Hollendartida

Frå Alnakka.net

I skandinavisk historie er hollendertida eit omgrep for perioden frå kring 1500 til kring 1800/1850[1], spesielt i samband med kysthistoria på Sørlandet, Austlandet og på Vestlandet og heilt opp til Nordmør.

1500- og 1600-talet vart Nederland den ledande skipsbyggjarnasjonen på det europeiske kontinentet. For å halde på denna posisjonen trongst det tilgang på store mengder tømmer av god kvalitet; for å laga skipsplankar treng ein lange, rette tre med nok spenst til å kunna bøyast og samtidig nok fastheit til å tola hardt vêr. Nederland var fattig på eigna skog, medan Norge hadde store mengder tømmer som kunne kjøpast til ein rimelig pris. Dermed begynte ein omfattande handel mellom Nederland og norske ladestader.

I Nederland trongst det òg tømmer til fundament under store bygningar. Amsterdam er bokstavelig tala bygd norsk tømmer.

Hollendarane hadde òg med seg varor for sal. Keramikk var ei viktig vare; og ganske sikkert er det slik at noko av keramikken hadde flytande innhald da varone kom fram til norske hamner.

I tillegg til at skogeigarar og sagbrukseigarar kunne tjene godt på handelen, kom han òg ladestadene til gode på ein svært direkte måte, ettersom det var eksporttoll på tømmer. Tollinntektene frå tømmereksport var mange stader enorme, og annan handel og industri vaks opp som følgje av velstanden. Dermed kunne mange av ladestadene greie seg godt økonomisk etter at tømmereksporten vart borte òg.

Fotnotar

  1. Varigheita av hollendartida varierer frå ladestad til ladestad; 1850 blir rekna som ei øvre grense, men mange stader begynte ho å komma på hell alt kring 1750.


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon