Kålrabi

Frå Alnakka.net

Mal:Taksoboks byrjing Mal:Taksoboks bilde Mal:Taksoboks klassifikasjon byrjing Mal:Biologisk rike Mal:Biologisk orden Mal:Biologisk familie Mal:Biologisk slekt Mal:Biologisk art Mal:Sluttboks Mal:Vitskapleg namn Mal:Sluttboks Ein kålrabi eller ei kålrot (lat. Brassica napobrassica eller Brassica napus var. napobrassica), òg kalla kålrot, er ei gammel kulturplante som har vore dyrka i Norge i alle fall sidan midt på 1600-talet. Kålrabi er ei relativt hardfør og lettdyrka plante som er veldig mykje bruka i Skandinavia, Tyskland og Skottland.

Namn

Kålrabi er lånt gjenom tysk Kohlrabi frå italiensk cavoli rapi. Dette namnet blir bruka mange plassar i Norge, og i mindre grad i Danmark òg. Andre plassar blir derimot dét namnet bruka om knutekål. Variantar av namnet inkluderer kålaby, kårabi, kolerabi, kålrape, kålrabbe og rabbe.

Kålrot blir bruka dei fleste plassane i Sverige, og i aukande grad i Norge òg.

Rabbe er det vanlige namnet på Sunnmør.

Rotabagge er ei dialektform frå Västergötland som har spreidd seg til amerikansk engelsk, i forma rutabaga. Rutabaga har òg etterkvart vorte det vanlegaste namnet på fransk.

Dyrking

Kålrabien er veldig hardfør og kan dyrkast over store deler av Skandinavia. Dei fleste plassane, inkludert mykje av Nord-Norge, er veksttida lang nok til at kålrabien kan såast på friland og enda gje god avling.

Tidlegproduksjon av kålrabi skjer med planta kålrabi i de klimatisk gunstigaste områda. Kålrabi utnyttar jord og gjødsel veldig godt. Ein kombinasjon av kålrabi til mat og fôr var vanleg i det konvensjonelle landbruket i tidlegare år, og med økologisk landbruk har den kombinasjonen vorte meir aktuell att.

Bruk

Kålrabi skil seg ut frå de fleste andre kålsortane ved at det først og fremst er rota som blir bruka til mat. Kålrabi blir skrella og koka samen med gulrøter og potetar som tilhør til blandaball, sildball og andre ballsortar.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kålrot» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kålrot» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.