Harr

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
«Harr» i ordlista
ein harr, harren (dativ ått di harra); fleire harrar, alle harrane (dativ ått all(om) dei harrom)
Harr
Harr. Foto: Christian Maier
Harr.
Foto: Christian Maier
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Underfamilie: Thymallinae
Slekt: Thymallus
Art: T. thymallus
Vitskaplig namn
Thymallus thymallus

Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; sørsam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enares. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanlig mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanlig i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo.

Ein stor harr fiska i Finland.
Foto: Orjatar

Innhaldsliste

Bruk

Harr er ein god matfisk. I samisk matkultur har feittet kring tarmane på harren tradisjonelt vorte bruka til å sprengje mjølka för å laga reinost.

Andre harrfiskar

Arktisk harr

Yunnanharr

Miljø

Ved utbygging av vassdrag blir harrbestanden markant redusert, men ikkje i like stor grad som aurebestanden.[1]

Fotnotar

  1. Nilsson, Olle W. (red.): Fiskeboka : 175 norske fisker i fersk- og saltvann. Pedagogisk information AB, 1979.
Personlige verkty