Jønnbrød

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
«Jønnbrød» i ordlista
ein jønnbrød, jønnbrødet (dativ ått di jønnbrøda); fleire jønnbrød, alle jønnbrøda (dativ ått all(om) dei jønnbrødom)
Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk för avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto:Hans P. Hosar

Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels somme plassar, er ein type tynne og sprøde kakor laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikt i krumkakejarn — eller enkelte plassar i litt tjukkare utgåve i gorojarn[1]. Namnet jønnbrød blir bruka i Nord-Østerdalen (jøņņbrø, jarnbrø) og Särna (jönnbrö), på Land, i Valdres (jødnbrø), på Oppdal og i Orkdalen frå Berkåk og Rennebu nerover til Meldalen, der dei helst blir kalla jønnbrød. Jønnbrød blir dei elles kalla i Sunndalen og Øksendalen og på ÅlvundeidNordmør òg.[2] Namnet jønnbrød er òg bruka i dei østerdalske nybyggjarbygdene i Bardu[3] og Målselv[4] kommunar i Troms — der jønnbrødtradisjonen för øvrig står så sterkt at Bardu kommune til og med har organisert ei utlånsordning för jønnbrødjønn.[5]. Namnet tynnbakels blir bruka i indre deler av Romsdalen. Namnet avletto, som opprinnelig kjem av det kirkjelige ordet oblat, blir hovudsaklig bruka i Gudbrandsdalen, og dessutan i Folldalen, som tidligare haurde til Gudbrandsdalen. Det blir òg bruka i Eikesdalen, der fleirtalsforma er avlette i nyare dialekt.[6] Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer stekbrød og godbrød.[7]

Gammeldags avlettjønn med langt skaft. Den her typen vart bruka i grua.
Foto: Hans P. Hosar

Innhaldsliste

Jarnet

I tidligare tider vart jønnbrøda steikt i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast veldig lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlige krumkakejarn eller bakelsjarn (vaffeljarn) utvendig.

Eitt av dei riktig gamle avlettjønna kjem frå Beitrusten i Folldalen. Det her jønnet, som er datert 1645, har ein kentaur som hovudmotiv på eine sida og innskrifta “IOHANES SVIENDSØN PAA BLESSEMB HAUVER GIORT DETTE TAFLEGIERN”.[7] Eldre jønnbrødjønn har ofte kristne motiv. Ein undertype av dem er aposteljarn, som har ein sirkel av tolv apostelbilde kring det sentrale motivet på eine sida. Eit slikt jarn datert 1793 frå StøenTynset har ei løve som sentralmotiv på apostelsida med innskrifta “DEN STERKE LØVE AF IUDA HAR TAGET SATAN TIL FANGE” som sentralmotiv på apostelsida. Den andre sida har bladornamentikk kring eit sentralt likearma kors på andre sida, og kring kanten der står det: “NILS OLS SEN OG GIERTTRUD RAS MUS DATTER G”.[7] Innskrifta kring kanten av baksida varierer elles mellom olike jarn.

Nyare type avlettjønn med kort skaft. Den her typen kom med jarnkomfyren.
Foto: Hans P. Hosar

Det geometriske mønsteret innvendig er karakteristisk för dei fleste jønnbrødjønna frå nyare tider, men det går godt an å steikje jønnbrød i vanlige krumkakejarn eller gorojarn (för noko tjukkare jønnbrød) om ein ikkje har jønnbrødjønn.

Oppskrift

Ingrediensar:

3   dl  kremfløyte og/eller rømme
1   dl  vatn
1   ts  salt el. sukker
3,5 dl  byggmjøl eller sammale kveitemjøl

Oppskrifta varierer ein del i detaljane kring i landet. I Målselv er det för eksempel vanlig å ha i litt anis.[8]

I våre dagar blir jønnbrød ofte steikt i krumkakejarn

Framgangsmåte:

Bland alle ingrediensane og lat røra stå i minst ein time. Steik dem ljøsgule i jønnbrødjarn eller krumkakejarn på svak varme (ca 3(–4) min. på kvar side med kokeplata på 160 watt). Jønnbrøda skal ikkje krummast, men stablast flate. Dei held seg i ein lukka kakeboks i mange vekkor.

Fotnotar

  1. På Røros kan dét förekomma i følgje munnlig opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet. Fire andre heimelsfolk frå Ålen og Røros, inkludert Randi Borgos ved Rørosmuseet (15.1.2009) kjenner ikkje til nån eigen jønnbrødtradisjon i området.
  2. Munnlige opplysningar (15.1.2009) frå Tor Erik Jenstad.
  3. «Klart for jønnbrød-kåring» på nettsidone til Bardu kommune.
  4. Opplysning på telefon frå Husfliden Målselv 15.1.2009.
  5. «Jønnbrødjønn til utlån i Bardu kommune» på nettsidone til Bardu kommune
  6. Munnlig opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet.
  7. 7,0 7,1 7,2 Spangen, Amund: «Jønnbrød, stekbrød, godbrød, avletto — kjært barn har mange navn» i Årbok for Nord-Østerdalen, 1992. ISSN 0333-3140
  8. Side 43 av Målselvmat : tradisjoner og oppskrifter. 2. opplag. Målselv : Målselv kommune, 1997.

Pekarar

Personlige verkty