Hjell

Frå Alnakka.net
“Hjell” kan òg ha andre tydingar, sjå Hjell (fleirtyding).

«Hjell» i ordlista
Mal:Ordliste hjell
Tørrfiskhjell på Å.
Foto:Olve Utne

Ein hjell eller fiskhjell, òg stundom kalla ei fiskhesje, er eit stativ som blir bruka til å henge fisk på utadørs til tørking til tørrfisk. Hjellar har truleg vore bruka i tørrfisktilverkinga sidan mellomalderen, og dei er framleis mykje bruka til tørking av skrei — og i nyare tid sei òg, sjå nedafor.

Seihesje på Hovden i i Vesterålen.
Foto: ARJ

Tidlegare var det berre muleg å henge fisk på hjell i vinterhalvåret, sidan det lett gikk mark i fisken om sommaren. Dermed var det ikkje lett å utnytte seifisket om sommaren til fulle. Men i 1912 fann Jens Eriksen frå Bø i Vesterålen opp den trekanta seihesja. Ho var oppbygd slik at fisken hang mykje luftigare, og dessutan vart dei to halvdelene av kvar fisk haldne lenger frå kvarandre. Dermed vart forholda for luftige til at marken kunne gjera noko særleg skade.

Kjeldor

Straume, Rolv: Bø bygdebok, bind III. Tromsø : Bø kommune, 1964.

Pekarar

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hjell» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.