Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934)

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 25. mars 2020 kl. 20:23 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>'''Kahal Kados Bet Israel''' i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamborg vart bygd av den jødi…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamborg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (1810–1893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ner i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag.

Ein asjkenazisk jøde frå Hamborg som seinare flytta til Israel fortelte:

Eit besøk til den portugisiske synagogen var allveg som eit besøk til ein eksotisk plass. Religionsutøvelsen, kledone, gudstjenestegangen — alt var fullstendig olikt det vi var van med frå den tyske eller asjkenaziske gudstjenesta. Seta var oppsett i ring, (...) menigheita satt kring almemoren, (...) Berre attmed inngangen var det ein benk (...) Da vi smaug oss försagt inn og bestemte oss för å sette oss på benken atti rommet, jaga sjammásjen oss derifrå fördi at den benken var berre för sørgjande. (...) Torárullane var omslutta av rikt ornamenterte sølv- og tresylindrar, og baksida av rullane var dekt av fin sateng. Ḥazzánen og sjammásjen hade ikkje beret, men trekornshatt, lang frakk og knebrøker med kvite strømpor og svarte sko. Alt det her bidrog til ein mellomalderutsjånad som minner om måleria ått Rembrandt.

Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.

Mal:Coord