Skilnad mellom versjonar av «Habdalá»

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Habdala.jpg|Habdalá. Illustrasjon frå eit spansk manuskript frå 1300-talet.}} '''Habdalá''' eller ''havdalá'' (hebr. {{he|…»)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 22:56

Fil:Habdala.jpg
Habdalá. Illustrasjon frå eit spansk manuskript frå 1300-talet.

Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]), jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid.

Habdaláen markerer allveg overgangen frå meir helig til mindre helig. Det fulle ritualet frå sjabbát til kvardag på ein laurdagskveld (når denna kvelden ikkje er høgtidsdag), inneheld dessa elementa:

  1. Ein tenner eit levande ljøs (gjerne eit fletta ljøs eller eit ljøs med fleire veikar)
  2. Ein innleiingsdel — denna delen varierer mellom olike jødiske retningar og etter om ein gjer habdalá i synagogen eller heime.
  3. Signing av ein bekar med kasjér vin eller druejus. (Ein drikk ikkje vinen enno.)
  4. Signing av velduftande krydder. Ein luktar på kryddera.
  5. Signing av elden.
  6. Signing av skilnaden mellom helg og kvardag.
  7. Ein drikk så vinen eller jusen og sløkkjer det levande ljøset att.

Mal:Google 2