Jan-Magnus Bruheim

Frå Alnakka.net

Jan-Magnus Bruheim (f. 15. februar 1914 i Skjåk; d. 10. august 1988) var ein forfattar og diktar. Etter endt skulegang arbeidde han på gard nån år føre han begynte som lærar i Vågå i 1957. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.

Skulesentraliseringa på 1960-talet førte til at han slutta i skuleverket, men han fortsette med å drive opplysningsarbeid i fleire år og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.

Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vara ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.

Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og besøkte både USA og Sovjetunionen som medlem av ein norsk freds- og kulturdelegasjon. I 1978 flytta han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, inkludert barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. Han sa at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet sitt. Bruheim kom tilbake til Skjåk for godt i 1985. Han dødde ved heimen sin, Vyuli, i 1988.

Han mottok fleire prisar for forfattarskapen sin; bl.a. fikk han Kirkje- og undervisningsdepartementets premiering for 8 av bøkerne sine, både for samlingar med barnedikt og for bildebøker; han fikk Doblougprisen i 1963 og Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag i 1972. Jan-Magnus Bruheim var onkel til forfattaren Magnhild Bruheim.

Bibliografi (ofullstendig)

Dikt

  • Stengt dør (1941)
  • Nordmed Bångråttjønn (1942)
  • Yta og djupe (1945)
  • På skål-vekti (1947)
  • Spegelen (1950)
  • Ord gjennom larm (1954)
  • Bilete med bakgrunn (1957)
  • Vide er vegane (1960)
  • Strålar over stup (1963)
  • Menneskehagen (1965)
  • Dikt 1941-1966 (1966)
  • Innover viddene (1968)
  • Ved kjelda (1972)
  • Aldri eldest i tidi (1974)
  • Lyrespelaren (1977)
  • Du i meg (1979)
  • Leikande menneske (1982)
  • Flo og fjøre (1984)
  • Årringar (1987)
  • Spegelbrot Aforismer og kortdikt (posthum, 1990)

Barnebøker

  • Skrythøna og andre barnerim (1956)
  • Hornsmeden og andre barnerim (1958)
  • Røyskatten og andre barnerim (1961)
  • Dei kallar meg Jo (1962)
  • Reinsbukken Kauto frå Kautokeino (1963)
  • Grashoppa og andre barnerim (1966)
  • Romferda og andre barnerim (1970)
  • På langferd med Mjo monsemann (1970)
  • Doggmorgon (1977)
  • Norske barnepreiker (1980)
  • Den kvite hjorten (1980)
  • Morgonglede (1986)

Hørespel[1]

  • Myrke strålor (produsert 1949, reprise 1953)
  • Hus under hengefjonn (produsert 1950)

Andre bøker

  • Broren (1970)
  • Ljosringen (1971)
  • Møte i myrkret (1973)
  • I kveldseto (1974)
  • Brevet til kjærleiken (1976)
  • Gapet (1978)
  • Tankefuglar i tunet (1980)

Prisar

Referansar

  1. Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 202

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon