Henrik Johansson Ganander

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander

Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent för verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk.

Henrik Johansson Ganander gifta seg i 1730 med Katarina Johansdotter Tornberg (17131744) frå Kengis i Pajala, og dei fikk seks born: Johannes (f. 1733), Birgitta (f. 1735), Katarina Valborg (1737–38), Henrik (f. 1739), Thomas (f. 1741) og Ephrain (f. 1743).

Sjundeå kyrka i Sør-Finland, der Henrik Ganander var kyrkoherde dei siste leveåra sine.
Foto:XmaceX

Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.

Kjeldor og pekarar

Personlige verkty