Jaap Schröder
Jaap Schröder (f. 31. desember 1925), òg skreve Jaap Schroeder, er ein barokkfiolinist, dirigent og musikkpedagog frå Amsterdam som blant anna er kjent som konsertmeister för Academy of Ancient Music, inkludert under opptaka Mal:Utav alle symfoniane til Wolfgang Amadeus Mozart. Som lærar har han blant anna undervist ved Schola Cantorum Basiliensis, Yale School of Music og Conservatoire de Luxembourg. Han har òg vore gjestelærar ved fleire skular. I Skandinavia er han i tillegg kjent som ein Mal:Utav lærarane ved Ringve internasjonale sommerkurs.
Jaap Schröder vart fødd den 31. desember 1925 i Amsterdam i Nederland. Han studerte fiolin ved Conservatorium van Amsterdam og seinare i Paris, og han studerte òg musikkvitskap ved Sorbonne i Paris. Etter studia vart han konsertmeister i Hilversum Radio Kamerorkest og medlem i Nederlands String Quartet. I 1975 stifta han strykekvartetten Quartetto Esterhazy, som utførte klassisistisk musikk på orginialinstrument. Kvartetten var aktiv fram til 1981. Frå 1981 var han konsertmeister i Academy of Ancient Music under dirigenten Christopher Hogwood i London. I januar 1982 vart han fast gjesteledar för Smithsonian Chamber Players.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |