Imarsundsambandet

Frå Alnakka.net
Imarsundprosjektet: Litlsundbrua, vegen over Jørnøya og Imarsundbrua sett frå Ertvågsøya.
Foto:Olve Utne

Imarsundsambandet er eit bru-, veg- og ferjesambandsprosjekt som tok sikte på å gjera trafikkårone på Nordre Nordmør meir effektive. Prosjektet hadde fire hovuddeler:

  1. Bygging av to bruer over Imarsundet som erstatning for ferjesambandet AukanVinsternes.
  2. Bygging av ny veg i samband med bruene.
  3. Bygging av ny veg til SandvikaTustna.
  4. Bygging av ny ferjekai i Sandvika.

Prosjektet vart fullført våren 2007.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Imarsundprosjektet» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.