Hagbarth Emmanuel Berner

Frå Alnakka.net

Hagbarth Emmanuel Berner eller Hagbard Emanuel Berner (f. 12. september 1839 i Sunndalen; d. 24. januar 1920 i Kristiania) var ein norsk politikar og bladmann som er mest kjent for rollen sin som den første sjefsredaktøren i avisa Dagbladet (1869–79) og som første ledaren i Norsk Kvindesagsforening (1884–1885).

Oppvekst og utdaning

Hagbarth Emmanuel Berner vart fødd i 1839 i Sunndalen som son ått sokneprest og avhaldspionér Ole Christian Berner (18071865) og Laura Nicoline Berner, f. Collin.[1] Alt tre år seinare, i 1842, flytta familien til Sogndal, der faren hadde fått stilling som sokneprest. Hagbarth utdana seg til jurist (cand.jur. 1863). I 1865 fikk han Universitetets gullmedalje for ei avhandling om de frammunde kjeldone for Den norske grunnloven.

Bladmannen

I ungdommen var han med i Døleringen kring Aasmund Olavsson Vinje, og i tillegg skreiv han i Dølen og i Henrik Krohn si Ferdamannen og var medarbeidar i Vort Land. Frå 1869 til 1879 var han redaktør i det nystarta Dagbladet, som under ledelsen hans vart hovudorganet for partiet Venstre og samtidig eit kulturorgan.

Politikaren

I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget, og i 1881 var han med og starta de første folkevæpningssamlaga; tidlegare hadde han vore formann i Kristiania skytterlag i perioden 186979. Frå 1880 til 1888 var han stortingsrepresentant frå Akershus amt. I 1883 var han med i tiltalenemnda i riksrettsaka mot ministeriet Selmer. Frå 1892 til 1912 var han borgarmeister (rådmann) i Kristiania som den tredje i rekkja. Han var òg med i ei rekkje kommisjonar for utgreiding av økonomiske og finansielle spørsmål, og han arbeidde for ei betring av ordningane for landbrukskreditt. Arbeidet hans førte blant anna til nye reglar for hypoteklån på skog i 1897. Berner var talsmann for ei ny valordning med forhaldstalsval og folkeavstemningar.

Kvinnesak

I 1884 vart han den første ledaren i Norsk Kvindesagsforening, som han og Gina Krog hadde etablert samma året. Han var tilhengar av gradvis reform og ville arbeide for stemmerett i kommuneval først. Han sa frå seg ledarrollen alt året etter i protest mot at det meir radikale synet til Gina Krog (full stemmerett) vart presentert offentlig med foredraget «Stemmeret for Kvinder» den 25. november 1885.[2]

Målsak

Berner gjorde ein stor innsats for målsaka òg; i tillegg til at han skreiv i Dølen og Ferdamannen, var han med og stifta Det Norske Samlaget, der han vart den første formannen (1868–1877).

Fotnotar

  1. Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Fødde og døypte 1839, side 39.
  2. «Hagbart Emanuel Berner (1839-1920)» på Stemmerett.no.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hagbard Emanuel Berner» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.