Helgeland

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Nordhelgelandsflesa på grensa mellom Gildeskål og Meløy er tradisjonell nordgrense for Helgeland.

Helgeland er ein region og eit landskap i Nordland fylke som går frå grensa til Nord-Trøndelag fylke i sør og opp til Saltfjellet og området Salten i nord. Regionen har kring 78 000 innbyggjarar og dekkjer litt under 18 000 km². Han omfattar kommunane Alstahaug, Brønnøy, Dønna, Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Herøy, Leirfjord, Lurøy, Nesna, Rana, Rødøy, Vefsn, Vega, Sømna, Træna og Vevelstad, og sidan 1600-talet òg Bindal (tidl. under Namdalen). Tidlegare vart Meløy kommune rekna til Helgeland, men i dag blir han sett på som ein del av Salten. Regionen har ikkje nånn eigen administrasjon, men kommunane har mykje samarbeid seg imellom.

Namnet Helgeland har samma opphavet som «Hålogaland».

Geografi

Kystområda på Helgeland har ein vidstrakt skjergard med fjordar som strekkjer seg eit godt stykke innover i regionen. Innover mot grensa til Sverige finst det store skog- og fjellområde, med Oksskolten som det høgaste fjellet.

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Helgeland» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty