Islām

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Islām
Kruszyniany Mosque.jpg
Skrifter og lovar
al-Qur’ān
(Koranen)

Ḥadīth - Sunna
súrah - fiqh - fatwa
sharíah - hisba
Dei fem søylone
sjahādah (truvedkjenning)
salah (bøn)
zakāt (almisser)
ramadān (fastemånaden)
haddj (valfart til Mekka)
Helige plassar
Mekka - Medina
Al-Quds (Jerusalem)
Nadjaf - Karbala
Sakralbygg
moské - minaret
mihrab - qiblah
Ka’abah
Geistlege
muaddhin - imam
mullah - ayatollah
mufti
Sentrale personar
Muhammad
Aisja - Ali
følgjesveinene til Muhammed
profetar i islām
Merkedagar
Hidjra
Det muslimske året
aid ul-fitr
aid ul-adha
(aid al-kabir)
ʕāsjūrāʕ - arbaʕín
Andre søylor i islām
djihād
Retningar
Sunniskular:
Madhhab: hanafi - hanbali
djafari - maliki - shafi'i
Kalam: asjari - djabriyya
maturidi - murdjiti - mutazili
qadariyya

Sjíʕahskular:
ithna asjaria - ismailiyah
zaiddiyah - alawi - alevi

haridjisme:
sufri - azraqi - ibadi
Andre rørslor:
sufisme - wahhabisme
salafisme
liberal islām
aḥmadiyyā - zikrisme
Nation of Islam
5%-nasjonen
druzisme - yezidisme
Moskéen i Åkebergvn. i Oslo i 1995.
Foto:Olve Utne

Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge.

Innhaldsliste

Etymologi

Ordet islām kjem av de arabiske rotkonsonantane S-L-M, og blir omsett med overgjevelse til Guds vilje, eller òg med lydigheit. Av andre arabiske ord med samma rot finn vi salām og salām ‘alaikum, som betyder (Guds) fred og (Guds) fred (vere) med dokker og er vanlige helsingsformer, samt muslim, som betyder ein som underkastar seg Gud.

Sentrale trekk ved islām

Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg för menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. Eit tidligare mykje brukt omgrep om muslimar er muhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart vorte mindre bruka.

Muslimar meiner at den viktigaste skriftlige openberringa til menneska er al-Qur’ān (Koranen), som de ser på som den endelige og feilfrie openberringa til menneska. Tidligare skrifter, som evangelia, Tawrāh (توراة; Toráen) og jødiske profetiske skrifter blir også sett på som guddommelige i natur, men det muslimske synet er at dessa har vorte glømt, mistolka eller förvridd slik at den originale bodskapen har försvunne over tid.

Den grunnleggande truvedkjenninga i islām er sjahādah: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muḥammad er Guds tjenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله ). Islām blir skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor.

Stockholms moské (Foto: Gabriel Ehrnst Grundin)

Seks trusartiklar

Seks grunnleggande trusartiklar blir delt av alle muslimar:

  1. Trua på éin Gud.
  2. Trua på alle profetane (nabi) og bodbringarane (rusul) sendt av Gud. Islām reknar at det har vore rundt 124 000 profetar, av dessa var 313 også bodbringarar. Av dem er 25 sett særlig høgt (ulul azmi) og er nemnte med namn i al-Qur’ān.
  3. Trua på bøkerne (kutub) sendte av Gud:
  4. Trua på englane (mala’ika). Ti av dessa blir sett særlig høgt og er nemnt med namn i al-Qur’ān og hadíth.
  5. Trua på dommedag (qijama) og på livet etter døden.
  6. Trua på skjebnen (qadar).

De fem søylone

De to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjiˤah-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, kring 85–90%, men sjiˤah-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islām sine grunnleggande pillarar blir referert til som De fem søylone i islām, medan sjiˤah-islām har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggande røter i religionen og ti grunnleggande greiner. Muslimar har til felles de følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som de fem søylone og sjiˤah-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:

Islamsk endetidslære

Islamsk endetidslære er oppteken av qijama, endetida, og den endelige dommen over menneska. Etter islām skal de rettferdige lønast med gledene i Djannah (paradis), medan de orettvise skal straffast i Djahannam (helvete).

Gud

Grunnleggande i islām er Guds einheit, tawhid, ein absolutt monoteisme. I «Sura al-Ikhlas» (kap. 112) blir Gud skildra slik:

Sei, han er Gud, Ein. Gud, den Evigvarande. Ikkje har han ole nån, og ikkje har han sjølv vorte olen. Ingen er liken Hans

På arabisk blir Gud kalla Allāh. Ordet har etymologisk samenheng med ʾiláhguddom’ og er i slekt med det hebraiske Él, som vi finn att i Elohím, ‘Gud’. Allāh blir òg bruka som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden de dyrkar er den samma som den jødiske og kristne guddommen, men de avviser den kristne læra om Guds treeinigheit. Med unntak av eitt begynner alle kapitla i al-Qur’ān med setninga I namnet ått Gud, den miskunnsame, den nåderike.

Moskéen

Muslimske sakralbygg blir kalla moskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn — helst fem gonger daglig, men mange kjem berre på fredagen, som er den viktigaste vekkodagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnone sitt i eit eige rom i moskéen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kalla imam, ledar bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva som muaddhin (muezzin), å kalle til bøn frå minareten kvar moské har.

al-Qur’ān

Ei side i ein handskreven andalusisk koran frå 1100-talet.

Al-Qur’ān (Koranen) er den mest helige skrifta i islām. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islām blir sett på å vara al-Qur’ān.

Muslimar trur at al-Qur’ān vart openberra til Muḥammad av Gud gjenom erkeengelen Gabriel i åra 610632 evt. I tillegg til å ha lært Muḥammad sine openberringar utanått skal følgjesveinane hans ha skreve dem ned. Muslimar trur at al-Qur’ān i dag er den samma som den som vart openberra Muḥammad og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av al-Qur’ān som er i bruk i dag først vart ihopsett i skriftlig form av den tredje kalifen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sendte da kopiar til de olike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåvor skulle øydeleggast.

Dei fleste muslimar meinte frå tidlige tider at al-Qur’ān berre var perfekt og fullstendig i det språket han vart openberra, arabisk. Omsette utgåvor av al-Qur’ān blir difor ofte presentert som qur’ānkommentarar eller som fortolkingar av al-Qur’ān si tyding.

Al-Qur’ān er inndelt i kapittel (arabisk: «sura») og vers (arabisk: «ayat»). Kapitla er sortert i rekkefølgje med de lengste først, oavhengig av kva de handlar om eller kva tid Muḥammad tok imot dem.

Ḥadīth-skriftene

Ḥadīth-skriftene er skrifter som viser til orda og gjerningane ått Muḥammad og følgjessveinane hans. Samlingar av ḥadīthskrifter er rekna som eit viktig verkty i tolkinga av sjariʕa (islamsk lov). Muslimske skriftlærde deler gjerne ḥadīth-skriftene om Muḥammad inn i tre gruppor:

  • ḥadīth-skrifter om Muḥammad sine ord (qawl)
  • ḥadīth-skrifter om Muḥammad sine gjerningar (fi'l)
  • ḥadīth-skrifter om kva Muḥammad såg som positivt i andre sine gjerningar (taqrir)

Ei eiga undergruppe av ḥadīth, ḥadīth kudsi blir av muslimar sett på som Guds ord, oppattekne av Muḥammad.

Retningar i islām

Det finst ei lang rekkje undergrupper av islām. Dei to viktigaste grupperingane islām kan delast inn i er sunni-islām og sjíˤah-islām, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjiˤah- og sunni-muslimar, blir rekna for å vara den mystiske retninga av islām.

Sunni-muslimane er den største gruppa innaför islām; grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vara sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstavelig tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islām viser til tradisjonen etter Muḥammad. Sjiˤah-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innaför islām og skil seg frå sunniane gjenom at de ikkje aksepterer de tre første kalifane, gjenom eigne lovtradisjonar og gjenom den sentrale rollen gjeven til ˤAli og til imamane. Både sunni- og sjíˤahislām er inndelt i ei rekkje undergruppor. Ei tredje gruppe som daterer tilbake til den store skisma i islām er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter dessa.

Det finst også andre mindre muslimske gruppor som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni- eller sjiˤah-muslimar, og dessutan gruppor som i varierande grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i mindre grad blir allment akseptert som muslimar av andre. Blant dessa finn vi zikri-religionen, Nation of Islam, druzarane, alawittane og aḥmadiyyā-rørsla.

Historie

Viktige hendelsar

Islām i Norge

Minaret og leikeplass i muslimsk stil på Grønland i Oslo. (Foto: Eirik Newth)

Islām er den nest største religionen i Norge. I 2003 budde det trulig kring 115 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Norge.[1] Av dessa var kring 80 000 medlemmar i 92 muslimske trussamfunn i 2004. Om lag 60 000 av dessa bur i Oslo og Akershus.[2] De aller fleste muslimane i Norge har innvandrarbakgrunn. Det islamske miljøet i Norge er sterkt fragmentert, men mange moskéar er organisert under paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

Historikk

I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidligare hade sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen. Samenlikna med andre europeiske land starta innvandringa frå muslimske land seint i Norge, og denna innvandringa nådde ikkje merkbart nivå före slutten av 1960-åra. I 1975 vart det innført innvandringsstopp, men reglane för familiegjenföreining var relativt avslappa i nån år etter det.

Medlemmar i muslimske trussamfunn i Norge
1980 1 006
1990 19 189
2000 56 458
2004 80 838
(kjelde: Statistisk Sentralbyrå)

Talet på muslimar i Norge vart første gong registrert i offisiell statistikk i 1980, da det vart oppgjeve til 1 006. Denna statistikken er basert på medlemskap i ei registrert menigheit, og det er svært trulig at det låge talet kom av at få muslimar var medlemmar av ein moské. Religionshistorikaren Kari Vogt anslær at 10 % av norske muslimar var medlemmar av ein moské i 1980, medan denna andelen hade auka til 70 % i 1998. Det å skulle vara medlem av ein moské var eit frammundt konsept for innvandrarar frå muslimske land, men i Norge er det nødvendig for moskéane å operere med medlemslister fordi statstilskott til religiøse menigheiter er basert på medlemstal. Talet på medlemmar har auka kraftig de siste åra.

I slutten av 1990-åra passerte islām den katolske kirkja og pinsevenene og vart dermed den største minoritetsreligionen i Norge. I 2004 var medlemmane i muslimske trussamfunn fordelt på 82 registrerte og 10 oregistrerte menigheiter. 60 000 av muslimane (kring 75 %) og 40 av menigheitene var å finne i Oslo og Akershus.

Bakgrunn

Norske muslimar er ei svært fragmentert gruppe som kjem frå mange olike bakgrunnar. Kari Vogt anslo i 2000 at det var kring 500 norske konvertittar til islām. Resten er for det meste første- eller andregenerasjons innvandrarar frå ei rekkje land. De største innvandrargruppone frå muslimske land i Norge er frå Pakistan, Irak og Somalia — sjå tabell.

Opphavsland Tal
Pakistan 27 675
Irak 20 076
Somalia 18 015
Bosnia-Hercegovina 14 822
Iran 14 362
Tyrkia 14 084
(2006. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå)

Ein okjent, men trulig høg, del av dessa innvandrargruppone er muslimar. Detta viser at den største gruppa norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan, men ingen enkelt nasjonalitet utgjer så mykje som ein fjerdedel av den totale mengda.

Moskéar

Det Islamske Forbundet i Bergen sin moské, som de fleste andre moskéar i Norge i eit vanlig byhus.

Den første moskéen i Norge var Islamic Cultural Centre, som vart opna i Oslo i 1974. Initiativtakarane var pakistanarar som fikk hjelp frå det Islamic Cultural Centre som alt hade opna i København. Den nye moskéen følgte deobandi-retninga av sunni-islām. De som følgte barelwi-retninga, som utgjorde fleirtalet av pakistanarane i Norge, kjente snart behovet för sin eigen moské og opna Central Jama'at-e Ahl-e Sunnat i 1976. Detta er i dag den störste moskéen i Norge, med over 5 000 medlemmar. Etterkvart som den muslimske befolkninga auka, auka òg talet på moskéar raskt. Medan det samla talet på muslimar var lågt, var det naturlig at mange olike grupperingar kom ihop i ein moské. Men etter kvart som olike innvandrargruppor auka i antal oppstod ønskjet om eigne moskéar for gruppor frå olik nasjonalitet, språk og trusretning. Den første sjiˤah-muslimske menigheita, Anjuman-e hussaini, vart grunnlagt alt i 1975, og tidlig på 80-talet oppstod eigne marokkanske og tyrkiske moskéar.

Moskéane har vore viktige, ikkje berre som stader för bøn, men òg som møtestad for medlemmane av minoritetsgruppor. Fleire moskéar driv òg olike former for sosialt arbeid; blant anna har enkelte av dem organisert heimsending av avdøde medlemmar til fødelandet for gravlegging. Moskéane er stort sett plassert i vanlige bygårdar og er ikkje lett synlige i gatebildet. Inntil 2005 hade det berre vorte bygd éin moské spesielt for formålet, World Islamic Mission sin moské i Åkebergveien i Oslo, frå 1995. I 2000 vart denna moskéen òg den første som begynte med adhan — bønerop. Moskéen fekk først løyve frå Gamle Oslo bydel til å halde adhan ein gong i vekka. Dette vedtaket vart anka av Framstegspartiet til fylkesmannen i Oslo og Akershus, men hans konklusjon var at det slett ikkje var nødvendig med løyve for bønerop, og moskéen stod dermed fritt til å utøve adhan etter eige ønskje.[3] De velte i første omgang likevel å avgrense seg til éin gong i vekka.

Islamsk Råd Norge

Det finst ein paraplyorganisasjon for muslimske menigheiter i Norge, Islamsk Råd Norge (IRN), som vart oppretta i 1993. Utviklinga av muslimske trussamfunn i Norge hade i 1980-åra gått i retning av fragmentering, ettersom fleire nye moskéar vart oppretta för nye muslimske grupperingar utan at det fanst nån samlande organisasjon som kunne representere muslimane overfor det norske samfunnet. Det som utløyste eit nærmare samarbeid mellom menigheitene var ein invitasjon frå Mellomkirkelig Råd. Rådet ville gjerne etablere permanent kontakt mellom kristne og muslimske organisasjonar. Frå muslimsk side vart forslaget godt motteke, men på den tida fanst det ikkje nån enkelt organisasjon som kunne representere muslimane i eit slikt forum. Den største moskéen, Central Jama'at-e Ahl-e sunnat, tok initiativet og starta prosessen som førte til stiftinga av Islamsk Råd Norge den 22. oktober 1993 — frå starten med fem moskéar som medlemmar. Rett etterpå vart Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge oppretta. I mars 2006 har IRN 20 medlemsorganisasjonar, inkludert ein paraplyorganisasjon för Rogaland som i sin tur omfattar sju moskéar. I 1999 vart det anslege at kring halvparten av muslimane i Norge var med i moskéar som var med i IRN. Albanske, bosniske, pakistanske barelwi og deobandi, arabiske, tyrkiske, somaliske og gambiske moskéar er med i IRN. Sidan 1996 har IRN òg vore med i Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn, som omfattar alle de store religionane i Norge.

Andre organisasjonar

Nor moskéFrogner huser minoritetsgruppa aḥmadiyyā.

Andre muslimske organisasjonar som går på tvers av enkelte menigheiter finst òg. I 1991 vart Islamsk Kvinnegruppe Norge (IKN) stifta etter initiativ frå den norske konvertitten Nina Torgersen, og i 1995 kom Muslimsk Studentsamfunn ved Universitetet i Oslo. Den islamske stiftinga Urtehagen vart oppretta i 1991 av Trond Ali Linstad og dreiv først barnehaga og ungdomsklubb. I 1993 søkte Linstad for første gong om å få opprette ein muslimsk friskule. Arbeidarpartiregjeringa avslo søknaden i 1995 fordi det ville vara “ugunstig fOr barnas integrasjon”. Med regjeringsskiftet til sentrumsregjeringa i 1997 søkte Linstad igjen, og i 1999 vart søknaden godkjent. I august 2001 opna Urtehagen friskole med 75 elevar. Men interne konfliktar på skulen førte til at han vart nerlagt våren 2004.[4]

Islām og andre religionar

Bahá’í

Jødedom

Kristendom

Sikhisme

Hinduisme

Sjå òg:

Kjeldor

  • «Islam»Nynorsk Wikipedia
  • «Islam i Noreg»Nynorsk Wikipedia
  • Nielsen, Jørgen S.: Muslims in Western Europe (Edinburgh, 1992)
  • Vikør, Knut S.: Islam, ei faktabok. Spartacus, 2002
  • Vogt, Kari: Islam, tradisjon, fundamentalisme og reform. Cappelen, 2005
  • Vogt, Kari: Islams hus, verdensreligion på fremgang. Cappelen, 1995

Pekarar

Generelt

Norge

Liberal

Aḥmadiyyā

Sunni

Sjíˤah


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty