Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn

Frå Alnakka.net
Gammelt bilde av jesjibáen i Valozjyn.

Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (hebr. ישיבת עץ חיים בוולוזין), kjent på jiddisch som Eits chaiem jeshive eller Valozhin jeshive, var ein jesjibá i byen Valozjyn i det novarande Belarus. Jesjibáen vart grunnlagt i 1803 av rebbí Ḥajjim Volozhin, ein elev av Vilner Góen, og med verksamheita gjenom det meste av 1800-talet og nån år inn på 1900-talet kom denne jesjibáen til å spela ein sentral rolle i utviklinga av asjkenazisk ortodoks jødedom.

Historie

1803–1892

Jesjibáen vart grunnlagt i 1803 av rebbí Ḥajjim Volozhin. Da han dødde i 1821, tok sonen hans, Jiṣ’ḥak Volozhin, over som rosj jesjibá. Da Jiṣ’ḥak dødde i 1849, vart rebbí Eli‘ezer Fried utnemnt som rosj jesjibá, med rebbí Naftali Ṣ’vi Jehuda Berlin som assistent. Da rebbí Fried dødde fem år etter, i 1854, tok rebbí Berlin over som rosj jesjibá, med rebbí Joseph Dov Soloveichik, reb Ḥajjim sitt oldebarn, som assisterande rosj jesjibá. I 1865 gikk Soloveichik av for å tjene som rabbinar i Slutsk.

Jesjibáen vart stengt i januar 1892. Kva grunnen til stenginga var, har det vore debatt kring. Eitt syn er at dei russiske styresmaktene krevde at visse sekulære emne måtte inn i studieplana. Rebbí Berlin nekta å rette seg etter dét og let styresmaktene stengje jesjibáen.[1] Ein annan teori er at rebbí Berlin ikkje var så mykje imot sekulære studium som han var imot den diktatoriske tonen i kravet: “Alle lærarar i alle fag lyt ha formelle høgskulevitnemål ... ingen jødiske emne kan undervisast mellom klokka ni på morgonen og tre på ettermiddagen ... ingen kveldsklassar er tillatne ... totalt tal studietimar per dag kan ikkje vara over ti.”

Andre att, slik som historikaren Shauel Stampfer, seier problemet var rebbí Berlin sitt forsøk på å utnemne sonen sin til rosj jesjibá trass i motstand mot det. Nylig offentliggjorte dokument frå dei russiske styresmaktene ser ut til å tyde på at det siste var den verkelige grunnen til at jesjibáen vart stengt.[2]

1899–1940

Rebbí Refael Shapiro, svigersonen til rebbí Naftali Ṣ’vi Jehuda Berlin, opna jesjibáen att i 1899, men i mindre målestokk.

Etter andre verdskrigen

I 2000 vart den gamle jesjibábygninga gjeva tilbake til Den jødiske religiøse unionen i Belarus, ein ortodoks paraplyorganisasjon. I 2007 truga styresmaktene i Belarus med å ekspropriere bygninga att med mindre det jødiske samfunnet kunne samle inn 20 000 USD til renovering av henne. Det jødiske samfunnet i Nord-Amerika tok affære, og Agudath Israel samla inn pengar til restaurering.[3]

Kjente studentar

Fotnotar

Bibliografi

  • Shaul Stampfer: Lithuanian Yeshivas of the Nineteenth Century
  • Leoni, E.: Wolozyn : sefer shel ha-ir-shel yeshivat “Ets Hayim”. Tel-Aviv, 1970

Pekarar

Mal:Volozhin Yeshiva

GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Volozhin yeshiva from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.