Jødar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Jødar er medlemmar av religionen jødedom og/eller medlemmar av ei folkegruppe, eller ei gruppe nærskyldte folkegruppor, som hovudsaklig praktiserer jødisk religion.

I si tilsynelatande motsetning mellom ein klår etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk utbredelse og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klår definisjon ikkje olike de tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe/folkegruppor.

Legal definisjon av ‘jøde’ etter halakhá

Etter rabbinsk-jødisk religiøs lov (sjå → Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller (2) om du har konvertert til jødedommen. Nån andre jødiske gruppor reknar farsarven som avgjerande för om nån er jødisk. I dei moderne rabbinsk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nån som jødisk enten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ein jødisk oppdragelse.

Prestar og levittar

I fölgje Bibelen var israelsfolket opprinnelig inndelt i tolv stammar. Det her stammesystemet braut i hovudsak samen för over 2000 år sidan, med unntak av Levi (levittane), med si undergruppe kohaním (prestar). Dei her to gruppone har framleis sine spesifikke rollar i synagogen — noko som kan ha vore med på å halde oppe identiteten deras. Stammetilknytinga blir, i motsetning til det å vara jøde, arva på farssida.

Konvertering

Det jødiske synet på misjon og konvertering har variert mykje gjenom historia og varierer òg mykje mellom olike jødiske gruppor. I asjkenazisk ortodoks jødedom er hovudsynet at misjon er olovlig og at konvertering bør vara ein lang prosess med høge krav. Andre retningar av jødedommen har för det meste meir toleranse for misjon og ein noko enklare konverteringsprosess — noko som fører med seg at ikkje-ortodokse konverteringar ofte ikkje blir godtekne av ortodokse rabbinarar.

Etnisk inndeling

Viktige etniske undergruppor av jødar inkluderer dei relativt nærskyldte sefardiske, italkiske og asjkenaziske jødane, og i tillegg mange undergruppor av mizraḥiske jødar. Gruppor som skil seg sterkare ut inkluderer blant anna Beta Esrael frå Etiopia og bene Israel frå India.

Språk

I dei fleste jødiske gruppone er hebraisk det grunnleggande språket för kulturelt samenbindande religiøse ritual, inkludert livssyklusritual. Dei tradisjonelt sétt viktigaste unntaka er Beta Esrael og bene Israel, som hade mist hebraisk som språk ein gong före nyare tid. Viktige språk med halvsakral status inkluderer arameisk i dei fleste jødiske gruppone, og lokalt òg språk som jødearabisk, spansk, djudíospanjol (jødespansk), portugisisk, gresk og jiddisch.

Morsmål har tradisjonelt vore eitt av språka nemnt ovaför eller andre lokale språk i området der ein budde.

Blant asjkenazím har jiddisch vore morsmål sidan mellomalderen, og sjølv om talet på jødar med jiddisch morsmål er sterkt redusert i vår tid, har språket enda breid appell som kulturelt ikon blant asjkenazím — særlig i Europa og Nord-Amerika

Hebraisk gikk utur bruk som morsmål ein gong kring begynnelsen av den vestlige tidsrekninga, men var gjenomgåande bruka i religiøs samenheng ved sida av arameisk og etterkvart arabisk. Frå kring 1000-talet av vart hebraisk bruka i aukande grad för dikting, jødisk teologi, filosofi og vitskap.

Som muntlig spontanspråk har hebraisk vore i bruk i varierande grad i handel, jødisk utdaning og internasjonalt samkvem meir eller mindre kontinuerlig. I Éreṣ Jisra’él (det historiske Israel, deler av det historiske landskapet Palestina) har hebraisk vore mykje i bruk (ved sida av arabisk og djudíospanjol) blant sefardím og mizraḥím sidan slutten av 1400-talet.

Hebraisk som morsmål vart attinnført av hovudsaklig asjkenazím med grunnlag i lokal sefardisk dagliguttale sist på 1800-talet.

Matkultur

Ein vesentlig samlande faktor för jødar som etnisitet er matkulturen. Det er særlig tre faktorar som bind dei olike tradisjonane samen:

Jødar i Norge

I hovudtrekk har asjkenazím vore nekta innreise og busetting i Norge frå 1600-talet og fram til 1814, med enkelte periodar der innreise (men ikkje busetting) let seg gjera med leidebrev. Sefardím hade derimot för det meste innreise- og bustadsrett före 1814, men svært få benytta seg av det.

Frå 1814 av var det totalt innreiseförbod för alle jødar. Sefardím fikk bekrefta innreise- og busettingsretten av den norske høgsteretten att i 1845, men asjkenazím fikk ikkje innreise- og bustadsrett före grunnlovsendringa i 1851.

Sidan slutten av 1800-talet har det eksistert jødiske trussamfunn i Oslo og Trondheim. På første halvdelen av 1900-talet var det småe jødiske samfunn i byar som Bergen, Drammen og Kristiansund òg, men dei her samfunna vart stort sett lagt øyde under andre verdskrigen med nazistane sin deportasjon av norske jødar i 1942 til dødsleirane i Auschwitz.

I dag er jødar offisielt definert som nasjonal minoritet i Norge.

Sjå òg

Kjeldor


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty