dette bidrog til ein mellomalderutsjånad som minner om måleria ått Rembrandt.

Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.

Bildegalleri

Kjeldor