Hebraisk

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Hebr.)
Gå til: navigering, søk

Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet.

Innhaldsliste

Bibelsk hebraisk

Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen / Det gamle testamentet. Bibelsk hebraisk er særprega av eit etter måten komplekst verbsystem og utbreidd bruk av pronominale endingar. Ei tydelig utvikling kan sjåast frå det heller enkle språket i Toráen til de meir komplekse uttrykksformene med større ordförråd og meir indirekte/poetiske uttrykksformer i Nebiím (Profetane) og Ketubím (Skriftene).

Misjnaisk og rabbinsk hebraisk

I perioden etter det babylonske eksilet ser vi ei tydelig auke i påverknaden frå arameisk i form av lånord og i form av grammatisk forenkling av ein type som er typisk for fleirspråklige samfunn. Det er oklårt i kva grad hebraisk framleis var aktivt som morsmål eller ikkje — men hebraisk var definitivt i stadig bruk og under språklig utvikling. Det hebraiske språket som vi ser det i Misjná har eit noko enklare infleksjonssystem og fonologisk system enn bibelsk hebraisk og mange lånord frå arameisk, persisk, gresk og latin (eks.: פמיליא pemaleyá (frå latin familia)).

Moderne/israelsk hebraisk

Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk blir gjerne sett på som «attoppliva» av Eliezer ben-Yehuda.

Tre syn på israelsk hebraisk

Eit relativt utbreidd syn er det ått den konservative leiren som hevdar at israelsk hebraisk er eit reint semittisk språk, og at alle avvik frå bibelsk hebraisk er som substandard variasjon å rekne.

Lingvisten Paul Wexler (författar av de kontroversielle bøkerne The Schizoid Nature of Modern Hebrew: A Slavic Language in Search of a Semitic Past (1991), The Ashkenazic Jews: A Slavo-Turkic People in Search of a Jewish Identity (1993), og The Non-Jewish Origins of the Sephardic Jews (1996)) representerer den revisjonistiske leiren som hevdar at moderne hebraisk eigentlig er jiddisch med hebraisk vokabular — og i tillegg at jiddisch i sin tur eigentlig er eit slavisk språk.

Lingvisten Ghil‘ad Zuckermann (D.Phil., Oxford; författar av Language Contact and Lexical Enrichment in Israeli Hebrew (2003)[1]) meiner at israelsk hebraisk (som han kallar for 'israelsk') er eit semittisk/indoeuropeisk hybridspråk med hebraisk og jiddisch som primære utgangsspråk, og språk som russisk, polsk, engelsk, djudíospanjol (òg stundom misvisande kalla «ladino») og arabisk som sekundære kjeldor.

Pekarar

Språkkurs

  • RosettaStone er eit gratisprogram for læring av hebraiske ord. Det inneheld 4 000 glosar (!), er Java-basert og kan kjørast på både Macintosh og Windows. Ein må ha ei «Java Virtual Machine» (hmm... heiter det noko anna på norsk, tru?) installert på datamaskina for å kjøre programmet. Utvikla av Ben Stitz.

Bøker om eller på hebraisk utgjevne i Norge

  • Kongeriget Norges Grundlov af 17de Mai 1814 : med tillæg og ændringer til dags dato / udgivet og oversat paa hebraisk af M. Aschkanaze. Christiania : Didriksen, 1904. V, 46 s. [Forord på norsk og fransk. Lovtekst på hebraisk.] [2]
Personlige verkty