Joan Baptista Josep Cabanilles

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Joan Baptista Josep Cabanilles (katal.) eller Juan Bautista José Cabanilles (sp.) (f. 6. september 1644 i Algemesí, d. 29. april 1712 i Valencia) var ein katalansk barokkomponist, organist og katolsk prest. Han blir rekna som den störste barokkomponisten i Spania, og han blir somme gonger kalla «den spanske Bach».

Liv

Joan Baptista Josep Cabanilles vart fødd tisdagen den 6. september 1644 i Algemesí utafor Valencia. Vi reknar med at han begynte musikkarrieren sin som korgut i ei lokal kirkje. Seinare studerte han teologi, inkludert musikk, ved domkirkja i Valencia. På fredagen den 15. mai 1665 varthan tilsett som assisterande organist i Valenciadomen. Året etter, etter at forgjengaren hans dødde, tok han over hovudstillinga som domorganist. Laurdagen den 22. september 1668 vart han ordinert til prest. I åra frå 1675 til 1677 var han songlærar for gutane i domkoret òg. Han fortsette som domorganist i 45 år, men frå 1703 gjorde den sviktande helsa hans at han ofte laut ha vikar.

Verk

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

«Pasacalle de 1. tono M386 No. 47» — spela av Andreas Zappe på eit cembalo i italensk stil etter Giusti.

Ein del av verka ått Cabanilles er virtuose og avanserte for si tid, men generelt står han i den spanske tradisjonen med tangentinstrumentmusikk med sterke røter i 1500-talets seinrenessanse. Dei fleste av manuskripta hans finst i Biblioteca de Catalunya i Barcelona. Dei bevarte verka inkluderer mange tientos, toccatas og pasacalles for orgel, så vel som ymse verk for opptil 13-stemt kor.

Diskografi (utval)

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon