Jødedom

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Jødedommen)
Gå til: navigering, søk
Sjå òg: Emne:Jødedom.

Levande ljøs ein vinterkveld i Esnogaen i Amsterdam.
Foto:Massimo Catarinella

Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift för dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet.

Over dei siste på lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter nån enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i det har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rekkje religiøse prinsipp. Det mest sentrale av dem er trua på éin enkelt, allvetande transcendent Gud som skapte universet og fortsett å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngikk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine ått dem i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga} av dei her lovane og boda slik dei blir tolka av dei olike antikke og moderne autoritetane.

Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlige kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie. I denna tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammelegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur så vel som renessansen, opplysningstida (sjå f.eks. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denna bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle dessa i dialektisk spenning.»)

Slik sett har de mange som opp gjenom tusenåra har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisitet — som det går tydelig fram av den kanskje mest kjente konverteringa, når Rút i Megillàt Rút (ein del av både den jødiske Tenákh og det kristne Gamle testamentet) seier ått Nángomí (Na‘omi): עמֵּךְ עַמִּי וֵֽאלֹהַֽיִךְ אֱלֹהָי׃ “Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!”(Megillàt Rút 1:16)

I mange religionar er det vanlig å dra på valfart til spesifikke helige plassar i løpet av året eller livet — jfr. haddj til Mekka i islam og pilgrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabungót (vekkofesten, jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mulig for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I de fleste utgåvor av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier} ein לְשָׁנָה הַבָּאָה בִּירֽוּשַׁלַֽ‌ִם — «Året som kjem, i Jerusalem

Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger daglig — enten privat eller i synagogen.

Innhaldsliste

Innleiding

Både tradisjonell jødisk tru og de fleste historisk-kritiske forskarar reknar visse trekk som olike frå de andre religiøse kultane som fanst på den tida at jødedommen skilde seg ut som eigen religion. Eitt slikt trekk var monoteismen. Detta trekket var, etter historikaren Yehezkel Kaufman sitt syn, signifikant i og med at jødedommen hevda at Gud skapte — og bryr seg om — menneskja. I polyteistiske religionar rekna ein ofte med at menneska vart skapte ved eit ohell, og at gudane primært er opptekne av forholdet til andre gudar heller enn til menneska.

Eit anna særtrekk er at Toráen spesifiserer at israelittane skal leva etter eit tal bod (613 miṣvót etter rabbinsk jødedom). Andre trussystem på samma tid legg hovudsakleg eller eksklusivt vekt på templa der prestane tilbad gudane sine gjenom ofring. Israelittane hade òg eit system av tempel, presteskap og offerritual — men dessa var ikkje den einaste måten å tjene Gud på.

Monoteisme

Bibelkritikarar er ikkje einige om kva tid monoteismen oppstod i jødedommen. Tradisjonelle jødar hevdar at detta er uttrykt direkte i Toráen, der Gud integrerer detta i Dei ti boda:

«Eg er ADONÁI, guden dokkers, som brakte dokker utur landet Egypt, frå slavehuset. Ikkje vere det ått dokker andre gudar føre åsynet mitt. Ikkje gjer dokker avgudsstatuar eller kva som helst slags bilde som [representerer noko] i himlane ovaför eller <som> på jorda nedaför eller <som> i vatna nedaför jorda; ikkje bøy dokker ått dem og ikkje tjen dem — for eg er ADONÁI guden dokkers, ein streng gud, gjer vitjing för overgrepa ått fedrar på borna og på tredje og fjerde ætteledd ått dem som hatar meg; og gjer godt til tusen [ætteledd] til dem som elskar meg og til dem som vaktar boda mine.» (ordrett omsetting frå 2. mos. 20:2–6 = 5. mos. 5:6–10)

Detta synet blir vidare understreka av det første verset av Sjemáng (5. mos 6:4), som kan omsettast på to måtar:

Slik er altså trua på Guds eksistens, på Guds æve, på Gud som einaste skapar av alt som finst og på Gud som forfattaren av verdshistoria, sjølve fundamentet i jødedommen som religion. Å vende seg bort frå denna trua er å vende seg bort frå Gud og frå essensen av jødisk tru etter den jødiske forståinga av Dei ti boda. Vidare blir det krevd at ein ikkje skal tru på noko anna enn Gud og Gud åleine. Dermed er tru på eller dyrking av fleire guddommar, ander eller inkarnasjonar forbode etter jødisk tru. Idéen at Gud er ein dualitet eller ei treeinigheit er rekna som eit kjettersk syn og som eit steg mot polyteisme.

Det er òg forbode å «gjera [seg] avgudsstatuar eller [...] bilde som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedaføre eller <som> i vatna nedaføre jorda; ikkje bøy dokker ått dem og ikkje tjen dem». Detta blir i jødedommen sett på som eit totalforbod mot alle skulpturar eller bilde som ein sjølv eller andre kan komma til å böye seg for og tjene, inkludert krusifiks og religiøse ikon og alle måleri eller andre kunstnarverk som representerer Gud. Ein må ikkje böye seg for eller tjene noko anna vesen eller objekt enn Gud åleine.

Praktisk gudstjeneste og de 613 boda

Praktisk gudstjeneste inkluderer i jødedommen å helge kvardagslivet til det åndelige nivået i Tempelet i Jerusalem ved å tjene Gud gjenom de vanlige aktivitetane i dagliglivet. Slik er f.eks. matbordet sett på som eit offerbord der ein reinsar seg først (gjønom handvask med tilhørande signing) og òg seier signingar føre og etter maten. Ved sanseinntrykk (særlig syn, hørsel, lukt og smak) finst det særskilde signingar som blir framsagde. Til og med etter dobesøk finst det ei eiga signing. Det heiter tradisjonelt at detta er ein viktig del av kossen kvar jøde kan oppnå eit betre liv i Ngolám habbá (‘verda som kjem’) eller Gan Ngéden (paradis). Merk likevel at det ikkje finst noko enkelt eller eintydig bilde av livet etter døden i jødedommen, og livet etter døden er heller ikkje eit sentralt område i jødisk tru.

Utviklinga av jødedommen

Religiøst syn

Temaet i Tenákh (Den hebraiske bibelen) er israelittane (òg kalla hebrearane) sitt tilhøve til Gud som det attspeglar seg i historia deras frå den første begynnelsen til bygginga av det andre Tempelet i Jerusalem kring 350 fvt. Detta tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på Gud og tiltreknaden til andre gudar og med nokre israelittar — særlig Abrahám, Jangakób (Jakob; seinare kjent som Jisraél) og Mosjé (Moses) — sin kamp med Gud.

Etter trua i ortodoks jødedom og blant de fleste tradisjonelle og/eller religiøse jødar, var Abrahám den første jøden. Den rabbinske litteraturen hevdar at han var den første til å avvise avgudsdyrking og til å preike for monoteisme. Som løn lova Gud at Abrahám skulle få born: “Sjå no til himmels og tel stjernone — om du greier å telje dem;” og [Gud] sa ått honom: “Slik skal han vara, sæden din.” (1. mos. 15:5) Det første barnet til Abrahám var Jisjmangél (Ismael), og den andre sonen hans var Jiṣ’ḥák (Isak), som Gud sa skulle fortsette arbeidet ått Abrahám og arve landet Jisrael (då kalla Kenàngan (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte patriarken Jangakób og borna hans til Egypt, kor de vart gjorde til slavar nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé (Moses) for å berge israelittane frå slaveriet, og etter utgangen or Egypt, leidde Gud dem til Sinaifjellet og gav dem Toráen, for til slutt å føre dem til landet Jisraél.

Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror Aharón (Aron) å vara ein kohén (jødisk prest) i det israelittiske samfunnet. De tjente først i Paktteltet, og seinare hade etterkommarane deras ansvaret for gudstjenesta i Tempelet i Jerusjaláim (Jerusalem).

Straks israelittane kom inn i Jisraél, vart paktteltet sett opp i byen Sjiló og vart varande der i over 300 år medan Gud let store menn og nokre kvinnor forsvara nasjonen mot fiendar som gikk til åtak på dem — nokre av dessa fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Detta er skildra i Sefer Jehosjúang (Josvas bok) og Sefer Sjofetím (Domarane). Etter som tida gikk, sokk det åndelige nivået ått israelittane så djupt at Gud lét filistinarane plyndre paktteltet i Sjiló.

Israelsfolket fortalte da profeten Sjemuél (Samuel) at de hade nådd punktet at de trengte å styrast av ein permanent konge på samma viset som andre nasjonar, som det er skildra i Samuelsbøkerne. Gud visste at detta ikkje var det beste for dem, men gav etter for bønene deras og lét Sjemuél utnemne Sjaúl (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vara kongen deras. Da folket pressa kong Sjaúl til å gå mot ein ordre som Sjemuél gav honom, bad Gud Sjemuél om å utnemne Davíd i staden hans.

Vestmuren (òg kalla «Klagemuren») i Jerusalem er alt som er kjent å stå att etter det andre Tempelet. Tempelberget er den aller heligaste plassen i jødedommen.

Med ein gong kong Davíd hade teke over, fortalde han profeten Natán at han ønskte å byggje eit varig tempel, og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene ått borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hade vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det omulig for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong Sjelomó I av Jisraél (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente Tempelet, etter Guds vilje, i Jerusalem — som det står skrive i Kongebøkerne.

Etter at kong Sjelomó dødde, vart kongedømmet hans delt i de to kongedømma Israel og Jehudá (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud Assyria legge Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hade Jerusalem som hovudstad, vart varande under styret ått Davids hus; men, som det òg hade skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét Babylon legge under seg Jehudá, öydelegge Tempelet som hade stått i 410 år og føre folket i eksil i Babylon med løfte om at de skulle få fridommen sin att etter 70 år. Dessa hendingane er skildra i sefer Jesjang’jáhu (Esaias bok) og sefer Jirmejáhu (Jeremias bok).

Etter sytti år fekk jødane (som innbyggjarane i det tidligare Sørriket (Jehudá) no vart kalla), komma tilbake til Jisraél att under Ngezrá sin ledelse og Tempelet vart attoppbygd, som det står skrive i sefer Ngezrá (Ezras bok) og sefer Neḥemjáhu (Nehemjas bok). Det andre Tempelet i Jerusalem vart ståande i 420 år og vart så öydelagt av den romerske generalen og seinare keisaren Titus i år 70 evt. Det jødiske tempelet vil liggja i ruinar inntil ein etterkommar av kong Davíd ris opp og attopprettar Israels ære og byggjer opp att Tempelet i Jerusalem.

Toráen som vart gjeven israelsfolket på Sinaifjellet vart oppsummert i de fem mosebøkerne. Samen med Nebiím (Profetane) og Ketubím (Skriftene) utgjer han Den skriftlige Toráen. Detaljane og tolkinga av loven, som blir kalla «Den munnlige Toráen», var opprinnelig ikkje nedskrivne. Men ettersom forfølginga av jødane auka og tradisjonen etterkvart stod i fare for å bli glømt, seier den rabbinske tradisjonen at dessa munnlige lovane vart nedskrivne i Misjná og Talmúd, så vel som i andre helige skrifter.

Historisk-kritisk syn

Sjølv om monoteismen er eit grunnleggande drag i rabbinsk jødedom, hevdar fleire kritiske bibelforskarar at visse vers i Toráen impliserer at de tidlige israelittane aksepterte at fleire gudar fanst, medan de såg sin eigen Gud som den einaste Skaparen — og som derfor var den einaste som skulle tjenast — eit henoteistisk syn ikkje heilt olikt kva ein finn i deler av hinduismen.

Etter det dessa forskarane hevdar, vart det først under hellenismen at fleirtalet av jødar kom til å tru at deras Gud var den einaste Gud — og dermed alles Gud — og at Guds openberring av Toráen inneheldt universelle sanningar. Forskarane står for synet at denna nye haldninga reflekterte ei aukande ikkje-jødisk interesse i jødedommen. (Nokre grekarar og romarar rekna jødane som eit svært «filosofisk» folk fordi de trudde på ein Gud som ikkje kunne avbildast visuelt.) Samtidig førte aukande jødisk interesse for gresk filosofi, som søkte å finne universelle sanningar, til (i alle fall potensielt) idéen om monoteisme — i det minste i tydinga at «alle gudar er Éin».

Etter denna teorien begynte jødar å bryne seg på spenninga mellom partikularisme (at berre jødar plikta å overhalde Toráen) og universalisme (at Toráen inneheld universelle sanningar). Det postulerte resultatet er eit sett av trusprinsipp og religiøs praksis som gjeld identitet, etikk og samhøvet mellom menneskja og naturen og menneskja og Gud som undersøkjer og vektlegg «olikheiter» — som f.eks. olikheita mellom jødar og ikkje-jødar; de lokale olikheitene i jødisk praksis; eit skarpt blikk på olikheita i tydingane til tre ord under teksttolking; forsøk på å halde på og kodifisere olike synspunkt innaføre tekstane; og ei relativt markant unngåing av trusprinsipp og dogme.

I motsetning til det ortodokse religiøse synet på Den hebraiske bibelen, postulerer kritiske bibelforskarar òg at Toráen er oppbygd av eit tal inkonsistente tekstar som vart redigerte samen på ein måte som rettar merksemda mot avvikande tradisjonar — sjå dokumentarhypotesen.

Religiøs doktrine og trusprinsipp

Hovudartikkel: Jødiske trusprinsipp.

Medan jødedommen allveg har halde på eit tal jødiske trusprinsipp, så finst det ikkje noka universelt godteken truvedkjenning, nånn fast dogmatikk, nånn fast definert korpus av ortodoks tru eller nånn fullt ut bindande katekisme. Denna pluralistiske haldninga til religiøs lære går attende minst 2 000 år og gjer det vanskelig å gje noka fulldekkjande skildring av jødisk teologi. Enkelte rabbinarar, menigheiter og rørslor har til tider vore einige om faste trussetningar, men samtidig har andre rabbinarar og jødiske gruppor gjerne vore oeinige i detaljane. Sidan det spesifikt ikkje finst nånn sentralisert religiøs autoritet, har normalt ikkje noko spesifikt trusprinsipp vunne over noko anna trusprinsipp.

Da den jødisk-romerske historikaren Josephus prøvde å definere kem som er jødisk, la han vekt på religiøs praksis og tradisjonar heller enn på religiøs tru, og han definerte heresi som avvik i praksis heller enn som avvik i tru. Han viste til at konvertering til jødedommen inkluderte omskjering [av menn] og å binde seg til å halde seg til tradisjonell jødisk praksis. Samtidig er det på den andre sida klårt at trusprinsipp òg kan spela ei rolle, særlig i ortodoks jødedom. Trusprinsipp som ortodoks jødedom reknar som viktige nok til at den som avvisar dem offentlig risikerer å bli rekna som apikoros (‘heretikar’) inkluderer trua på at Toráen vart openberra av Gud.

I løpet av århundra er eit tal klåre formuleringar av jødiske trusprinsipp vortne framsette; mange av dem med visse fellestrekk, men med avvik i mange detaljar. Ei grundig saumfaring av dem viser mykje variasjon i toleransen for olike teologiske perspektiv. Tå alle dessa er den formuleringa som blir rekna som mest autoritativ de tretten trusprinsippa ått Maimonides:

  1. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han skapte og rettleidde alt det skapte; og Han åleine laga, lagar og vil laga alt det lagde.
  2. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er Éin, og det finst ikkje ein skapar som Han blant alle andlet; og Han åleine var, er og vil vara vår Gud.
  3. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, ikkje har kropp, ikkje noko kroppslig kan settast i förbindelse med Honom og Han har ikkje noka som helst slags form.
  4. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er den Første og Han er den Siste.
  5. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han åleine er det rett å be til; og det er ikkje rett å be ått nånn annan.
  6. Eg trur med full tillit at alle profet-orda er sanne.
  7. Eg trur med full tillit at profetiet ått Mosjé (Moses) læraren vår, fred vere med honom, var sant, og at han var far ått alle profetane, de som var føre honom og de som var etter honom.
  8. Eg trur med full tillit at heile Toráen som vi eig no er den Toráen som vart gjeven ått Mosjé, læraren vår, fred vere med honom.
  9. Eg trur med full tillit at denna Toráen ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan Torá frå Skaparen, signe Namnet Hans.
  10. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar ått menneska og alle tankane deras — som det er sagt: «Den som formar hjarta deras alle, Den som skjønner alle gjerningane deras.» (Salme 33:15)
  11. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot vaktarane av boda Sine, og straffar overtrædarane mot boda Sine.
  12. Eg trur med full tillit at Masjíaḥ (Messias) vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
  13. Eg trur med full tillit at de døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og sette minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.

Den tradisjonelle jødiske bokhylla

Ein torárull. Toráen inneheld de fem mosebøkerne — den første av de tre hovuddelene av Tenákh.

Jødane blir ofta kalla «Bokas folk», og jødedommen har ein svært gammel intellektuell tradisjon som fokuserer på tekstbasert torástudium. Det følgjande er ei grunnleggande, strukturert liste over sentrale verk i jødisk praksis og tankegods. For eit meir detaljert oversyn, sjå artikkelen rabbinsk litteratur.

Jødisk lov og interpretasjon

Hovudartikkel: Halakhá.

Grunnlaget for jødisk lov og tradisjon («halakhá») er Toráen (dei fem mosebøkerne) Etter rabbinsk tradisjon er det 613 bod i Toráen. Nokre av dessa boda er retta utelukkande eller hovudsaklig mot menn eller kvinnor; nokre berre til kohaním (kohanittar, prestefamiliar) og leviím (levittar, tempeltjenarfamiliar); nokre berre til de som driv landbruk innaføre landet Israel; og mange galdt berre da Tempelet i Jerusalem stod. Slik er det under 300 av de 613 boda som faktisk er bindande i dag.

Mens ein del jødiske og andre israelittiske gruppor har hevda at den skriftlig overleverte Toráen er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som sadukkearane og karaittane, og òg samaritanarane), held den største gruppa av jødar, de rabbinske jødane, på trua om at det òg finst ein autoritativ munnlig lov. Dessa munnlige tradisjonane vart traderte av farisearane under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i Misjná og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.

Rabbinsk jødedom har allveg halde på at bøkerne i Tenákh — òg kalla «den skriftlige Toráen» — allveg har vorte tradert samen med «den munnlige Toráen». I forsvar for denna tolkinga peikar tradisjonelle rabbinske jødar gjerne på at det i sjølve toráteksten er mange odefinerte ord og mange nemnte prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Detta, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne dessa detaljane frå den andre, munnlige versjonen. Denna parallelle tradisjonen var opprinnelig berre munnlig tradert og kom dermed til å bli kjent som «den munnlige Toráen».

Ved rebbí Jehudá hannassí (kring 200 evt.) si tid, etter Jerusalems öydelegging, vart mykje av detta materialet skrive ned og redigert samen i det som kom til å bli kjent som Misjná. Over de neste fire århundra kom denna nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe hovudsentra for jødedommen på den tida — Israel og Babylon (det novarande Irak), og kommentarane til Misjná frå dessa to samfunna kom til å bli redigerte samen i kvar si skriftsamling — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Dessa att har vorte utlagt med kommentarar frå mange torálærde gjenom århundra.

Rabbinsk halakhá, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbinsk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlige Toráen på den eine sida og den munnlige Toráen, det vil seie Misjná, halakhisk medrásj og Talmúd med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjenom eit presedensbasert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og de nöye gjenomtenkte svara deras blir kalla responsa (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på dessa responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer Misjné Torá, Arbangá turím (Tur) og Sjulḥán ngarúkh. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell asjkenazisk og sefardisk tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.

Kva gjer ein person jødisk?

Hovudartikkel: Kem er jøde?.

Etter rabbinsk halakhá er kvar den som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen i samsvar med jødisk lov rekna som jøde. I karaittisk halakhá, blant samaritanarar og enkelte jødiske gruppor som inntil nylig ikkje hade del i den talmudiske tradisjonen reknar ein derimot farssida som den avgjerande.

I utgangspunktet er det innaføre alle vanlige retningar av jødedommen mulig for ikkje-jødar som oppriktig ønskjer å konvertere å gjera det. Generelt er de ikkje-ortodokse retningane meir opne til detta enn ortodoks jødedom, og innaføre ortodoks jødedom finst det nokre gruppor som motsett seg å utføre slike konverteringar i prinsippet.

I de siste åra har reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom tillate å rekne born av éin jødisk forelder som jødisk i alle tilfelle der borna er oppdregne innaføre den jødiske tradisjonen. Denna praksisen blir ikkje godteken av alle rekonstruksjonistar, og innaføre masorti (konservativ) og ortodoks jødedom blir denna reformen avvist. Born av ein jødisk far og ei ikkje-jødisk mor vil i slike fall mesta allveg bli hjølpte til å konvertere om de ønskjer det.

Jødar som sluttar å praktisere jødedommen er framleis rekna som jødiske, og det samma gjeld jødar som ikkje godtek jødiske trusprinsipp og reknar seg som agnostikarar eller ateistar. Det samma gjeld òg i prinsippet ein jøde som konverterer til andre religionar (som t.d. islām eller kristendom). Men i detta siste fallet misser denna personen statusen som medlem av det jødiske samfunnet (anna enn i fall der konverteringa vart gjort under tvang) og blir kjent som ein fråfallen. I tidligare tider er det sagt at familie og vener ofte markerte ein formell sørgeperiode for ein slik person, men dét skjer svært sjeldant i dag.

Spørsmålet om kva som er avgjerande for jødisk identitet fekk ny aktualitet med opprettinga av staten Israel, og i 1950-åra bad David ben Gurion om syn på spørsmålet מִיהוּ יְהוּדִי («Kem er jøde?») frå jødiske religiøse autoritetar og intellektuelle over heile verda. Spørsmålet er langt ifrå avgjort i politisk forstand og dukkar stadig opp att i israelsk politikk.

Jødisk filosofi

Hovudartikkel: Jødisk filosofi.

Jødisk filosofi som separat disiplin er i stor grad prega av dialektikken mellom studium av generell filosofi og jødisk teologi. Ein tidlig jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på kristendommen enn på jødedom var den nyplatonske filosofen Filo frå Aleksandria. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det novarande Irak, Algerie Marokko, Spania, Portugal og det sørlige Frankrike frå 800-talet til 1400-talet, da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av blant anna Platon og Aristoteles og av muslimsk filosofi. Blant de viktigaste jødiske filosofane frå denna tida kan nemnast Sjelomó ibn Gabiról, Sangad’já Gaón, Mosjé ben Maimón (Maimonides) og Leví ben Geresjón (Gersonides).

Under og etter opplysningstida frå seint på 1700-talet til innpå 1800-talet oppstod haskalá, eller den jødiske opplysningsrørsla. Ein av de første viktige representantane for haskalárørsla var Moses Mendelssohn. Moderne filosofar innaføre den jødiske tradisjonen inkluderer Martin Buber, Franz Rosenzweig, Mordecai Kaplan, Abraham Joshua Heschel, Will Herberg, Emmanuel Levinas, Richard Rubenstein, Emil Fackenheim og Joseph Soloveitchik.

Retningar av jødedommen

Etnisk inndeling

I aller vidaste forstand kan ein seie at jødedommen inkluderer samaritansk religion — ei retning som skilde lag med den øvrige jødedommen for godt over 2000 år sidan. Nærmare i slekt med kvarandre er den indiske gruppa bene Israel, den etiopiske gruppa Beta Esrael, de karaittiske jødane og den mest talrike og utbreidde gruppa, de rabbinske jødane.

Den rabbinske jødedommen kan delast inn i fleire retningar på geografisk, etnisk og tildels religiøst grunnlag. De viktigaste av dessa retningane er asjkenazisk (sentral- og austeuropeisk), sefardisk (vesteuropeisk), mizraḥisk (orientalsk) og jemenittisk jødedom. Mindre gruppor som har spela ein viktig historisk rolle inkluderer italiensk og romaniotisk (gresk) jødedom.

Religiøs og politisk inndeling

Ḥasidisk jødedom utgjer hovudsaklig ein del av det ḥarediske samfunnet, den teologisk mest konservative forma av rabbinsk jødedom.

Over de siste to–tre hundre åra har rabbinsk jødedom delt seg opp i fleire olike retningar med olike syn på religiøse, juridiske og politiske spørsmål. I vår tid er de viktigaste av dessa retningane ortodoks jødedom, masorti jødedom (òg kalla konservativ), rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. I motsetning til kristendommen har den rabbinske jødedommen ikkje opplevd noko gjenomgåande skisme, og de olike retningane av rabbinsk jødedom fortsett stadig å overlappe kvarandre i mange saker. Det er for eksempel ikkje noko ovanlig i at ein masorti jøde går til gudstjenester i såvel ortodokse synagogar som reformsynagogar.

  • Masorti jødedom (Europa og Israel) eller konservativ jødedom (USA var ei retning som tok form i Tyskland og USA mot slutten av 1800-talet gjenom ei samensmelting av to flöyer — tidligare reformjødar som følte seg frammundgjort av den tysk-amerikanske reformrørsla si emfatiske avvising av jødisk lov og tidligare ortodokse jødar som hade avvist trua på at den munnlige Toráen var ofeilbarlig og kontinuerlig frå Guds openberring på Sinaifjellet til Joséf Karo sin Sjulḥán ngarúkh. I staden ville dessa legge meir vekt på kritiske studium av jødiske tekstar og historie. Masorti jødar legg vekt på at jødane er eit folk såvel som ein religion. Konservative lærde legg ofte særlig vekt på förbindelsen til amoraím — de vise debattantane i Talmúd bablí, som var opne for og tok del i debattar og omtolkingar av jødisk lov.
  • (Kristne reknar stundom òg den kristne misjonsreligionen «messiansk jødedom» (som fremjar den kristne trua på Jesus som Messias) som ei retning av jødedom. Men den jødiske sjølvforståinga i heile spekteret frå ortodoks til reform er at denna retninga ikkje fell innaføre jødisk religion, men snarare under kristendommen.)

Mange religiøse/praktiserande jødar ser ikkje på de religiøse retningane som ein gyldig måte å karakterisere jødar på. I staden klassifiserer de jødar etter graden av religiøs praksis etter deras eige religiøse utgangspunkt. De fleste ortodokse jødar meiner at de jødane som ikkje held lovane for sjabbát, jom tob (helgdagar), kasjrút (kosthaldslovane) og tahoràt hammisjpahá (lovane om menstruasjon og familiereinskap) lyt reknast som ikkje-religiøse. Tilsvarande vil de seie at kvar jøde som held minst dessa lovane (i tolkinga deras) oftast blir definerte som religiøse/praktiserande.

Jødisk bøn og rituell praksis

Bøn

Hovudartikkel: Jødiske bøner og gudstjenestor.
Ein temaní (jemenittisk jøde) med ein kippá (kalott) på haudet og ein telíth (tallét, bønesjal) kring seg. Boksane som er festa på panna og eine overarmen med reimer er tefillín (bønereimer). De lange sidelokkane som er typiske for temaním og asjkenazím blir kalla peót. Bokrullen han held er ein megillá.

I rabbinsk jødedom er det tre daglige gudstjenestor på vanlige dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ngarbít (‘kvelds’). (Mange asjkenazím kallar kveldsgudstjenesta maʿarív i staden.) Alle dessa gudstjenestone inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ngamidá» (‘ståande’). Ngamidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særlig blant asjkenazím er det vanlig å kalle ngamidáen «sjemoné ngesré» (‘18’), ettersom ngamidáen i tidligare tider omfatta atten bøner på vanlige kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart detta talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáng Jisraél» (‘Hør, Israel’). Denna bøna blir lesa under sjaḥarít og ngarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.

Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstjenestor kan seiast både i fellesgudstjenesta og som privat bøn. Unntak frå denna regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heligbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. (Olike gruppor definerer minjánen noko olikt — med asjkenazisk ortodoks jødedom som berre tel jødiske menn og gutar over 13 år på den eine sida av skalaen, og rekonstruksjonistisk jødedom som tel både kvinnor (over 12 eller 13 år) og menn (over 13 år), så lenge de har minst éin jødisk forelder.

Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved olike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.

Det finst eit tal vanlige jødiske religiøse symbol og objekt som blir bruka under bøn. Talléten er eit jødisk bønesjal. Ein kippá (ofte òg kalla jármelke blant asjkenazím) er ein kalott mange jødiske menn og nokre kvinnor dekkjer hauda sine med under bøn og elles når ein er i synagogen. Mange ortodokse jødar, særlig asjkenazím, har kippáen på seg heile dagen. Tefillín (bønereimer) er boksar som inneheld pergamentlappar med sitat frå Toráen som blir sett på som pålegg om å skrive orda på armen og binde dem mellom augone. Tefillín blir bruka av de fleste praktiserande jødiske menn og nokre praktiserande jødiske kvinnor (særlig kvinnor frå ikkje-ortodokse, praktiserande jødiske miljø). Ein brukar tefillín under morgongudstjenesta på de fleste kvardagar, og stundom under ettermiddagsgudstjenesta på enkelte fastedagar (men aldri på jom kippúr, på jom tób eller sjabbát).

Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom de olike greinene av jødedommen. Medan alle vanlige undergruppor av rabbinske jødar brukar det samma materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjenomfører offentlig eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved olike høve og kva språk ein brukar for de olike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsettingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom dessa ytterpunkta.

Sjabbát

Hovudartikkel: Sjabbát.

Sjabbát, den jødiske kviledagen som varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang blir feira til minne om Guds kviledag etter de seks skapingsdagane slik de er skildra i Første mosebok. Sjabbáten spelar ei sentral rolle i jødisk praksis, og ein stor del av halakhá (jødisk religiøs lov) dreier seg om lovar, skikkar og føreskrifter for sjabbát. Mange reknar sjabbáten som den aller viktigaste jødiske høgtida.

Jødiske høgtider

Hovudartikkel: Jødiske høgtider.

Dei jødiske høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Somme helgdagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket.

Dei tre valfartshøgtidene: Tre høgtider feirar openberringa ved å minnast olike hendingar under israelittane sin utgang av Egypt for å vende attende til Kenàngan. Dessa høgtidene ligg òg ved årstider som passar med viktige punkt i landbruket i Israel. Dessa tre høgtidene er òg valfartshøgtider da israelittane reiste til Jerusalem for å ofre i Tempelet.

  1. Pesaḥ, òg kalla jødisk påske, blir feira til minne om utgangen av Egypt og fell dessutan samen med bygghausten i Israel. Detta er den einaste av de tre valfartshøgtidene som i dag legg meir vekt på feiring heime, på sedermåltidet med lesing av Haggadáen, enn på markering i synagogen. Pesaḥ fell på den 15. nisán. Nisán er den første månaden i den religiøse jødiske kalenderen til minne om at det var i denna månaden at israelittane forlét Egypt. Frå dagtid på den 14. nisán til etter solnedgang ved utgangen av den 21. eller 22. nisán (avhengig av tradisjon) er det forbode etter halakhá å eta og eiga noko slags ḥaméṣ — gjæra eller syra mat som inneheld noko av de fem kornslaga bygg (fire- og seksradsbygg), toradsbygg, durumkveite (inkludert spelt), brødkveite (inkludert emmer) eller einkorn. (Og i praksis òg rug og triticale.) Som førebuing til denna høgtida tek oppleitinga av ḥaméṣ og reingjeringa i praksis form av ei grundig vårreingjering.
  2. Sjabungót, òg kalla vekkofesten eller jødisk pinse, finn stad sju vekkor etter pesaḥ og er ei markering av Mosjé (Moses) si gjeving av dei ti boda til israelittane og markerer samtidig slutten av bygghausten og begynnelsen av kveitehausten.
  3. Sukkót, òg kalla lauvhyttefesten, markerer minnet om israelittane si vandring i öydemarka. Høgtida blir markert ved at ein sett opp småe, meir eller mindre kåteaktige, hyttor (sukkót, cabañas) som representerer de daglige krypinna israelittane bygde seg på vegen gjenom öydemarka. Sukkót fell samen med frukthausten og markerer slutten på det israelske landbruksåret.
kippúr, den aller viktigaste jødiske helgdagen, fastar og bed jødar som soning for syndene sine. (Måleri: Maurycy Gottlieb (1878))

Dei høge heligdagane:

  • Rosj hasjaná, òg kalla jom hazzikkarón (‘minnesdagen’) eller jom teru‘á (‘sjofárblåsingsdagen’) blir ofte kalla «jødisk nyår» fordi denna dagen markerer den sjette dagen av skapingsverket. Denna dagen fell på 1. og 2. tisjré og markerer begynnelsen av det jødiske sivile året. Det er òg ei bergingshøgtid og markerer begynnelsen på den ti dagar lange soningsperioden som munnar ut i kippúr.
  • Kippúr, eller soningsdagen, er den jødiske bots- og bededagen. På denna dagen er alle religiøst myndige jødar pålagte å faste og be om tilgjeving for alle synder ein gjorde seg skyldig i i året som gikk. Kippúr er den aller viktigaste høgtidsdagen i det jødiske året og den einaste av høgtidene som har like strenge helgdagsbod som sjabbát.

Mindre høgtider:

Blant fleire mindre høgtider kan nemnast ḥanukká, som feirar atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter makkabearane sitt opprør mot det gresk-syriske selevkiddynastiet; og purím, som er ein karnevalliknande fest med opplesing av megillàt Estér (Esters bok) og minnest kossen Estér og onkelen hennar, Mordekhái, berga dei persiske jødane da den vonde Hamán konspirerte mot dei for å utslette dei.

Torálesing

Hovudartikkel: Torálesing.

Kjernen i sjabbát- og heligdagsgudstjenesta er den offentlige lesinga av Toráen etterfølgd av opplesing av haftaráen — utvalte avsnitt frå dei andre bøkerne av Tenákh. I løpet av året les dei fleste rabbinsk-jødiske samfunna heile Toráen, og syklusen begynner på nytt att kvar haust under høgtida simḥat Torá (‘glede over Toráen’). I andre jødiske samfunn, slik som i Galilea før korstoga, har det vorte bruka ein syklus på tre eller tre og eit halvt år i staden. Ein del ikkje-ortodokse jødiske menigheiter brukar ein treårssyklus som ikkje er basert på den galileiske torásyklusen, men på ei underdeling av eittårssyklusen.

Synagogar og andre jødiske bygningar

Hovudartikkel: Synagoge.
Interiør av Den portugisiske synagogen i Amsterdam. Vi tebáen (lesarplattforma) i forgrunnen og Hekhál (arka) i bakgrunnen.

Synagogar er jødiske bede- og studiehus som vanligvis inneheld eitt eller fleire rom spesifikt for gudstjenestor, mindre rom for studium, og ofte òg eitt eller fleire rom til utdaning og sosiale funksjonar. Utover at ein synagoge normalt aldri er korsforma, finst det ikkje noka allmenngyldig planlöysning som er felles for alle synagogar. Eit gudstjenesterom i ein synagoge har vanligvis nokre eller alle av dessa kjennetekna:

  • Ei ark (kalla Hekhál av sefardím og aron kódesj av asjkenazím) der torárullane blir oppbevart. Arka har ofte ein parókhet (forheng) enten innaför eller utaför arkdörene.
  • Ei stor, opphøgd plattform som sefardím kallar tebá, tyske og polske asjkenazím kallar almemmar eller balemmer og austeuropeiske asjkenazím kallar bima. Denna plattforma kan liggja midt i rommet, attast (typisk sefardisk og romaniotisk) eller fremst (vanlig i asjkenazisk jødedom, særlig i ikkje-ortodokse menigheiter). Denna plattforma blir bruka til torálesing, og i sefardiske og nokre asjkenaziske synagogar blir heile gudstjenestone leia derifrå.
  • Eit evig lys (ner tamíd), ei lampe fremst i rommet som allveg skal vara tent og som er eit minne om den allveg brinnande sjuarma menoráen (lysestaken) i Tempelet i Jerusalem.
  • I asjkenaziske synagogar har ein òg ofte ein preikestol fremst i synagogen som det blir preika frå og ein ngamúd — ein lesepult framføre arka som ḥazzánen (kantoren) leier gudstjenestone frå.

I tillegg til synagogar finst det òg andre bygningar og institusjonar som har viktige religiøse funksjonar i jødedommen. Eksempel på slike er ḥadarím (eintal «ḥeder», grunnleggande religionsklasse) jesjibót (eintal «jesjibá, vidaregåande religiøs læreinstitusjon) og mikvót (eintal «mikvé», rituelt bad).

Kosthaldslovar (kasjrút)

Hovudartikkel: Kasjrút.

Kasjrút er omgrepet for dei jødiske kosthaldslovane. Mat som kan etast etter jødisk religiøs lov blir kalla kasjér (frå hebraisk) eller koscher (gjønom tysk og jiddisch frå hebraisk); og mat som ikkje kan etast blir oftast kalla taréf/terefá (hebraisk) eller treif (jiddisch). Det går fram av Tredje mosebok at målet med kasjrút er å auke graden av rituell reinheit og heligdom, men samtidig òg helse. Kasjrút inneber å unngå å eta dyr som sjølve er rovdyr eller åtselsdyr. Dermed er det t.d. forbode å eta rovdyr, rovfuglar, sjøpattedyr og ofisk (inkludert hai, steinbit, marulk (breiflabb) og skaldyr). I tillegg er det forbode å blande pattedyrkjøtt (dei fleste inkulderer òg fugl) og mjølk i samma måltidet, sidan detta blir sett på som brott på bodet om ikkje å koke kjeet i mjølka av mora si. Dei fleste ortodokse, konservative og andre tradisjonelle jødar (inkludert mange rekonstruksjonistiske jødar) følgjer dessa lovane i ein eller annan grad.

Familiereinskap (tahoràt hammisjpaḥá)

Hovudartikkel: Tahoràt hammisjpaḥá.

Lovane om niddá (menstruerande kvinne) og ymse andre lovar som set rammeverket för kossen menn og kvinnor samhandlar med kvarandre (f.eks. ṣeningút, blygskap i klesvegen) er særlig blant ortodokse jødar sett på som svært viktige element i jødisk livsførsel. I meir liberale retningar av jødedommen er tendensen at dessa lovane blir rekna som mykje mindre viktige. Loven om niddá krev at samleie ikkje kan finne stad medan kvinna framleis har menstruasjonsblødning, og når sjølve menstruasjonen er over lyt ho telja sju «reine» dagar og deretter lauga seg i ein mikvé føre ho kan ha samleie att.

Livssyklus

Livssyklusen blant jødar inneheld overgangsritar som stadfestar identiteten og hjölper til å halde det jødiske samfunnet samen:

Tidlig barndom:

  • Berít milá — omskjering, namngjeving og velkomstseremoni for jødiske gutar åtte dagar etter fødselen.
  • Zebed habbát — namngjeving og velkomstseremoni for jødiske jentor, oftast i løpet av dei tretti første dagane etter fødselen. (Denna seremonien har hovudsaklig italiensk og sefardisk opphav, og er først sidan slutten av 1900-talet begynt å bli vanlig i asjkenazisk jødedom under ymse namn.)

Pubertet: Ved tolv og tretten års alder blir jødiske jentor og gutar rekna for religiøst myndige og er frå no av ansvarlige for å halde alle boda i Toráen på samma vis som vaksne jødar.

Familieliv:

Sjukdom:

Død og sorg:

Jødedommen og andre religionar

Kristendommen og jødedommen

Sidan Holocaust har det vore mykje arbeid for forsoning mellom nokre kristne gruppor og det jødiske folket. For meir om detta, sjå forsoning mellom kristne og jødar.

Jødar for jesus

«Messiansk jødedom» eller hebraisk kristendom er fellesnamn for eit tal kristne gruppor som inkluderer olike gradar av jødisk praksis. Mange av dessa gruppone arbeider målretta med misjon retta mot jødar og har oppnådd å trekke til seg fleirfaldige tusen jødar og kristne. Dessa gruppone blir sett på med sterk ovilje av alle retningar av jødedommen, som typisk sett ser på dei som meir eller mindre fordekte og oærlige misjonærar for kristendommen. Dei messianske gruppone sjølve nektar vanligvis at detta er tilfelle.

Mormonartrua og jødedommen

Hovudartikkel: Mormonartrua og jødedommen.

Om eit medlem av Dei siste dagars helige har stadfesta jødisk arv og avstamming, blir denna personen rekna for å vara av Judas stamme og blir dermed rekna som både mormonar og jøde av mormonske autoritetar.

Jødedommen og islām

Hovudartikkel: Islām og jødedommen.

Mange jødiske samfunn har lege under muslimsk styre i kortare eller lengre periodar innaføre de siste mesta 1500 åra, og detta har ført med seg eit samspel mellom dessa religionane på godt og vondt. Perioden kring 9001200 i det maurisk-styrte Andalucía i det sørlige Spania kom til å bli kjent som «den gylne tidsalderen for jødisk kultur i Spania». Da jødane vart utviste frå det da kristne Spania i 1492, vart de kollektivt inviterte til å busette seg i Det osmanske riket — eit tilbod mange nytta seg av.

1900-talet har fiendskapen ein del muslimske og mange islamistiske leiarar har vist mot sionismen, den politiske rørsla for jødisk sjølvstyre i det historiske landskapet Israel/Palestina, ført til ny interesse for spørsmålet om samhøvet mellom jødedommen og islam.

Sjå òg:

Kjeldor

  • Dosick, Wayne: Living Judaism: The Complete Guide to Jewish Belief, Tradition and Practice.
  • Encyclopaedia Judaica. CD-ROM Edition. Keter Publishing, 1997
  • Gillman, Neil: Conservative Judaism: The New Century. Behrman House.
  • Gurock, Jeffrey S.: American Jewish Orthodoxy in Historical Perspective KTAV, 1996.
  • Guttman, Julius: Philosophies of Judaism JPS, 1964. (oms. av David Silverman)
  • Holtz, Barry W. (red.): Back to the Sources: Reading the Classic Jewish Texts.. Summit Books
  • Johnson, Paul: A History of the Jews. HarperCollins, 1988
  • Mayer, Egon, Kosmin, Barry og Keysar, Ariela: «The American Jewish Identity Survey»; ein del av The American Religious Identity Survey, City University of New York Graduate Center. Ein artikkel om denna undersøkinga er trykt i The New York Jewish Week, 2. november 2001.
  • Utne, Olve: «Generelt om jødisk religion og kultur»Hassafon
  • Weber, Max: Ancient Judaism. Free Press, 1967. ISBN 0029341302
  • Wertheimer, Jack: A People Divided: Judaism in Contemporary America. Brandeis University Press, 1997.

Sjå òg

Jødar og jødedom

Jødisk lov og religion

Samenliknande

Pekarar

Skandinaviske pekarar

Norge

Sverige

Danmark

Utanlandske pekarar

Allment

Ortodoks / moderne ortodoks / ḥasidisk

Masorti (konservativ) jødedom

Reformjødedom

Rekonstruksjonistisk jødedom

Humanistisk jødedom

Karaittisk jødedom

Jødisk religiøs litteratur og tekstar

Torástudium-prosjekt på Wikimedia

Tekststudieprosjekt på Wikisource. I mange fall er den hebraiske versjonen av dessa prosjekta kommen mykje lengre enn andre språkversjonar (som t.d. engelsk).


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty