Jiṣ’ḥák Alfassi

Frå Alnakka.net

Rebbí Jiṣ’ḥák ben Jangakób hakkohén Alfassi (10131103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Jiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særlig blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen.

Biografi

Jiṣ’ḥak ben Jangakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Jangakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide oforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Dei grunnla ein jesjibá (eit Torá-akademi) i namnet hans òg, og mange studentar kom reisande frå heile Marokko for å studere under honom. Jiṣ’ḥak ben Jangakób hakkohén vart varande i Fez i 40 år og fullførte Sefer hahalakhót i løpet av tida si der. Etterkvart vart han kjent under namnet Alfassi, som er arabisk for ‘frå Fez’;. Tilnamnet RIF kjem frå «Rebbí Jiṣ’ḥak alFassi».

I 1088 vart han rapportert til styresmaktene av okjente grunnar. Han fór frå Fez og flykta ått Spania, der han vart utnemnt til leiar for jesjibáen i Lucena i 1089.

Jiṣ’ḥák Alfassi dødde kring 90 år gammel i 1103.

På sett og vis kan ein seie at Jiṣ’ḥák Alfassi var avslutninga på den geoniske perioden. Den siste av dei babylonske geoním, Ḥai gaón, dødde da Alfassi var 25 år gammel. Alfassi sjølv vart kalla «gaón» av fleire tidlege halakhiske autoritetar. Den mest kjente av studentane hans var Jehudá halleví.

Verk

Séfer hahalakhót

Séfer hahalakhót utleier alle dei klåre lovavgjerslone frå dei tre Talmúd-voluma Séder Mongéd, Séder Nasjím og Séder Nezikín i tillegg til enkelttraktatane Berakhót (ein del av Séder Zerangím) og Ḥullín (ein del av Séder Kodasjím). Alfassi transkriberte dei halakhiske konklusjonane frå Talmúd ordrett, utan dei kringliggjande drøftingane, og han utelet òg alt aggadisk materiale. Dette verket vart spreidd i avskrifter føre tida ått Rashi og andre kommentatorar og førte med seg ei djuptgripande endring i studiepraksisen til samtidige og seinare jødar: Med Séfer hahalakhót vart det elles svært tunglesne Talmúd bablí gjort tilgjengelig for vanlege folk. Boka Séfer hahalakhót vart snart kjent under tilnamnet «Talmúd katán» (‘litle-Talmúd’). Ho blir òg kalla «Hilkhót RIF», eller ‘RIF sine halakhót’.

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Isaac Alfasi from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.