Ishac Aboab da Fonseca

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Isaac Aboab da Fonseca

Ishac Aboab da Fonseca (f. 1.2.1605 i Castro Daire, d. 4.4.1693 i Amsterdam) var ein portugisarjødisk rabbinar, kabbalist og författar. Frå 1642 var han ḥakhám i K″K Ṣur Israel i Mauritsstad i Pernambuco) i det novarande Brasil, og frå 1654 var han overrabbinar för den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han er blant anna kjent för å ha vore med i mangamáden (menigheitsrådet) som lyste Baruch Spinoza i bann på grunn av gudssynet han la fram i skriftene sine.

Innhaldsliste

Tidlige år

Den ihopslegne Amsterdam Esnoga, bygd 1639. Gravering av I. Veenhuysen.

Simaõ da Fonseca vart fødd tisdag den 1. februar[1] 1605 i Castro Daire i det nordlige Portugal ått föreldra David Aboab og Isabel da Fonseca, som begge var novos cristãos (conversos, bené anusím). Sjølv om familien offisielt hade konvertert til kristendommen, leid familien stadig under antisemittiske fordommar og mistankar frå Den portugisiske inkvisisjonen. Da Simão enno var liten, flykta familien til St. Jean de Luz rett nordom den spanskfranske grensa. Det ser ut til at David dødde der, og i 1612 flytta enkja Isabel og sonen Simaõ til Amsterdam, der nån slektningar av David alt budde. Da dei kom ått Amsterdam, gikk dei straks tilbake til jødedommen att, og Simão tok i bruk det jødiske namnet Ishac Aboab da Fonseca (förenamnet vart òg skreve Yshac, Yshack o.a.). I ungdomstida studerte både Ishac og jamnaldringen Menasseh Ben Israel med Isaac Uziel. I 1626, da Isaac Aboab da Fonseca var berre 21 år gammel, fikk han stillinga som ḥakhám ved K″K Beth Israel i Amsterdam. Han beheldt den stillinga fram til Beth Israel og dei to andre portugisarjødiske samfunna vart ihopslegne i 1639. Han fikk bekrefta ei stilling i den nye Esnogaen i Amsterdam òg, og han fortsette arbeidet sitt der fram til 1642.

Mauritsstad (Recife)

Mauritsstad i 1645. Gravert av Pieter Schenk på grunnlag av ei tekning av Frans Post.
Isaac Aboab da Fonseca. Illustrasjon i ei bok utgjeve i 1661.

I 1642 vart Ishac Aboab da Fonseca, som da var 37 år gammel, tilsett som ḥakhám ved K″K Ṣur Israel i Mauritsstad (Recife) i den nederlandske kolonien Pernambuco i det novarande Brasil. Pernambuco hade vorte okkupert frå Portugal av Nederland i 1630, og mange av europearane som budde i området var conversos frå Portugal som hade flykta unna Den portugisiske inkvisisjonen i heimlandet — berre för å finne at Inkvisisjonen tok til å bli aktiv der òg kring slutten av 1500-talet. I og med det nederlandske styret fikk dei friheit til å leva ope som jødar. I tillegg til esnoga hade samfunnet både mikvé (rituelt bad) og to jesjibót: Talmúd Torá og Ngeṣ Ḥajjím. Da Ishac Aboab da Fonseca vart tilsett som ḥakhám der, vart han den aller første rabbinaren nån plass i heile Den nye verda. I 1649 braut det ut stridigheiter mellom Nederland og Portugal att. I 1654 atterobra Portugal Pernambuco i 1654, og heile det jødiske samfunnet laut flykte. Ein del av medlemmane immigrerte til Nieuw-Amsterdam (det novarande New York City), og andre att reiste tilbake ått Amsterdam. Ishac Aboab da Fonseca reiste frå Mauritsstad med eit fransk skip i september 1654, og etter eit kort opphald i Nieuw-Amsterdam, vendte han tilbake til Amsterdam.

Seine år

Måleri av interiøret i den nye esnogaen i Amsterdam kring 1680. (Emanuel de Witte)

Da han kom tilbake ått Amsterdam, vart Ishac Aboab da Fonseca utnemnt til hovudrabbinar för det portugisarjødiske samfunnet i byen, som hade havt felles esnoga sidan 1639. I 1653, medan Menasseh Ben Israel var på reise England, var han medlem av mangamáden som sette filosofen Baruch Spinoza i ḥerem (bann), ei avgjerelse som har vore rekna som kontroversiell i ettertida. Dei åra at Ishac Aboab da Fonseca var hovudrabbinar den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam blir elles rekna som ei storheitstid: Den novarande Esnogaen i Amsterdam vart bygd, og vart innvigd på ngereb sjabbát naḥamú 10. ab 5435, eller på fredag den 2. august 1675. Ishac Aboab da Fonseca dødde 88 år gammel laurdag den 4. april 1693 i Amsterdam.

Verk

Bøker

  • 1661 - Parafrasis Comentada sobre el Pentateuco. Amsterdam, 1661.
    (Ei kommentert attförteling av Mosebøkerne.)
  • עשיתי לנפלאות אל זכר
    (Ei beretning om krigen mellom Nederland og Portugal i Brasil, opubl. i levetida hans)

Prekor

  • 1669 - «Sermão en Memoria de Abraham Nuñez Bernal»
  • 1669 - «Sermão Funebre en Memoria de Dr. Joseph Bueno»
  • 1675 - «Sermão no Alegre Estreamente e Publica Celebridade da Esnoga»
  • 1678 - «Sermão [...] por HatanTorah Sr. Yahacob Israel Henriques»

Fotnotar

  1. Etter den gregorianske kalenderen.

Kjeldor


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty